25
Sniktitt

Towa and the Guardians of the Sacred Tree

Kan bli eit japansk Hades

Med eit sjarmerande ytre og intense kampar satsar Towa på å bli din neste rouglite-favoritt.

I Towa and the Guardians of the Sacred Tree tek du på deg rolla som åtte voktarar som saman med Shinju-prestinna Towa må bekjempe vonde Magatsu. Spelet kjem til oss frå Mana-veteran Shinichi Kameoka og hans studio Brownies, noko som merkast veldig tydeleg i den visuelle stilen som byr på fargerike område henta rett ut av ei eventyrbok, sjarmerande figurar og det som jamt over framstår som ei skikkeleg triveleg verd, trass demonane i den.

Dette er kanskje ikkje det mest grafisk imponerande spelet du får prøve deg på i år, men du verda så sjarmerande det er. Saman med herleg musikk frå Final Fantasy XII-komponist Hitoshi Sakimoto skapast verkeleg ei kjensleg av kos.

Towas kampar klarar å gjere noko nytt i ein veletablert sjanger.
Øystein Furevik/Gamer.no

Drep demonar, bli sterk

Kos er derimot ikkje det du vil bruke mykje av tida di på. Dette er Roguelite i stil med Hades, ikkje Stardew Valley. Towa – som vi kallar det frå no av – gjer ting på sin eigen måte. Du spelar knapt som Towa, personen spelet får sitt namn frå. I staden vel du mellom dei åtte voktarane hennar. Dei har alle sine unike eigenskapar og ferdigheiter, og i par på to legg dei ut på tokt for å fjerne demonar og berge verda.

Toktet går i grove trekk ut på å utforske ein serie med rom. Desse romma kan vere alt frå faktiske rom i ei grotte, til ei glenne i ein skog. I kvart rom finn du ei mengd fiendar, og når dei dukkar opp kjem ei ny mengd, heilt til alle er borte, du får ein premie i form av ressursar eller kort som gir deg ulike styrker, og kan velje ei dør til neste rom. Døyr du må du starte heile toktet om att frå rom ein, eller gå tilbake til lansbyen.

Towa stikk seg ut frå liknande spel grunna fokuset på at du alltid går i tospann. Den eine krigaren er leiaren, medan den andre har ein støttefunksjon og kan kaste to ulike former for magi. Ein diger bamse med stor apetitt kan til dømes kaste elektriske kuler som snurrar rundt han, og mane fram ein diger neve som slår i bakken.

Rollefiguren du vel som leiar får ei langt meir aktiv rolle, og der eg i starten sat med eit lite grin og lurte på om eg hadde gjort noko feil i å ta på meg jobben å kike litt på dette spelet, har det i løpet av timane som gjekk utvikla seg til å bli ufyseleg moro.

Sjefskampane krev at du veit kva du driv med.
Øystein Furevik/Gamer.no

To våpen, eit triks

Leiaren har alltid to sverd som kan bytast mellom ved ynskje. Spesielt med dei er at dei mistar kraft etter bruk. Då må du skifte med eit valdeleg byks gjennom fiendane, og slå frå deg med det andre sverdet i staden. Dette aleine er nok til å klargjere det no kraftlause sverdet for nye angrep, og å bykse fram og tilbake mellom sverda er absolutt ein taktikk du kan tene på.

Ta til dømes figuren Rekka. Med det eine sverdet slår ho hardt frå seg med god rekkevidde, det andre har kortare rekkevidde, men angrepa skjer ikkje framover, men rundt ho. Med sistnemnde kan du halde inne angrepsknappen for å lade opp eit sirkelangrep som blir liggande der du aktiverte det, og slår unna fiendar.

I ein slik sigtuasjon kan du utnytte kaoset for å kaste magi med hjelparen, bykse til fiendar, høvle over dei, og lage kjøtdeig av alle som står i din veg.

Å reagere kjapt viste seg raskt å vere nøkkelen til suksess her, og om du har trua på deg sjølv er det måtar å briljere på. Med jamne mellomrom får du kort som premie, og desse kan ha effekt på våpna og krigarane dine. Eitt kort auka til dømes skade på all magi, men set ned leiarens helsepoeng til eit stakkarsleg poeng.

Det er slikt som skjerpar deg. Det er fascinerande kor langt ein kan kome seg på eitt poeng når ein veit at ein ikkje toler eit einaste slag. Spesielt i sjefskampar der det kan framstå som om 100 ting skjer på ei og same tid.

Du kan lage eigne sverd, heilt ned til kva form det har.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mellom slaga

Det meste av tida di ser absolutt ut til å gå med på å utforske farlege rom, men mellom øktene vil du få ta turen til ein koseleg liten landsby der du får blir betre kjend med verda, og kva som eigentleg skjer. Her finn du folk som har litt å seie, og litt å tilby.

I landsbyen får du oppgradere krigarane dine, smi våpen i eit overraskande innvikla minispel, eller bruke ressursar på å bygge opp landsbyen. For den som meiner ingen japanske spel kan stå stødig utan moglegheita for å fiske, kan du sjølvsagt det òg.

Det er òg i landsbyen det meste av historia ser ut til å bli fortalt. Det blir ein del dialogar her, og ikkje alle har vore like spanande. Dei som driv historia vidare har likevel vore både artige og til dels spanande å følgje med på. Spelet ser ut til å kapre ei god eventyrstemning, ikkje langt fjerna frå dei klassiske Mana-spela Kameoka var med på å skape.

Det ser ikkje ut til å vere så mykje ei drivande historie her, som ein vedvarande stad der du sakte jobbar deg mot nye mål.

Det har sine stunder dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Towa and the Guardians of the Sacred Tree har potensiale til å kunne bli eit skikkeleg underhaldande rouglite-spel. Den sterkaste indikasjonen på det er at eg har lyst til å spele meir. Eg har lyst til å utforske dei ulike voktarane meir, finne nye kombinasjonar av kven som passar godt saman, og lære meg nye måtar å bli enda meir effektiv på.

Om du leitar etter eit eventyt der du føl ei historie steg for steg fram mot ein endeleg konklusjon, er ikkje dette spelet for deg. Om du derimot først og fremst er på jakt etter eit underhaldande actionspel som kanskje gjer ting hakket annleis enn konkurrentane, og ikkje seier nei takk til litt sysling i ein landsby mellom øktene, bør du halde eit lite auge med Towa and the Guardians of the Sacred Tree.

Towa and the Gaurdians of the Sacred Tree kjem i sal frå Nintendo Switch, PlayStation 5, Xbox Series S/X og Steam (testa) 19. september.

Siste fra forsiden