– Teikna var tydelege i årevis. Eg har stålsett meg for slutten på Gamereactor Finland sidan 2019, seier Markus Hirsilä til Gamer.no.
Han har vore sjefredaktør for Gamereactor Finland i ti år. 30. juni fekk han sparken.
Det multinasjonale spelmagasinet Gamereactor har i over 25 år vore ein av dei største aktørane i europeisk speljournalistikk. Etter førre veke står både den norske og finske sida utan redaktørar.
KI har tatt over all produksjon.
Pengetrøbbel
Claus og Morten Reichel eig Gamereactor. I eit brev til Hirsilä skriv dei at dei legg ned «bemanna operasjonar» i Finland på grunn av økonomien.
Dei hadde ikkje andre jobbar å gi han.
– Ting har dreia meir og meir over til KI-omsetjingar, og no fann leiinga ut at dei ikkje treng meg lenger, seier Hirsilä til Gamer.no.
Han har lese Gamer.no sine intervju med dei norske redaktørane. Hirsilä har ikkje noko å legge til utover det dei har sagt.
Gamer.no har spurd Reichel-brørne om dei planlegg å tilsetje nye redaktørar i Noreg eller Finland, men det har dei ikkje svara på.
Oppseiinga til Hirsilä ser ut til å bekrefte at det ikkje blir ny redaktør i Finland.
Slutt etter 20 år
Gamereactor Finland har vore i drift sidan 2006.
I eit avskjedsbrev takkar Hirsilä dei tidlegare redaktørane, og skriv at sida framleis vil bli oppdatert med innhald frå skribentar i andre land.
Omsetjingane blir automatisert.
Samtidig fortset Hirsilä som speljournalist på hobbybasis i sin nye redaksjon Retry Media.
Han signerer avskjedsbrevet som Gamereactors fjerde og siste redaktør.
Nytt selskap
Reichel-brørne har nyleg starta eit nytt selskap i Danmark.
Gamer.no kjenner til at det er spekulasjonar i Gamereactor-konsernet rundt eit mogleg sal, men Reichel-brørne har ikkje svara på Gamer.no sine spørsmål om dette.
Selskapet Reich Ventures Holding APS blei starta i midten av juni.
LES OGSÅ: Jon Cato sa opp fire-fem gongar »
LES OGSÅ: Fekk kjeft av sjefen på 23. desember »
LES OGSÅ: Eigarane sletta Eiriks avskjedsbrev »