Early Access-inntrykk

Jotunnslayer: Hordes of Hel

Norrøn monsterslakt av beste sort

Jotunnslayer: Hordes of Hel er kanskje ikkje originalt, men det er uhyrleg moro.

Ein god idé blir som regel imitert, kopiert og ein og annan gong overgått. Det krev sitt å finne på noko nytt og spanande, men ein skal ikkje kimse av dei som tek ideen og gjer noko meir med den heller.

Ved første augekast kan Jotunnslayer: Hordes of Hel framstå som ein noko kynisk kopi av Vampire Survivors. Det er bygd på same mynt der du vel deg ein helt med eit sett unike eigenskapar, og før du ser kor lenge du kan halde ut mot uendelege mengder fiendar. Alt du eigentleg treng gjere er å flytte på deg, medan helten din kastar om seg med stadig villare og heftigare angrep.

Forskjellane er likevel mange. Vampire Survivors er det eg audmjukt vil kalle eit retningslaust spel. Det er den type spel eg går lei etter ei stund fordi det er ikkje noko poeng med det heile. Du berre spring rundt, samlar oppgraderingar, blir sterkare og ser kor lenge du kan halde ut før overmakta blir for overmektig. Deretter gjer du det heile igjen, og igjen og kanskje ein gong til.

Jotunnslayer gjer det same, men annleis. Du skal framleis velje mellom ulike figurar, du skal framleis bygge dei opp, men det er eit mål med det heile. Avhengig av kva vanskegrad du vel på eit brett har du alt frå 10 til 20 minutt på deg for å gjere deg klar for å mane fram ein jotne som du må ta knekken på for å vinne. Det heile skjer òg innanfor eit avgrensa område. Dette aleine skapar eit fokusert spel med eit mål; du må bli så kraftig som mogleg før tida er ute.

Alt må starte ein stad.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fire svært ulike krigarar

For å vinne i Jotunnslayer: Hordes of Hel må du drepe fiendar. Mange fiendar. Drep du mange fiendar får du mange erfaringskrystallar, og får du mange av dei, går du opp i nivå. Kvar gong du går opp i nivå får du ei ny kraft, eller du kan forbetre ei kraft du har frå før. Problemet er at kvar gong du går opp i nivå får du berre velje mellom tre tilfeldig utvalde krefter, og du får ikkje alltid det du vil ha, noko som tvingar deg til å bli tilpassningsdyktig veldig kjapt.

Der Vampire Survivors skor seg på så mykje kvantitet i form av figurar du kan velje at alle bør kunne finne seg noko dei likar, byr Jotunnslayer per no berre på fire krigarar. Desse er derimot mykje meir gjennomtenkte og komplekse enn kva vi finn i Vampire Survivors. Vi finn ein barbar som gjer seg best i nærkamp, ei volve som skyt magi på fiendar, ein bogeskytar med jakthund på slep, samt ei dame som brukar eld og fart som sine viktigaste våpen.

Alle kjem med eit sett unike eigenskapar, våpen og krefter, og er svært ulike å spele. Du kan raskt finne at eit brett går lett med ein figur, men byr på så store utfordringar med ein annan, og at du må legge om taktikken din.

Spelet byr på eit mylder av ulike eigenskapar du kan låse opp etter kvart som du blir betre. Dei mest spanande er sjølvsagt dei aktive eigenskapane, for det er dei som synleg gjer skade på fiendane. Her finn vi eit mylder av ting som kan skade fienden; kuler som svevar i ring rundt deg, pulserande lys, lyn som treff tilfeldige område, ormar som snirklar seg mot fiendar. Det er mykje å velje i, og alt er enten gudekrefter, eller krefter unike for din valde krigar.

I tillegg til dette finn vi ein haug med passive krefter som kan gjere deg raskare, sterkare, flinkare til så suge til deg erfaringskulene fiendar etterlet seg og mykje meir.

Slik ser ei norrøn drapsmaskin ut.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit fyrverkeri

Mykje av gleda kjem gjennom å sjå korleis det heile tek av etter kvart som du klatrar opp i nivå. Mange krefter kan oppgraderast ein til fleire gongar, medan dei aktive våpna dine kan utviklast og transformerast til nye og heftigare variantar. Guden Tor kan til dømes gi deg krafta Sentinel, der ei blå kjempe står og sender lyn til fiendane. Når denne utviklar seg er det heller du som sender ut mektige lyn til alt som kjem for nær.

For kvar fiende du drep har du ein sjanse for å samle inn pengar du kan bruke for å oppgradere både krigarane dine og gudane som gir deg krefter. Du kan oppgradere alt frå aktive krefter, til passive bonusar som kor raskt du går og kor hardt du slår. Skulle du angre deg er det berre å velje om, og du er aldri låst fast til noko.

Du er fri til å velje og vrake og eksperimentere så mykje du berre vil, og det er noko av det som gjer Jotunnslayer: Hordes of Hel så moro. Ein annan grunn er den fantastiske presentasjonen. Der Vampire Survivors er eit pikselspel som visuelt ikkje prøvar å vere noko anna enn nostalgisk for godt vaksne folk, satsar Jotunnslayer på å vere ein fest for auga. Det er mørkt og grimt, har eit solid og kreativt utval fiendar, og så mange spesialeffekter at ein nesten blir blind.

Å sjå det heile gå frå ein einsleg krigar som nesten skyt på fiendane med halvtom vannpistol, til eit monster omringa av lys og flamme er stor moro. Samstundes må det seiast at dette spelet ikkje hadde vore den same utan musikken. Ein høyrer når eit spel meiner alvor, og Jotunnslayer meiner alvor. Det er stort, barskt og blandar tradisjonsinstrument med moderne produksjon på ein måte som kan minne om Wardruna, om dei var eit orkester som gjorde mytteri fordi dei ikkje fekk spele metal.

Dei ulike bretta byr på diverse utfordringar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Jotunnslayer: Hordes of Hel er eit av desse «early access»-spela som framstår ferdig. Alt som trengs vere her er på plass, og eg har hatt mange timar med moro over den siste veka. Spelet er godt balansert, har ei god progresjonskurve og er like moro kvar gong.

Spørsmålet er kva som vil skje når ein har maksa ut figurane og ikkje har meir å oppgradere. Det mest openbere tilskotet er nye brett. Akkurat no får vi berre bryne oss på to. Dei er derimot så ulike og byr på så forskjellige utfordringar at det blir veldig spanande å sjå på kva dei andre bretta vil by på når dei blir tilgjengelege. Spelet skal òg få nye krigarar og gudar i tida framover.

Akkurat no framstår eigentleg Jotunnslayer: Hordes of Hel som det perfekte pausespelet. Det er eit spel som ikkje krev mykje tid, kan spelast aleine og kan plukkast opp for ei kjapp økt på 20 minutt eller mindre. Om du likte Vampire Survivors, men skulle ønske det var hakket meir ambisiøst, bør du ta ein nærare kikk på Jotunnslayer: Hordes of Hel.

Jotunnslayer: Hordes of Hel blir lansert i «early access» på Steam den 21. januar.

Ledige stillinger

Siste fra forsiden