Dei siste vekene har Gamer.no retta søkelyset mot arbeidsforholda i det internasjonale spelmagasinet Gamereactor.
Fleire av dei norske redaktørane har fortald om stadige konfliktar med leiinga, krevjande produksjonskrav og bekymringar rundt arbeidsmiljøet.
No tar ein av dei sentrale personane bak magasinet bladet frå munnen.
Petter Hegevall fortel i dette intervjuet om korleis 24 år i konsernet enda med ein svært turbulent avskjed, der seks andre skribentar slutta saman med han.
Hegevall var sjefredaktør for Gamereactor Sverige og primus motor bak magasinet. Jon Cato Lorentzen skildrar Hegevall som ein slags overredaktør for dei nordiske redaksjonane.
No tar Hegevall eit knallhardt oppgjer med eigarane Claus og Morten Reichel.
– Eg føler meg litt brukt. Det er veldig trist korleis Gamereactor har utvikla seg, seier Hegevall.
Uendelege moglegheiter
Denne historia startar på terskelen til 2000-talet.
Petter Hegevall (22) var ferdigutdanna som grafikar og hadde starta spelmagasinet Missil.
På ein reportasjetur i Newcastle møtte han brørne Claus og Morten Reichel. Dei jobba med sal for ungdomsmagasinet Chili og stod bak spelsida Gamez.dk.
I 1999 kunne ein finne dusinvis ulike betalte spelmagasin i svenske butikkhyller, og Hegevall og brørne hadde ein idé om å starte eit gratismagasin retta mot spel.
Gratismagasinet var billigare å distribuere og hadde i praksis ingen konkurranse, fortel Hegevall.
I 2002 kjøpte Reichel-brørne Gamereactor frå Egmont, og på hausten ringde dei Hegevall og spurde om han ville starte opp i Sverige.
Hegevall fekk ansvaret for å bygge opp den svenske redaksjonen som sjefredaktør. Han blei også leiar for det grafiske arbeidet med papirmagasinet for alle landa.
Glansdagane
– Eg hadde eit fantastisk lag med meg som fekk vere med på å forme det Gamereactor var og er, fortel Hegevall.
Han skildrar åra mellom 2002 og 2010 som «fantastiske». Eigarane og Hegevall hadde gjensidig tillit og eit godt samarbeid.
– Eg er veldig stolt av arbeidet me la ned. Me hadde bygd draumeteamet i Sverige, og me la sjela vår i lage det beste produktet me kunne. Eg saknar den tida, seier Hegevall.
Han kjenner seg nostalgisk når han fortel om dette. Dei mange seine kveldane der redaksjonen jobba knallhardt for å rekkje tidsfristar, alltid saman med gode vener.
Tusenvis av artiklar gjennom år med arbeid.
– Samarbeidet med eigarane var glimrande. Me utfordra kvarandre. Det var usemje her og der, men det er slikt som styrkar deg kreativt sett, seier Hegevall.
Han meiner at magasinet klarte å utkonkurrere betalte magasin både på kvalitetsinnhald og eksklusive saker.
Men alle som jobbar i media veit at ingenting varar evig.
Nyheitsmedia har vore gjennom ein omfattande digital transformasjon dei siste 20 åra, og Gamereactor var ikkje noko unntak.
– Verre og verre
Finanskrisa i 2008 tvinga fram ein runde med kostnadskutt.
Synergiane mellom nett og papir hadde blitt betre, men likevel blei det til slutt for dyrt å drive papirmagasinet.
I november 2014 la eigarane det ned.
– Eg visste det kom til å skje. For min del blei arbeidet mindre morosamt og utfordrande, for eg var jo ein magasinfyr. Eg hadde gått på skule for å lære å lage magasin, og papirmagasinet var på ein måte babyen min. Det var kallet mitt, seier Hegevall.
Utan papirmagasinet fekk Hegevall ei mindre sentral rolle i konsernet. Han var framleis redaktør, men følte ikkje lenger på det same eigarskapet til produktet som tidlegare.
Det redaksjonelle hovudsetet blei flytta til Danmark, og Gamereactor fekk ein dansk sjefredaktør for alle redaksjonane.
– Me jobba med det me hadde, men relasjonen surna etter 2014. Og det blei verre og verre for kvart år, seier Hegevall.
Ingen overstyring
Dei norske redaktørane har fortald om redaksjonell overstyring frå eigarane. Hegevall opplevde aldri dette, meiner han.
– Eg har lese intervjua og syns det er leit å høyre kva Silje, Suzanne og Eirik har opplevd, men eigarane gjekk aldri over hovudet mitt.
Det noko av grunnen til at han blei så lenge i konsernet.
Han fortel at den svenske sida hadde langt meir trafikk enn dei andre, og trur det heng saman med openheit overfor lesarane og ei hard linje på presseetikk.
– Eg fann meg aldri i å skrive sponsa innlegg sjølv. Det var ikkje min jobb. Redaksjonelle og kommersielle interesser skal ikkje krysse på den måten, seier han.
Eigarane la seg heller aldri opp i karakterane i speltestar.
– Dei visste nok at me aldri kom til å la oss rikke på det, så det gjorde dei ikkje.
– Gjorde meg rasande
Dei siste åra har det vore to fulltidstilsette hos Gamereactor Sverige. Det har også vore ei rekkje eksterne bidragsytarar.
Gamereactor har med tida tatt i bruk meir KI i arbeidet, og har utvida dekningsområda sine til politikk, elektriske bilar, reise og liknande.
Hegevall var ein høglydt kritikar internt.
– Eg forstod absolutt ingenting av endringane, og det gjorde meg rasande. Likevel køyrde dei på. Det er eigarane sitt privilegium, men dei høyrde ikkje på oss i det heile. Det verkar som dei med vilje ikkje lytta til oss. Me blei behandla som drit.
Han opplever at dei interne kritikarane blei totalt overkøyrde.
– Eg har vore ein lojal tilsett i over 20 år. Det å då oppleve at meininga mi hadde null betydning, og at dei tilsynelatande ikkje brydde seg om kva me sa, det var tungt. Etter dette var alt i selskapet ein konstant nedoverbakke.
– Kan vere ein galning
Rundt sommaren 2024 eskalerte konflikten.
Hegevall fortel at staben var opptatt av å fikse ulike problem med nettsida, og listar opp ei rekkje utfordringar rundt designet og funksjonane.
Han bad eigarane om å endre kurs.
– Innhaldet var framleis der, men innpakkinga var heilt øydelagd. Ingenting fungerte som det skulle. Det er eigentleg eit under at lesarane var der, men det handlar nok meir om at me framleis hadde eit sterkt namn og flike folk. Dessverre blei eg heilt overkøyrt.
Hegevall understrekar at han ikkje er noko offer i saka.
– Eg kan vere ein galning når det kjem til å få fram poenga mine. Dei var lei av meg, og eg var lei av dei. Då er det vanskeleg å kome vidare, seier han.
– Skammar meg
– Eg skammar meg over korleis Gamereactor har blitt, seier han.
Hegevall angrar på at han blei så lenge i selskapet, men forklarar det med lidenskapen til yrket og folka han jobba med.
– Me hadde ikkje fått til noko utan teamet. Eg er framleis i kontakt med dei kvar dag, og tenkjer at eg har kjempa for dei. Det er eg stolt av. Folka i Gamereactor er det som har skapt suksess. Eg syns ikkje Reichel-brørne forstår det.
– Eg føler dei ikkje likar sine eigne tilsette. Og då er det over. Før eller seinare vil alle slutte, hevdar han.
I etterpåklokskapens lys burde han gått fem år tidlegare, meiner han.
– Eg skapte ikkje noko av nemneverdig verdi, og eg har lite å vise til frå dei siste åra. Det er hundre prosent min eigen feil. Eg var lei av å krangle og mista motivasjonen og inspirasjonen min, seier han.
Ville seie farvel
Han er lei seg for å ikkje kunne leie den svenske redaksjonen lenger, men seier at han ikkje er bitter. Det er også ei lette å vere ferdig.
– Eg har det mykje betre i dag, seier han.
Det å ikkje få seie farvel til lesarane syns han er sårt. Han skulle gjerne fått fram kor mykje han set pris på alle innspela, kommentarane og meiningane gjennom dei mange åra.
– Ikkje minst set eg pris på dei dyktige medarbeidarane og redaktørane som både inspirerte og utfordra meg.
Hegevall slutta i november 2025. Seks andre skribentar slutta som følge av dette.
– Korleis var det å forlate selskapet under slike forhold etter ein mannsalder i Gamereactor?
– Det gjorde meg både svært trist og skuffa. Men eg er glad for at eg kom meg vidare i livet.
Hemmeleg avtale
Hegevall starta eit eige selskap før han slutta. Det er også eit element i konflikten mellom han og eigarane, men dette har han ikkje lov til å kommentere.
Den mangeårige redaktøren kan heller ikkje seie noko om kvifor han forsvann frå selskapet. Det er nemleg gjenstand for juridiske forhandlingar.
Reaksjonane etter avskjeden hagla både i sosiale medium og i kommentarfelta til Gamereactor.
– Fekk du sparken, eller var det du som slutta?
– Det kan eg ikkje svare på, seier han.
Avtalen er det som hindra han i å seie farvel til lesarane og kollegaene, hevdar han.
Hegevall trur han kan ha gått for langt i kritikken av eigarane internt, men seier det berre kom av engasjementet for Gamereactor.
– Eg var med på å forme produktet vårt frå dag éin. Slik sett følte eg på eit sterkt eigarskap, som sikkert også gjorde at dei blei svært frustrerte med meg.
– Til sjuande og sist er det deira selskap. Dei må styre skuta. For min eigen del ser eg stolt tilbake på dei første ti åra, og ikkje minst teamet mitt. Og eg ser på det Gamereactor har blitt med skam. Det er så utruleg leit, seier han.
Ingen kommentar
Media har ei plikt til å rette eit kritisk blikk mot korleis pressa oppfyller sin eigen samfunnsrolle. Derfor vel Gamer.no å undersøke forholda i Gamereactor.
Eigarane Morten og Claus Reichel er presentert for heile innhaldet i artikkelen, og har fått moglegheit til å stille til intervju med Gamer.no.
Dei har ikkje svara.
Tidlegare har dei vist til teieplikt overfor interne forhold.
Gamer.no har også invitert den globale sjefredaktøren til å kommentere, men heller ikkje han har gitt noko svar.
LES OGSÅ: Silje bad om å bli sparka »
LES OGSÅ: Markus fekk sparken. No skal KI gjere jobben »
LES OGSÅ: Jon Cato sa opp fire-fem gongar »
LES OGSÅ: Fekk kjeft av sjefen på 23. desember »
LES OGSÅ: Eigarane sletta Eiriks avskjedsbrev »