Feature

Oblivion Remastered

Slik er det å spele Oblivion i 2025

Me har fått eit par knappe timar med PC-versjonen av den oppussa moderne klassikaren. Det er ei enorm forbetring frå originalen.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Tysdag ettermiddag dukka The Elder Scrolls IV: Oblivion opp i ei rykande fersk Unreal Engine 5-drakt på både Xbox, PC og PlayStation.

Tenk det!

Det er ikkje akkurat overraskande at Bethesda kjem med ein nyversjon av eit spel, men dei har aldri vore i nærleiken av ei så stor oppussing som dette.

Gamer.no kjem med ei komplett melding av spelet. I mellomtida har me tatt ein rask kikk på PC-versjonen, og deler vårt førsteinntrykk og våre tankar om nye Oblivion.

Alt er nytt

Den fredfulle musikken til Jeremy Soule fyller øyra mine mens eg skriv denne teksten.

Eg har sakna det å vandre rundt i dei fargerike landskapa i Cyrodiil.

Det er Virtuos som har fått ansvaret med å bygge spelet opp att i Unreal Engine 5, og det er ikkje berre grafikken som har fått nytt liv.

Omtrent alle systema i spela er moderniserte.

Oblivion anno 2006 vs. Oblivion 2025. Du kan jo gjette kva som er kva.

Eg fekk ikkje skjermbildene heilt til å fungere i gamle Oblivion, så eg måtte ta ein spansk ein og ta skjermbilde av ein video. Derfor er det med ein fin Nvidia-logo.

Uansett.

Utviklarane har lagt til meir stemmeskodespel, dei har pussa opp lagersystemet, dei har endra korleis nivå fungerer og har tatt kampsystema inn i 2025.

Det er til og med mogleg å løpe. Då eg skulle tilbake i 2006-spelet for å ta samanlikningsbilde, er kanskje mangelen på løping det som aller mest viser alderen til spelet.

Det verkar eldgammalt.

Nye Oblivion er totalt overlegent forgjengaren grafisk sett. Også Skyrim.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Utviklarane meiner nyversjonen er Oblivion i sin mest komplette form.

Me kjem tilbake til kva alle endringane gjer med heilskapsinntrykket og sjela av Oblivion i meldinga vår, for det treng me litt meir tid til å reflektere over.

Me hoppar rett til det PC-tekniske.

Omfattande meny

Eg blir møtt med ein typisk Unreal Engine 5-innstillingsmeny. Det som er verkeleg ikkje er typisk for Bethesda og The Elder Scrolls, er ulåst bildefrekvens og glidebrytar for synsvinkel.

Spelet støttar oppskaleringsteknikkar som DLSS, FSR og XeSS, og har også innebygd støtte for bildegenerering.

Både maskinvarestøtta og mjukvaredriven strålesporing er på plass.

Det gjer at både skuggar og teksturar får refleksjonar i vatn, og det utgjer ein betydeleg forskjell for lyset i spelet.

Eg hugsar enno kor skuffa eg var av Special Edition av Skyrim i 2016. Oblivion Remastered står i sterk kontrast til det.

Det er enorm forskjell frå Oblivion til Remaster-utgåva.

Ekstremt krevjande å køyre

Dette gjeld også ytinga.

Eg har ikkje hatt tid til å teste veldig grundig enno, men det er liten tvil om at spelet er ekstremt krevjande å køyre med alt på maks.

Detaljnivået på grafikken i Remaster-versjonen er på ein heilt anna planet.

Utstyrt med RTX 5090, verdas kraftigaste gamingskjermkort, ligg bildefrekvensen rundt Imperial City på 55 i 4K.

Eg logga bildefrekvensen min gjennom fem minutt i den opne verda, der eg sprang rundt, kjempa mot fiendar og brukte magi.

Då enda altså snittet i bildefrekvens på 55. Minste-FPS låg på 38. Snittet auka til rundt 70 med DLSS på Quality-nivå. Utan strålesporing, med DLAA, ligg snittet på 65 / 45.

Eg har reist ein del rundt på kartet og prøvd å finne område med lågare yting, for bildefrekvensen varierer ein del frå stad til stad.

Nye eventyr ventar over neste ås. Men kva skjer med mod-støtte når spelet går over til Unreal Engine? Det er enno uklart.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Då eg først reiste til Kvatch og blei møtt med regntunge skyer, tok eg ei måling på eit lite minutt og fekk eit snitt på 46 / 33. Bildefrekvensen klatra opp til 55 / 38 igjen då vêret kom seg.

Desse målinga er med strålesporing på maks.

Regn og volumetriske effektar ser ut til å vere det aller verste. Ein bildefrekvens på 40 med RTX 5090 vil vel også seie at optimaliseringa ikkje er heilt i mål.

Som forventa?

Dette er Bethesda, trass alt. Eg hadde ikkje forventa den heilt store poleringa, men no har dei jo hatt 19 år på seg.

Kanskje kunne dei venta eit par veker til. Nuvel.

Noko grafisk smårusk er det også, utan at eg har merka noko til krasjing eller andre store problem i mine få timar med spelet.

Refleksjonar fungerer ikkje som dei skal. Viss eg vender meg slik at noko er mellom meg og vatn, vil teksturen reflektere på vatnet og følge kameraet.

Refleksjonane på reflektive overflater er øydelagde. Legg merke til linja i vatnet. Det er skuggen av sverdet mitt, som openbert ikkje skal vere der.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det blir fort irriterande når eg spring rundt med sverd, og ser refleksjonen følge meg langs vatnet uansett kvar eg går.

Står eg med vatn og ser gradvis opp, forsvinn refleksjonane frå vatnet. Starfield hadde det same problemet ved lansering, så me får satse på at dette blir ordna.

Det er ikkje eit skikkeleg Bethesda-spel utan småfeil. Eg har ikkje sett fleire døme på dette, men teksturar i full diskomodus skjer her og der.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er uansett sjeldan ein god ide å kjøpe noko på lanseringsdagen. Den bodskapen gjentar me stort sett i kvar einaste artikkel som dette, for det høyrer til unntaka at PC-spel er polerte ved slepp.

Blir fort betre

Nvidia ohar ikkje kome med drivar til spelet enno, og det vil sannsynlegvis gi endå litt betre yting. AMD har allereie kome med sin drivar.

Heldigvis er det mykje å hente med å skru ned ein del innstillingar.

Ultra, High og Medium-nivåa ser stort sett greie ut. Det er først på Low-nivået at skuggane køyrer full epilepsi-modus og spelet er direkte ubehageleg.

Her har eg tatt nokre rundar utan maskinvaredriven strålesporing, i skodda rett ved landsbyen Water's Edge:

Innstillingsnivå (4K, PNY RTX 5090, DLAA)Snitt FPS1 % minste-FPS
Ultra (Lumen hardware, ultra)4939
Ultra (Lumen software, low)5744
High8262
Medium9462
Low11073

High-nivået ser ut til å vere gullhårsonen for grafisk kvalitet og yting. Rett nok vil maskinvaredriven strålesporing gjere mykje for lyskvaliteten i spelet.

Det største irritasjonsmomentet er nok hakking ved lasting av nye område. Eg opplever ikkje det veldig ofte, men det skjer meir enn det bør gjere.

Me får krysse fingrane for at det blir luka vekk på sikt.

Konklusjon

Eg har berre spelt to timar av The Elder Scrolls IV: Oblivion Remastered. Dette er derfor eit reint førsteinntrykk av PC-versjonen, men steike, altså.

At me skulle få dette.

Bethesda og Virtuos har ein del jobb å gjere enno, det er det ikkje tvil om. Det er teknisk kluss i sann Bethesda-stil, og ytinga er ikkje der den bør vere enno.

Likevel er denne oppussinga langt betre og betydeleg meir omfattande enn eg hadde forventa.

Det blir spennande å sjå kva min kollega Andreas Bjørnbekk landar på i si melding av spelet.

Sjølv er eg utruleg imponert. Eg har sakna Cyrodiil og gleder meg verkeleg til å fordjupe og fortape meg i spelet endå ein gong.

Men no har eg ikkje tid til å skrive meir. Eg skal spele Oblivion.

Siste fra forsiden