Den norske spelpressa er ein utryddingstrua rase, og denne veka kom Gamereactor Norge-redaktøren med ei kvil i fred-helsing til eigen redaksjon.
30. juni gjekk sjefredaktør Eirik Hyldbakk Furu av. Hans historie gir eit sjeldan innblikk i arbeidsforholda i det danske mediehuset, som kjem ut på ei rekkje europeiske språk.
Etter at Furu publiserte eit avskjedsbrev med stikk mot eigarane av mediet, bestemte eigarane seg for å slette artikkelen.
Furu blei ikkje spesielt overraska av det.
Lever av å redigere KI-artiklar
Spill.no har republisert innlegget hans. Furu har vore del av Gamereactor Norge sidan 2012, og fortel at han har hatt ansvaret som sjefredaktør etter at Silje Slette gjekk av i 2023.
– Dei siste åra har hovudfokuset vore å redigere artiklar omsett av KI frå Gamereactor.eu, seier Furu.
Det er visstnok dei danske eigarane som har pålagt nettstaden dette. Furu fortel at dei i nærmare eit tiår hatt eit krav om å publisere minst ti artiklar kvar dag, og minst éin større artikkel kvar dag.
– Eg bøygde dei reglane litt. Eg trur dei forstod at eg bidrog på andre måtar, ved å hjelpe dei engelske sidene og å spele kjeldene mine. I slutten har dei terpa på dei ti artiklane, og hadde me ikkje nok, kom det ei skjennepreike, hevdar han.
Han meiner lesarane vil ha kvalitet, ikkje kvantitet.
– Håplaus tanke
Rundt pandemien fekk Gamereactor Norge beskjed om å prioritere omsetjing av andre sine artiklar over eigne tekstar, hevdar Furu.
I det siste har kravet om publiseringar auka til 12–15 kvar dag, fortel Furu.
Til samanlikning publiserer Gamer.no rundt 4–5 artiklar til dagen, men med éin fast tilsett og elleve frilansarar.
Mange av frilansarane i norsk spelpresse er drivne av lidenskap. Honorarnivået er ofte av det symbolske slaget, og Furu jobba gratis dei tre første åra sine hos Gamereactor.
Furu fortel at han har tent rundt 12.500 kroner i månaden for sitt arbeid med å redigere KI-artiklar.
– Kvifor gadd du dette så lenge?
– Eg hadde vel ein håplaus tanke om at dei ville endre filosofi og la oss skrive våre eigne nyheiter, og at dei ville innsjå at ingen ville ha dette stoffet.
Furu seier at han elskar å skrive om spel. Derfor har han funne seg i meir enn han eigentleg ville, fortel han.
– Kokte litt over
Furu skal no skrive for Spill.no. Han likar best å få flekse dei kreative musklane sine med å skrive sjølv.
– Eg vil ikkje sette namnet mitt på andre sine verk, seier han.
Gamereactor har i dei siste åra utvida dekninga si til blant anna elbilar og sport. Furu er svært kritisk til eigarane sine prioriteringar.
– Kva forklaring fekk de på at ei spelside skulle skrive om sport?
– At det gjekk dårleg for bransjen. Det kokte litt over for meg då, og eg sa at dei kanskje burde sjekke namnet på sida si ein gong til, seier Furu.
Gamereactor har eksistert sidan 1998. Grunnleggarane Morten og Claus Reichel er framleis eigarane av mediehuset.
– Gråsone
Furu har hatt eit ønske om å følge den norske Ver varsam-plakaten. Den set blant anna klare grenser for kva som er redaksjonelt innhald og sponsa innhald, men Furu har skrive begge deler.
– Eg og eigarane har vore ganske ueinige der. Det er ein gråsone mellom kva som er sponsa artiklar og ikkje, og no syns eg det var nok, seier han.
– Du har sjølv laga sponsa innhald?
– Ja, me fekk streng beskjed om at dette måtte ut. Dei sponsa artiklane er i hovudsak ordrett frå sponsorane.
– Det at ein både skriv artiklar og lagar reklame er ikkje heilt innanfor etter norsk presseetikk. Korleis ser du på det?
– Eg har hata det frå første stund. Eg har sagt at dei måtte finne andre til å skrive det, seier han.
– Tenkt heilt feil
– Kva tenkjer du om at eigarane legg seg opp i redaksjonelle prioriteringar?
– Eg har vore kritisk til retninga for Gamereactor sidan 2019, men eigarane har tenkt heilt feil rundt dette, seier han.
Den norske redaktørplakaten seier at redaktøren skal ha full fridom til å forme og bestemme mediets innhald og meiningar, og eigarar kan ikkje gripe inn i denne fridomen.
Når redaktøren kjem i ei uløyseleg konflikt med utgivargrunnlaget, pliktar han å trekkje seg. Dei danske eigarane har tilsynelatande ikkje latt den norske redaksjonen orientere seg etter redaktørplakaten.
Etter at eigarane fjerna avskjedsartikkelen til Furu, fekk han ei melding frå Morten Reichel.
– Eg har tatt teksten din ned ... av mange årsaker, skriv Reichel.
Reichel syns det var leit at dei skulle avslutte samarbeidet på denne måten, og skriv at dei har kjempa alt dei kan for å få til Gamereactor.
– Bransjen er fullstendig sinnssjuk. Alle sparar. (...) Du har vore fantastisk, Eirik, og det er synd at det er slik som dette. Men la oss ha ein god tone, eg har alltid sett pris på innsatsen din, skreiv Reichel etter avpubliseringa.
Ingen kommentar
Eigarane av Gamereactor har fått presentert alle påstandane i saka. Dei ønsker ikkje å kommentere noko.
Gamer.no har stilt dei ei rekkje spørsmål knytt til artikkelen, men det har dei heller ikkje svara på.
Har du tips til denne saka? Ta kontakt på [email protected]