25

– Eg måtte beklage til mine eigne tilsette

Tre millionar i minus, 30 prosent sjukefråver og fleire alvorlege varslingssaker. Den nye styreleiaren i Filmkraft heldt på å gå på veggen i oppryddinga.

Mikkjell Lønning

– Eg ante ikkje kva eg gjekk til. Det blei ein brutal start.

13. oktober tok Benedicte Thu Nørgaard Økland over som styreleiar i Filmkraft Rogaland.

Nokre månadar i forkant hadde organisasjonen fått eit 275 sider langt varsel om blant anna arbeidsmiljøet, tildelingar av pengestøtte og leiinga. Varselet var signert av tilsette og tidlegare tilsette.

Ei intern gransking har i etterkant konkludert at det ikkje var gjort lovbrot, men heile organisasjonen var sterkt prega.

Økland fekk jobben med å rydde opp.

– Mange krisar på ein gong

I det daglege er Økland leiar for eit oppstartsselskap i Stavanger innan eigedom, og ho likar å bruke ein metafor frå eige beite når ho fortel om overgangen.

– Eg trudde me hadde fått nøkkelen til noko som trong lettare oppussing, men så viste det seg at det var eit totalrehabiliteringsprosjekt. Det var så mange krisar på ein gong, seier Økland.

Det blei eit enormt arbeid.

Det var litt tilfeldig at Økland sa ja til å vere med i styret. Hadde ho blitt ringt på kva som helst annan dag, hadde ho sagt nei, fortel ho.
Mikkjell Lønning

– Eg sa at me skulle ta ei storreingjering. Å rydde opp i det inste kottet til det ikkje var eit spindelvev igjen, seier ho.

Det Økland ikkje visste, var at den dåverande daglege leiaren var sjukmeld.

Den daglege leiaren i selskapet gjekk av etter varselet, og fekk med seg 1,1 millionar i etterløn. Varslarane fekk også økonomisk kompensasjon.

– Den verste forma for leiing er fråvær av leiing. Eg gjekk inn og tok full styring med ein gong, med mest mogleg opne kommunikasjonslinjer og mest mogleg transparens, fortel Økland.

– Midt i ein kjempekonflikt

Økland kom inn saman med to andre styremedlem. Ho opplever at heile organisasjonen Filmkraft var fullstendig lamma av varslingssakene.

Dei tilsette gjekk på jobb og gjorde sitt beste, men mykje hadde stoppa opp.

– Dei stod jo midt i ein kjempekonflikt, seier Økland.

Det å kunne sparre med dei andre i styret blei redninga for Økland, og utover hausten begynte brikkene å falle på plass.

Filmkraft Rogaland har kontor i Sandnes sentrum. Dei fordeler skattekroner til film- og spelprosjekt i regionen.
Mikkjell Lønning

At saka blei kjend offentleg, førte til ein storm av meiningar i alle retningar.

– Det var ørten aktørar i filmbransjen med ulike meiningar og påstandar, og det blei enormt mykje å sortere for oss, seier ho.

Filmkraft fekk juridisk bistand via arbeidsgivarforeininga Virke, saman med hjelp to ulike advokatfirma.

– Då ein ekspert på arbeidsrett hadde høyrt ei skildringa av saka, sa han at «veit du kva, dette er heilt typisk. Heilt normalt». Og det blei ei stor lette for meg.

Heilt på grensa

Økland understrekar at ein ikkje tar eit slikt styreverv for pengane.

– Men då det gjekk opp for meg kva kompensasjonen min ville bli, sat eg og lo, fortel Økland.

Styret jobba knallhardt for å løyse opp i floken.

– Eg måtte beklage til mine eigne tilsette. Eg hadde jobba minst to fulle månadar ved sida av min daglege jobb og skulle få eit par tusen kroner i honorar. Arbeidsbelastninga var heilt ute av proporsjonar, me fekk eit oppdrag me ikkje hadde ressursar til å løyse, seier ho.

Økland var den som fremma forslaget til ein filmorganisasjon i programkomiteen til Høgre for over 20 år sidan. Ho planta slik sett frøet for Filmkraft.
Mikkjell Lønning

Filmkraft er i dialog med eigarkommunane om ei løysing for å honorere styret ved ekstraarbeid.

– Eg heldt på å smelle i veggen. Sjølvsagt gjorde eg det. Men eg har gjort det før og kjende teikna, så eg måtte dra i handbrekket, seier Økland.

Den kompliserande faktoren

– Selskapet har gjennom året vore prega av fleire alvorlege varslingssaker, sjukefråver i administrasjonen på nærmare 30 prosent og fråvær av dagleg leiar gjennom delar av året.

Det skriv Filmkraft i eit ferskt brev til eigarane sine. Dei skildrar 2025 som eit «særskild krevjande år», og hadde eit sjukefråver på 29,8 prosent.

Dei er rett nok berre 6,3 årsverk. Og nettopp storleiken på organisasjonen har gjort arbeidsmiljøkonflikten spesielt vanskeleg.

– Filmkraft var ikkje rigga for den situasjonen dei stod i, seier Økland.

Ho fortel at sjølv små organisasjonar må rette seg etter stadig meir detaljerte og kompliserte lovverk, og at det derfor var lite handlingsrom for å finne minnelege løysingar.

Alt måtte skje etter boka.

– Me gjekk ei veldig stram line. Men me visste kvar målet var, og eg hadde flinke folk med meg. Det var berre å opptre ryddig og sette ein fot framfor den andre, seier Økland.

– Stolt og glad

Rundt jul hadde Filmkraft Rogaland fått full oversikt på varslingssakene.

– Eg er stolt og glad for at organisasjonen har stått på i dette. Som eg sa til dei, då me stod midt oppi dette, var det rett før eg heiv korta og ikkje orka meir.

– Men eg veit kor viktig dette er for bransjen og dei tilsette. Filmkraft vil berre jobbe til det beste for bransjen i Rogaland.

Det å skilje person og sak blir enormt viktig i ein konflikt som dette, meiner Økland. Leiaren må kome til botn av kva som er følelsar og fakta, for det er lett å få skylappar i slike situasjonar. Fakta må fram for å finne dei gode kompromissa.
Mikkjell Lønning

Eli Nessa er i 2026 tilsett som ny dagleg leiar for selskapet. Ho tok over 1. juni.

– Storreingjeringa vår var ferdig før det, og med Eli er Filmkraft no rigga til å løfte filmbransjen i Rogaland. Det er eg takksam for, seier Økland.

Alle varslingssakene er avslutta.

Brukte mindre pengar enn venta

Rekneskapen for 2025 viser eit underskott på tre millionar kroner og ei halvering av eigenkapitalen.

Våren 2025 budsjetterte Filmkraft med 4,3 millionar i underskott, det for å redusere uvanleg høg eigenkapital. Det er altså ikkje nokon dramatikk bak tapet.

Dei brukte faktisk 1,2 millionar kroner mindre enn budsjettert. Filmkraft fekk 25,5 millionar kroner i statlege og kommunale tilskott i 2025, to millionar ned frå året før.

Høgare kostnadar elles er knytt til varslingssakene. Filmkraft leigde inn eksterne ressursar for å oppfylle oppgåvene sine, skriv dei i årsmeldinga.

Dei har laga ei omfattande tiltaksliste for å betre arbeidsmiljøet. Planen omfattar blant anna rutinar for varsling, organisering, arbeidsmiljø, sjukefråver, HMS, bransjedialog, regelverk og styringsstruktur.

– Eg syns Filmkraft har blitt betre allereie. Støtta i fjor utløyste 85 millionar i prosjekt, seier Økland.

– Alt som er gale

– Korleis kompliserte mediedekninga prosessen?

– Eg syns ikkje det kompliserte den, men det gjorde det heftig for partane.

Ho opplever at media ukritisk vidareformidla rykte og ubekrefta opplysningar.

– Det blir det offer av. Ein part blei ringd opp og fekk høyre at vedkomande var eit symbol på alt som er gale i bransjen. Eg har ingen respekt for den type oppførsel, seier Økland.

Ho meiner også det er uansvarleg av media å krevje svar om påstandar frå sjukemelde personar.

– I ein slik situasjon blir ein sjukare av førespurnadane, og det er ikkje mogleg å kome med tilsvar. Uansett graden av sanning eller løgn i historia.

– Varslarane sin advokat kom med krav om ei uavhengig gransking av saka. Blei det gjort vurderingar rundt dette?

– I praksis var det ei uavhengig vurdering som låg til grunn for Filmkrafts konklusjonar i saka. Me var tre stykk som kom inn i styret samtidig i oktober, utan bindingar til historikken. Me gjekk veldig grundig inn i alle forhold og leverte dette til ekstraordinær generalforsamling, avsluttar Økland.

Siste fra forsiden