25
Kommentar

Kva er greia med presseetikk?

Er spelmeldarane til Gamer faktisk kjøpte og betalte av utviklarane?

Mikkjell Lønning
Redaktør for feature og hardware
Nioh 3, Marathon, Resident Evil Requiem og Pragmata fekk alle gode karakterar av oss. Men det betyr nok ikkje at me har fått betalt frå utgivarane for meldingane våre.

Ein gong betydde det noko å kalle seg for speljournalist.

I dag ser mange på tittelen som ein vits og eit skjellsord, i alle fall viss ein skal tru kommentarfelta til store redaksjonar som IGN.

Sjølv om den høglydte minoriteten på sosiale medium sjeldan er representativ for fleirtalet, er det ingen tvil om at ein kombinasjon av det politiske klimaet i USA og kjølvatnet av #gamergate har dratt heile yrkesstanden ned i gjørma.

Dei historisk sterkaste merkevarene i speljournalistikken har blitt desimert gjennom kuttrundar og oppkjøp.

Redaksjonar som Polygon, Giant Bomb, Gamespot, IGN, Gamesindustry.biz og Eurogamer har alle kjent på kniven dei siste åra. Berre i 2024 og 2025 har meir enn 1200 speljournalistar tatt pennen og gått, ifølgje Press Engine, melde VGC i fjor.

I stadig større grad sluttar folk å lese spelmeldingar i redaksjonelle medium. Innhaldsskaparar på YouTube og Tiktok får fylle tomrommet, og sjåaren har lite kontroll over kven som finansierer innhaldet.

Gjer det eigentleg noko?

Drivkraft i samfunnet

Eg kjem snart tilbake til kvifor du bør vere meir skeptisk til innhaldsskaparar på sosiale medium enn oss i redaksjonelle media, men først må eg ta eit lite steg tilbake.

Eg vil snakke litt om journalistikkens essens.

God journalistikk har ei slags urkraft. Den kan forme og endre samfunnet rundt oss, pirke i og rive ned det etablerte, sette fyr på tankesetta våre og styre oss over på meir opplyste vegar.

Jason Schreier er ein av dei få profilerte journalistane i bransjen, og har ført fleire store graveprosjekt i pennen.
Alecto Chardon, CC

På sitt beste er journalistikken ein heilt nødvendig byggestein i samfunnet vårt.

Dataspeljournalistikk er – dessverre – sjeldan slik.

Internasjonalt er den grundige, velformulerte og samfunnsnyttige journalistikken for lengst fortrengt av ihelvinkla listesaker, tannlaus spelkritikk og eit botnlaust hav av pressemeldingar om nye speltrailerar.

Dei gjennomarbeidde reportasjane og den undersøkande journalistikken ser me lite av i spelpressa. Og når mykje av innhaldet på fronten like godt kan lagast av ChatGPT, er det eigentleg over.

Slik sett er det heller ikkje overraskande at journalistane flyktar frå internasjonal spelpresse.

LES OGSÅ: – Eg har aldri høyrt om nokon som har tatt imot pengar for ein karakter »

Ein umogleg overgang

Eg set det på spissen og generaliserer no, men all journalistikk har vore gjennom ein totaltransformasjon dei siste tiåra.

Den overgangen er på ingen måte ferdig.

Betalingsviljen for journalistikk søkk. Interessa for å lese tradisjonelle medium går same veg, og det blir vanskelegare å selje annonsar for kvart år som går. Lesarane får nyheitene sine andre stadar.

Gamereactor var ein gong ein iherdig konkurrent i norsk spelpresse. Dei siste åra har dei berre levert internasjonale artiklar på norsk. Dessverre.
Faksimile 19. april.

Den nødvendige transformasjonen går altfor treigt, og KI-leverandørane som løper om kapp for å samle verda i sine eigne økosystem, truar med å nappe innhaldet ut av hendene våre og levere det rett til brukaren.

Nokre gongar er derfor kutt den einaste løysinga. Sjølv aviser må tene pengar. Men det seier seg sjølv at kvalitetsjournalistikken forvitrar under eit stadig økonomisk press, for å spare seg til fant er ingen vellukka forretningsmodell.

Framveksten av KI er også ei skattkiste som verktøy for journalistar, men det hjelper lite om det ikkje er nokon igjen.

Eg kom inn som skribent for Gamer.no i 2016. Dåverande redaksjonssjef Audun Rodem var den einaste som jobba på fulltid med det redaksjonelle, og slik er det også i dag for ansvarleg redaktør Fredrik Olimb.

Du kan telje norske, fulltidstilsette speljournalistar på éi hand. Det kjem heller ikkje til å endre seg med det første. Større medium har ikkje snøring på korleis dei skal dekke dataspel, og nisjemedia som Gamer og Pressfire er for små til å vekse nok.

Grobotnen for kvalitetsjournalistikk her i landet er derfor heller skrinn.

Korrupte journalistar?

Klikkvenlege saker med potensial for å skape engasjement er det som finansierer vår undersøkande journalistikk og den analytiske spelkritikken.

Det er ingen hemmelegheit at me jobbar for å få sakene våre lesne, elles kan me like greitt legge ned. Viktigast i verktøykassa vår der er meldingar av storspel.

Det er også der me tråkkar djupast ned i den kulturkrigerske salaten og skuldingane haglar.

«Du er kjøpt og betalt».

Den kommentaren har alle som melder spel har fått høyre. Kulturprodukt skapar engasjement og mobiliserer både støtte og motstand, og som meldar må ein tole mykje kritikk.

Slik er det berre.

Viss du elskar eit spel og meiner det fortener heider og ære, er det lett å bli sur om nokon andre rakkar det ned.

På YouTube kan du finne akkurat den omtalen som passar deg. Redaksjonar med frilansarar, slik som Gamer, har også nok av ulike stemmer ein kan velje å følge. Nokre er du meir einig med enn andre, slik er kritikkens natur. Den er subjektiv.

Men der endar også fellestrekka med gjengen på YouTube og Tiktok.

I fjor sommar samla redaksjonen seg i Oslo for sommarfest. Det var ikkje for å strategisk planlegge kva karakterar storspela skulle få for at me fekk inn flest annonsar, altså.
Tor-Steinar Nastad Tangedal

LES OGSÅ: Epstein, kulturkrig og det evige gamergate »

Då må han gå av

Redaksjonelle medium jobbar etter etiske regelverk. I norsk kontekst er det redaktørplakaten og Ver varsam-plakaten som er dei viktigaste rettesnorene for journalistikken vår.

Sjølvsagt finst det etisk bevisste innhaldsskaparar, men det er ofte vanskeleg å vite kva som er sponsa eller ikkje i spelomtalar på sosiale medium.

Me er plikta til å halde annonsørane på ein armlengdes avstand.

I kritikkens verd sikrar redaktørplakaten blant anna at redaksjonens eigarar, i vårt tilfelle Skagerrak Technologies, ikkje kan påverke våre redaksjonelle vurderingar. Vår ansvarlege redaktør skal stå heilt fri og uavhengig til å forme innhaldet vårt.

Kjem Fredrik Olimb i ei uløyseleg konflikt med våre eigarar, har han ei plikt til å trekke seg.

Her lyttar ansvarleg redaktør Fredrik Olimb (til høgre) konsentrert til ein kollega som fortel om neste sak under sommerfesten. Konsentrert har han også lytta på eit nyleg kurs frå pressenestor Arne Jensen om det etisk vanskelege forholdet mellom redaktør og utgivar.
Mikkjell Lønning

Grunnleggande for tillit

Ver varsam-plakaten sine føringar reduserer faren for at tredjepartar får påverke innhaldet vårt.

Det er heilt essensielt for vår truverd som journalistar.

Det er sjølvsagt veldig mange ulike punkt i Ver varsam-plakaten som er relevante for vår journalistikk, men eg nøyer meg med å sjå på spelmeldingar og testing i denne kommentaren.

Retningslinjene fordrar blant anna openheit om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for lesaren sin forståing for innhaldet vårt, og dei legg demparar på kva redaksjonelle tilsette kan gjere for å oppnå private fordelar.

Crimson Desert, som me nyleg skreiv melding av, er enormt. Me skal som hovudregel spele gjennom spela før me gir ein dom. Får me ikkje tid til det, skal det merkast tydeleg.
Pearl Abyss

Plakaten legg vekt på eit klart skilje mellom reklame og journalistikk, og at omtalen av produkt alltid skal vere journalistisk motivert.

Speljournalistar drar gjerne verda rundt for å dekke bransjemesser eller teste kommande spel. Ofte er det nettopp spelutviklarane, som me skal halde ein profesjonell avstand til, som finansierer slike turar.

Der skapar ein grobotn for spekulasjonar om moglege lojalitetskonflikter.

Det er mange år sidan Gamer har tatt eksternt finansierte reiser. Samtidig er det eit tviegga sverd for ein liten redaksjon, for sidan ressursane våre er avgrensa, gjer det at me ikkje får tilgang.

Norsk presseetikk legg ikkje noko komplett veto ned mot å finansiere journalistikken slik, men om ein først gjer det, er det viktig å vere open om kven som står for finansieringa.

Uheldige bindingar

Ei klassisk problemstilling i kulturjournalistikken er gratis tilgang til produkt for testing.

Det er me dessverre heilt avhengige av for å lage journalistikk og kritikk. Utan tidleg tilgang blir det vanskeleg å drive reell forbrukarrettleiing, men det bidrar også til å skape uheldige bindingar mellom oss og dei me skal drive journalistikk mot.

I ein ideell verd hadde me tatt rekninga for alt dette sjølv.

Som redaktør for hardware får eg jamleg tilsendt maskinvare og dingsar til mange tusenvis av kroner, ofte før lansering. Det burde me også helst betalt for sjølv, men då hadde me ikkje kunne dekka hardware i det heile.

Ei mellomløysing blir å takke nei til alt me ikkje har tenkt å teste, sende tilbake det me ikkje skal ha til samletestar og passe på at våre skribentar aldri sel noko vidare.

Personleg bruk skal aldri vere motivasjonen for redaksjonelle testar.

Skapplass må ein ha ein del av som testredaktør.
Mikkjell Lønning

Skal vere rause

I ny og ne kjem spelkritikarane våre med så kvasse angrep at det utløyser retten til det me journalistar kallar samtidig imøtegåing.

Det er handlar om såkalla sterke skuldingar av faktisk art. Samtidig imøtegåing og tilsvar er daglegdags i nyheitsjournalistikken, men i ny og ne slår dette også ut i meiningsjournalistikken.

Viss eg skuldar ein spelutviklar for å bevisst utnytte mikrotransaksjonar for å lure barn til å bruke pengar, er det noko utviklaren bør få svare på. Eg er også plikta til å undersøke kva som stemmer.

Dei siste åra har norske aviser også opna for å gi tilsvar i produkttestar med dei lågaste karakterane.

Det er lenge sidan me har slakta noko så grundig at det har vore aktuelt for oss, men om me kjem fram med kjøtøksa, skal me vere rause me og la motparten kome til orde.

Feil, feil og fleire feil

Men no har eg ridd for lenge på min høge, presseetiske hest.

Det har nesten blitt ein eigen journalistisk sjanger å forsvare eigne etiske val gjennom typiske faktaboksar som «derfor gjorde me dette», «derfor publiserer me» og «kvifor identifiserte me X».

Gamer følger sedvane og retningslinjer for norsk presseetikk, men det betyr ikkje at me gjer feil.

Tvert imot.

Me, og eg, gjer feil heile tida.

Gamer har aldri blitt felt i den norske sjølvdømmeordninga for presseetikk, Pressens faglege utval, men det handlar nok først og fremst om at me ikkje blir klaga inn.

Små medium hamnar sjeldan i PFU-systemet, men det finst sikkert rikeleg med eksempel på presseetiske overtramp i arkivet vårt.

Gamer.no, og stort sett alle redaksjonelle medium, skiljer redaksjonen frå dei som sel annonsar. Ansvarleg redaktør har redaktøransvar for innhaldet i annonsar, men journalistane har ikkje snøring på kva annonsar som kjem.
Faksimile 19. april

Alltid litt betre

I fjor valde me raskt å trekke ei melding som følge av ein av skribentane våre si binding til ein utgivar, som me ikkje var kjende med.

Det er vårt ansvar som redaktørar.

Då kan me ikkje anna enn å legge oss flate, og love at me gjer vårt beste for at det ikkje skjer igjen.

I etterkant har me endra rutinane våre og oppdatert frilanskontraktane våre, slik at me har betre kontroll over eventuelle bindingar.

Så ja, redaksjonelle media gjer mange feil, men me vil alltid strekke oss det ytste me kan for å lære av feila og hindre at dei blir gjentatt.

Det aller viktigaste er at me er opne om feila me gjer, tar til oss kritikk og beklagar når det er rom for det. Berre slik at kan me bygge opp att tilliten me tapar.

Verdas beste

Og når det først går veldig gale, har Noreg det eg meiner er verdas beste sjølvdømmeordning for presseetikk.

Var varsam-plakaten er den etiske rettesnora for norsk presse. Eg anbefaler alle å lese plakaten på Presseforbundets sider.
Faksimile

Meiner du på død og liv at me faktisk er kjøpt og betalt i meldinga av eit nytt storspel, og me verkeleg har gått på trynet, kan du klage oss inn til PFU for ei uavhengig vurdering.

Det gjer du her.

Me ønsker også å ha ein dialog med lesarane våre, og du er høgst velkomen til å sende oss ein e-post om du har noko på hjartet om korleis me arbeidar.

Det sit igjen

Tolv år etter Gamergate er det framleis mange som har ein ibuande skepsis mot speljournalistikk.

Kulturkrigens frontkjemparar held framleis våpena parate, og me ser jamlege slag i våre eigne kommentarfelt. Noko godt har likevel kome ut av Gamergate for pressa.

Redaksjonane har fått ei større forståing av kor viktig det er å spele med opne kort. Truverd og tillit er sjølve fundamentet for journalistikken vår, og det klarar me ikkje halde på utan transparens rundt metodane våre, bindingane våre og feila me gjer.

Me lovar å alltid strekke oss etter dette.

Det same får du ikkje av innhaldsskaparane på YouTube og Tiktok. Derfor syns eg framleis du bør følge med på dei dyktige spelmeldarane som eg og Fredrik er så heldige å jobbe saman med her på Gamer.no.

Du treng ikkje like kva me skriv, men du skal kunne stole på at du får eit så uavhengig og kritisk blikk som mogleg. Kanskje blir du til og med litt utfordra.

Og går me først på trynet, skal me jaggu meg legge oss flate.

Siste fra forsiden