Filmkraft Rogaland sit på ein sekk av skattekroner som lokale film- og dataspelprodusentar kan søke om. I 2024 delte organisasjonen ut 22,1 millionar kroner.
Gamer.no kjenner til at det har vore utfordringar rundt arbeidsmiljøet hos Filmkraft i lang tid. Det har også ein del sjukefråver og utskifting i den vesle staben.
I sommar sende ei gruppe inn eit omfattande varsel om arbeidsmiljøet. Dagleg leiar er for tida sjukmeld, og viser til styreleiar for kommentar.
Eigarkommunane har gitt selskapet marsjordre om å rydde opp.
Det er stabla på beina ein komite i styret som skal undersøke varselet, men som enno ikkje har landa i prosessen.
Det skal også kallast inn til ei ekstraordinær generalforsamling.
Ser på skuldingane
– Styret behandler saken i tråd med gjeldende retningslinjer og har igangsatt nødvendige undersøkelser. Av hensyn til prosessen og involverte parter ønsker vi ikke å gi ytterligere kommentarer på nåværende tidspunkt, skriv fungerande styreleiar Tonje Hardersen i ein e-post til Sandnesposten og Gamer.no.
Advokat Birthe Eriksen i Law.no representerer gruppa av varslarar, men ønsker ikkje å uttale seg om saka.
Heller ikkje verneombod Geir Petter Røssland vil seie noko om detaljane før styret er ferdig med å behandle varselet. Gamer.no har også vore i kontakt med ei rekkje personar knytt til Filmkraft, som er einige om å ikkje uttale seg.
Stavanger, Sandnes, Haugesund kommunar og Rogaland fylkeskommune krev at innhaldet i varselet blir undersøkt.
Eigarane reagerer blant anna på at det er ikkje rapportert nok om sjukefråvær og utfordringar med arbeidsmiljø, og peikar på at det har vore tidlegare varsel utan at desse «forholdene er brakt til opphør», som det står i brevet.
Dei skriv følgande:
Aksjonærene forventer at styret snarlig iverksetter nødvendig oppfølging i samsvar med Arbeidsmiljølovens bestemmelser med undersøkelse av fremsatte kritikkverdige forhold som fremgår av brevet fra Law.no Advokatfirma AS.
Eigarane vil ikkje seie noko om saka utover innhaldet i brevet, skriv Sandnes-ordførar Kenny Rettore i ein SMS.
Flerrande kritikk
Sandnesposten/Gamer.no har vore i kontakt med rundt 30 personar i bransjen, og har undersøkt Filmkraft dei siste dagane.
Av omsyn til sakas natur er det ingen av kjeldene våre som ønsker å uttale seg med namn, men fleire i bransjen har kjend til vanskane.
Kjelder tett på saka kallar det eit internt opprør.
Stavanger Aftenblad har fått innsyn i varselet, og omtalar blant anna påstått misbruk av myndigheit, uforsvarleg arbeidsmiljø og overkøyring av faglege råd.
Tilsette skal ha brukt skjulte lydopptak for å dokumentere forholda.
«Påstandene som rettes mot meg, som leder og privatperson, og mot selskapet, er uriktige. For øvrig har jeg ingen kommentar,» skriv dagleg leiar Anne Lærdal gjennom sin advokat Eldrid Huseby Gammelsrud til Aftenbladet.
Ho har så langt ikkje svara på førespurnad om kommentar frå oss. Lærdal fekk i vår utvida åremålet sitt med fem nye år.
Aftenbladet omtalar også blant anna at dagleg leiar skal ha innstilt på å gi 600.000 kroner i støtte til ein kortfilm der eit varastyremedlem hadde regi og hovudrolle, sjølv om fagkonsulentane i Filmkraft råda mot dette.
Gamer.no har på nytt kontakta styreleiar Hardersen etter at saka blei offentleg kjend torsdag ettermiddag, men ho ønsker ikkje å legge til noko meir utover det første svaret sitt.