25
Anmeldelse

Jötunnslayer: Hordes of Hel – Conan

Pur moro frå ende til annan

Jotunnslayer: Hordes of Hel slår hardt fast at det enkle kan vere det beste.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Games Farm

Ja, vi er lovleg seine her. Jötunnslayer: Hordes of Hel har vore ute på PC ei god stund, hoppa ut av Early Access i haust, og blei samstundes lansert på Xbox Series S/X og PlayStation 5. Denne våren fekk vi ein ny sjanse til å kike på spelet, då ei flunkande ny oppdatering med sjølvaste Conan blei lansert.

Med han kjem eit nytt kart, ein ny gud, og ikkje minst lokal samarbeidsspeling for to spelarar.

Dette er eit spel som krev lite av deg for å kome i gong.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kva er dette då?

Om du ikkje er kjend med autokamp-sjangeren er det noko som blei alvorleg popularisert med Vampire Survivors. Du har gjerne fleire ulike figurar å velje mellom, og du tek dei med deg i kampar der ditt fremste mål er å unngå for mykje nærkontakt med dei hundrevis, om ikkje tusenvis av fiendar som svermar rundt deg.

Vrien her er at du ikkje aktivt trykker på knappar for å utføre angrep. I staden styrer du ein figur som kjempar sjølv og kastar ut magi med jamne intervallar. Kjem du nær ein fiende vil den slå eller skyte med det den måtte ha av våpen, og etter kvart som fiendar døyr slepp dei erfaringskrystallar som lar deg gå opp i nivå.

Det er her moroa byrjar. Kvar gong ein går opp i nivå får ein velje mellom ei rekke oppgraderingar og eigenskapar baserte på gudar henta frå norrøn mytologi.

Når du har samla nok erfaringskrystallar får du ei oppgradering.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ta den, Gud

I Jötunnslayer: Hordes of Hel får vi to ulike typar krefter. Dei passive kreftene er alt frå betre helse, meir erfaring, høgre fart og diverse andre passive bonusar som gjer deg kraftigare under panseret.

Dei aktive kreftene er dei som lagar kaos, og du kan ha fem av dei. To aktive krefter får du får helten du har valt å spele som. Alle heltane er unike, og har eksklusive eigenskapar og angrep. Vi har til dømes ei trollkvinne som kan la lysande kuler svirre rundt seg for å angripe alt som kjem nær, eller kanskje sende ut magiske kuler for å drepe fiendar lenger unna.

Den nye helten Conan har på si side meir fysisk råskap å by på. Han har krefter form av sverd som hamrar det som kjem nær Conan, eller eit skjold som kan rikosjere mellom fiendar.

Ved sidan av dei to aktive heltekreftene kan du alltid ha tre aktive gudekrefter, og her finnest mykje å velje i. Vi kan få hjelp frå gudar som Loke, Tor, Skade og mange fleir, og du kan kombinere og eksperimentere så mykje at ein aldri blir heilt ferdig med minmaksimeringa.

Tor kan til dømes la deg sende lyn mot alle fiendar som kjem nær, Frøya kan lage ei ei glødande sone som skadar alt nær helten, medan draken Nidhogg kan sende ut ein giftig stråle som angrip fleire fiendar.

Det er mykje å velje, i, og etter kvart som ein går opp i nivå kan kreftene oppgraderast slik at dei gjer mykje meir skade. Til slutt vandrar ein rundt som eit mobilt inferno med ei sfære av mannevond energi rundt seg som etsar opp alt som kjem nær. God moro.

Det er slikt eg draumer om kvar natt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Perfekt porsjonskontroll

Av og til vil ein ikkje halde på lenge. Av og til treng ein berre ein såkalla quick fix. I over eit år har Jötunnslayer: Hordes of Hel gjeve meg akkurat det. Om eg kjedar meg litt, er litt lei, orkar ikkje gå i gong med det spelet eg veit vil ta den neste veka, er 20 minutt med Jötunnslayer: Hordes of He heilt perfekt.

Dette spelet går på tid. Avhengig av vanskegrad har du opp mot 20 minutt på deg til å knuse fiendar, oppgradere helten, utføre enkle oppdrag, og heilt til slutt knuse ein mektig jotun.

Det er ei nydeleg oppskrift, men om du skulle ville ha meir byr spelet på ein evig modus der du kan halde på så lenge du vil, om du lev lenge nok.

Med Conan-oppdateringa har spelet òg fått ein heilt ny modus; fleirspelar. I denne vil to spelarar rulere om kven som går opp i nivå, medan ein samarbeider om å drepe skrømt. Kvar spelar får ein færre av både helte- og gudekrefter, men totalt sett har ein langt meir eldkraft mot fiendane.

Heilt smertefri var derimot denne modusen ikkje. Eg spelte på Xbox, og å trykke på Xbox-knappen kopla ut spelar to slik at eg sat igjen aleine med kontroll over to heltar utan noko måte å hente spelar to inn igjen.

Mellom øktene kan du kjøpe permanente oppgraderingar til både heltar og gudar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Musikk i verdsklassen

Jötunnslayer: Hordes of Hel har eit kult visuel design med stilige heltar, flotte spesialeffekter, og eit mylder av fæle beist som prøvar å ete deg til frukost.

Alt dette er vel og bra, og dei ulike banene er varierte nok i utsjånad og funksjon til at ein verkeleg merkar forskjellen.

Det er derimot ikkje det visuelle som for alvor dreg deg inn i dette spelet. Jötunnslayer: Hordes of Hel har noko av den beste musikken eg har høyrt i eit spel. Om du diggar pompøs, brutal symfonisk vikingmusikk som høyrest ut som metal-versjonen av Wardruna, har dette spelet nøyaktig den musikken du har lengta etter.

Musikken er så vilt fengande at eg tidvis har spelt berre for å kjenne på den kjensla eg får av å knerte beist til norrøne berserkertonar.

Eg blir nesten sint, på ein god måte. Skulle ynskje eg sjølv var den vesle figuren på skjermen som rasande slår frå seg.

Dobbelt så moro med to spelarar?
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det ser kanskje ut som Diablo på avstand, men autokamp-spel som Jötunnslayer: Hordes of Hel er sitt heilt eige beist. Her angrip du ikkje aktivt noko som helst, men styrer i staden eit farleg objekt innom det som finnest av fiendar.

Jötunnslayer: Hordes of Hel er blant dei beste spela i sjangeren. Det har glimrande tematikk, flott presentasjon, og ein heil haug med herlege krefter du kan bruke for å knuse alt av fiendar.

At musikken er heilt overlegen det meste anna der ute skadar heller ikkje.

Om du er ein av dei som leitar febrilsk etter noko du kan spele i korte økter fordi du maks har ein halvtime tilgjengeleg, er Jötunnslayer: Hordes of Hel nøyaktig det du leitar etter.

Jötunnslayer: Hordes of Hel er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og PC.

0
Jotunnslayer: Hordes of Hel
Fantastisk underhaldning for korte økter

Siste fra forsiden