For dei av oss som har levd ei stund er lyspistolen eit stykke spelhistorie som lenge såg ut å vere borte for alltid. Teknologien som styrte lyspistolane døydde med CRT-skjermane, og sjølv nokre tapre forsøk på Wii, og PlayStation Move, var ein era brått over.
Det kanskje best kjende lyspistolspelet er Duck Hunt på Nintendos første konsoll, men dei gav seg ikkje der, og lanserte like så godt ein bazooka til Super Nintendo.
Arkadehallane florerte med lyspistolspel, og spesielt har eg gode minner til Area 51-spelet frå Midway.
I 1995 kom Namco med sitt etter kvart klassiske lyspistolspel Time Crisis, og det er det som er motivasjonen bak G'AIM'E Time Crisis Lightgun System. Ein hyllest til Time Crisis, lyspistolen, og mange timar med moro.
Himmelspretten
Eg skal vere ærleg på at eg sperra auga opp då eg fekk tilbodet om G'AIM'E Lightgun. Her har vi flunkande nye lyspistolar laga for moderne skjermar, men ikkje moderne konsollar.
G'AIM'E Lightgun er i staden eit komplett produkt. Her får du pistol, og ein eigen konsoll med fire innebygde lyspistolspel. Desse spela er det klassiske spelet Time Crisis, Point Blank, samt Steel Gunner 1 og 2.
Pakka kjem i tre utgåver. Basisversjonen byr berre på konsoll og lyspistol og kan kjøpast direkte frå G'AIM'E til ein pris av 99,99 euro, men om du hoppar opp eit lite trinn til Premium-utgåva får du òg med ein fotpedal som kjem godt med i spesielt Time Crisis, der du må tråkke på pedalen for å reise deg slik at du kan skyte på fiendane. Denne kostar 149 euro, eller 2295,- i norske butikkar.
Ultimate-utgåva byr på konsoll, pedal, to pistolar slik at ein kan vere fleire om moroa, samt nokre samleobjekt, og er den dyraste versjonen. Den kostar 199,99 euro, eller 2899,- i norske butikkar.
Verd å merke seg er at Time Crisis er berre for ein spelar, og fleirspelar, er berre for dei litt eldre pikselskytarane som er inkluderte i pakka. Ultimate-pakka kan difor raskt bli overflødig for mange.
I våre dagar har dei fleste mykje større TV-skjermar enn kva som var vanleg då lyspistolen hadde si storleikstid, og dette er noko utviklarane bak denne lyspistolkonsollen har tatt høgde for. Pistolane er ikkje trådlause, men dei har heile fire meter kabel, noko som gjev deg godt spelerom.
Denne lengda er og heilt essensiell for ei god oppleving. G'AIM'E fungerer best om ein held korrekt avstand frå skjermen i forhold til storleiken på skjermen. Har du liten TV, gå nærare, om du har 60 eller fleire tommar, er det best å bruke all lengda pistolkabelen byr på.
Men korleis fungerer det?
Gamle lyspistolar registrerte lyse firkantar på skjermen for å finne ut om du traff noko, G'AIM'E har ein heilt anna teknologi under panseret.
I dei store og saftige pistolane som hadde fått ti år gamle meg til å sikle heile vegen heim før eg hadde sunke på kne og trygla far og mor om ei gåve, er eit solid stykke plast med god vekt. I løpet sit eit kamera, og dette kameraet ser TV-skjermen, og saman med litt KI-teknologi reknar G'AIM'E ut kvar du siktar.
Kvar gong du startar opp konsollen må du gjennom ei solid kalibrering der du skyt på fleire punkt på skjermen, og når denne er ferdig er alt forhåpentlegvis klart for skytemoro.
Fullt så enkelt er det likevel ikkje. G'AIM'E er sensitiv for lys, og om du har ein skjerm, eit vindauge eller andre lyskjelder rett ved sidan av eller bak TV-en du spelar på, kan pistolane bli litt forvirra. Utviklarane har kome med ei firmware-oppdatering som hjelper til med å bekjempe desse utfordringane. Det er likevel best å spele med ein roleg bakgrunn der det ikkje er noko kameraet i pistolen kan bli forvirra av.
Pistolane fungerer absolutt best med mindre lys, heller enn meir, men eg har aldri fått kalibreringa til å sitje heilt som støpt. Som regel treff kulene litt til sida for der eg siktar. Det går likevel fint å spele, men i enkelte presisjonsøvingar som dei vi finn i Point Blank, blir det nesten håplaust.
Er det moro?
Vi har pistol, pedal, ein eigen konsoll, og fire spel. Fire gamle spel, og det merkast. Eg har hatt mykje moro med G'AIM'E, og dette er eit artig produkt som eg personleg er veldig glad for at finnest, men det er ikkje til å kome bort frå at det heile er for veldig spesielt interesserte.
Fire spel er kanskje litt lite, og det er enormt mange andre spel der ute eg gjerne skulle sett inkludert. Teknologien er der, no er det berre lisensane det står på. Å kjøpe denne konsollpakka berre for desse fire spela blir litt skralt, og eg håpar folka bak vil utvide produktet slik at fleire klassiske lyspistol spel kan få ein ny vår.
Tidlegare nemnde spel som Area 51 og House of the Dead er som skapte for dette, og ikkje minste gamle Sega-klassikarar som Virtua Cop.
Eit ørlite ankepunkt eg har med konsollen er at eg gjerne skulle sett ei eller anna form for CRT-filter. Gamle spel gjer seg ikkje alltid like godt på store, moderne skjermar, men eit CRT-filter kan ofte gjere det heile litt meir behageleg for auga.
Konklusjon
G'AIM'E Time Crisis Lightgun System er ei gåvepakke til nostalgikaren som saknar dei gamle lyspistolspela, og gjerne vil oppleve barndomens glansdagar igjen.
Det vi får er ei stilig og velprodusert pakke med dei lekraste lyspistolane eg kan hugse å ha sett. Dette er ikkje tynn, falleferdig plast. Det er solide greier, med god vekt og og stoleik. Dei ligg godt i henda, og er omlag så presise som ein kan håpe at dei er.
Lyspistolane er derimot sensitive for lys, så det er lurt å passe på at forholda ligg til rette før du investerer i dette. Ein TV plassert framover stor vindauge kan by på utfordringar.
Det sagt, om du har lyst på ei tidsmaskin som tek deg med heile vegen tilbake til 1995, er G'AIM'E Time Crisis eit must.
G'AIM'E Time Crisis Lightgun System er tilgjengeleg no.