25

Går av som Filmkraft-sjef

Anne Lærdal tar sluttpakke og sluttar i Filmkraft etter tolv år.

Mikkjell Lønning

Det melder selskapet i ei pressemelding.

Lærdal har informert styret om at ho ikkje ønsker å fortsette i Filmkraft, og ho har inngått ein sluttavtale som gir ho «økonomisk kompensasjon som følge av belastninga ho har vore påført som følge av varsla og saka».

– Styret takkar Lærdal for stor innsats for Filmkraft gjennom tolv år. Under Lærdals leiing har filmsenteret bidratt til at filmindustrien i Rogaland har levert imponerande resultat, skriv dei.

Dei skal rekruttere ny dagleg leiar snart.

I mellomtida er Eirik W. Henningsen tilsett som konstituert dagleg leiar i selskapet. Han startar onsdag.

– Me er veldig glade for at Eirik har tatt på seg oppdraget med å gjenreise tillit og arbeidsmiljø i Filmkraft, skriv styreleiar Benedicte Økland i pressemeldinga.

Siste fra forsiden