25
Anmeldelse

Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack

Ei glede å spele

Betre seint enn aldri, vi har kosa oss med alkymi i tre sjarmbomber frå Japan.

Tecmo Koei

Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack er på ingen måte nye spel, men det er spel vi ikkje rakk over då dei i utgangspunktet blei lanserte, og sidan dei no er ute i ei samlepakke som inkulderer alt av ekstrainnhald og litt attåt, var det på tide at vi tok ein kikk.

Atelier Ryza: Ever Darkness & the Secret Hideout blei lansert i 2019, og blei starten på ein opptur for Gust og deira mangeårige alkymiserie. Oppfølgjaren Atelier Ryza 2: Lost Legends & the Secret Fairy blei lansert i 2021, medan det tredje spelet i serien Atelier Ryza 3: Alchemist of the End & the Secret Key, blei lansert i 2023.

Det vi får her er altså ikkje eitt, men tre spel som kan kjøpast separat om ein ynskjer det. Vi ser derimot på trilogien samla.

Dette er spela for folk med samlemani.
Øystein Furevik/Gamer.no

På bærtur

Om du er glad i å plukke, sanke, hauste, og lage, er dette spela for deg. Vi møter den sjarmerande unge jenta Ryza og hennar til dels sosialt klønete vener, som saman søker å forstå alkymi. Det er berre Ryza sjølv som har desse evnene, men venene hennar er pliktoppfølgjande med på vegen.

Den vegen består av veldig mange små stopp. Når eg seier veldig mange, då meiner eg veldig mange. Her stoppar du for kvar blome, kvar busk, kvar stein, og å komse seg frå A til B er som å gå i fotfara til ein blind, full mann på ein sykkel han ikkje har lært seg å bruke. Alt skal plukkast. Absolutt alt, ikkje fordi spelet seier du må, men det blir berre slik.

Kvar du enn er, om det så er i din trygge heimby eller på oppdagingsferd i grotter og fortryllande skogar, er det noko å plukke. Dette tar du med deg heim til rommet til Ryza, der ho i ei skikkeleg heksegryte set ting saman og lagar nye ting. Etter kvart lagar ho sigd, øks, hammar, fiskestang og insektnettt, og kan med nytt utstyr plukke nye ting som lar ho lage enda fleire nye ting.

Du forskar fram nye oppskrifter ved å fylle inn noder i ein slags cellestruktur med ressursane du har sanka inn, og får såleis stadig tilgang på nye ting. Dette er ikkje spel der du går til butikken og kjøper nytt utstyr, nei, her lagar du det frå grunnen av, oppgraderer det, og gir det eigenskapane du vil ha.

Han fyren her kunne kanskje fått ei runde til på designstadiet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje å halde styr på

Atelier Ryza er ein munter-trilogi. Du ser det på konseptkunsten, du høyrer det på musikken, og ein merkar det umiddelbart når ein byrjar å spele. Dette er spel for dei som treng å ta livet litt med ro. Slappe av, kose seg litt, og ikkje stresse. Det er sjølvsagt ei historie her, og den blir gradvis meir alvorleg, men store delar av det første spelet er Ryzas største problem å få mamma til å forstå alkymien hennar.

Det blir fort eit spel om å hjelpe folk, der ein på oppdrag frå landsbybuarane med alkymi lagar dei forskjellige tinga dei treng. Dette blir ein viktig komponent i historia òg, det mystiske ting skjer, havet trekk seg tilbake, og portalar kjem fram i verda som kan ta oss med til ei anna verd.

Stor dramatikk kan eg ikkje kalle det, men det er fornøyeleg, og spelets oppstemte humør blir forsterka av figurdesign som er umiddelbart sjarmerande. Hovudpersonane i dette spelet har umiddelbar utstråling av typen som gjorde vesten interessert i manga og anime i utgangspunktet, sjølv om det er eit todelt spel som både byr på noko av det beste designet eg har sett i slike spel på ei stund, men og noko av det verste.

Ein eldre alkymist ved namn Empel er til dømes noko av det mest japanske eg har sett på veldig lenge, og det er ikkje positivt meint.

Alkymi er ikkje kompliserte saker.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kampens dans

Å vere alkymist er sjølvsagt ikkje utan farar, og på ferda må Ryza og venene hennar både hanskast med monster som utgjer ei fare for landsbyen, men òg monster som lev i skogane og grottene du må utforske.

Her som med alkymien er alle tre spela bygd på nokon lunde same lest. Vi får turbaserte kampsystem som hentar meir enn berre litt inspirasjon frå gamle Active Time Battles frå Final Fantasy-serien. Her går tida konstant, og du må følgje med for å få gjort noko.

Du styrer derimot berre ein figur aktivt, medan dei andre blir styrt av spelet, men du kan bla mellom dei og byte kven du styrer med eit knappetrykk.

Det blir kanskje litt mange kampar, men kampsystema er gode. Dei er bygde på eit system der alt som blir gjort genererer poeng, og alle spesialangrep eller magiske krefter kostar ei gitt mengde av desse poenga. Du går aldri tom, må ikkje bruke gjenstandar for å kunne bruke magi, men må kanskje nøye deg med eit normalt angrep ein og annan gong.

Spesielt artig er korleis spela skapar samarbeid mellom dei tre figurane du til ei kvar tid har med deg i kamp. No og då gir dei små beskjedar, som at du må bruke ismagi, eller eit fysisk angrep, og om du gjer det dei seier, vil du aktivere eit ekstra angrep frå dei. Du kan til og med avbryte andre sine turar om du har nok poeng, ved å enten bruke gjenstandar eller eigenskapar.

Gjer du dette medan ein fiende er svimeslått eller gjer seg klar til å avfyre eit eige spesialangrep, kan du aktivere enda heftigare angrep, og denne driven gjer at kampane blir kjekkare desto lengre dei varer.

Etter kvart blir du òg så sterk at svake fiendar spring når dei ser deg, og du kan slå bort desse fiendane med eit slag, utan å gå i kamp.

Når fienden ladar opp angrep er han sårbar for lagarbeid.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt på ein stad

Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack er først og fremst ei samling med tre spel, men det er meir enn berre det. Ei rekke forbetringar har blitt implementert over alle dei tre spela, der meir lagringsplass for alt du plukkar med deg, samt betre oversikt over kor mykje du har plukka er blant dei viktigaste punkta.

Vidare byr alle spela ikkje berre på grunnspela, men alt ekstramateriale som har blitt laga for dei.

Ved sidan av dette byr alle spela på nye spelbare figurar, nokre nye episodar med nye historier som kan vise ting som aldri blei vist før, nye kart, og ei rekke andre ting for dei som vil ha meir. Om du berre må kle heile eventyrlaget ditt i badebukser og bikini, ver så god.

Om det du spelar for er ei god, djup historie er ikkje dette spela for deg, men om du kanskje treng ei pause frå dette er Atelier Ryza midt i blinken. Det blir tidsnok tid for drama og heltar som må redde dagen, men først og fremst handlar desse spela om å knerte monster til fengande musikk, plukke med seg alt ein kan, og lage nye ting.

Atelier Ryza-spela byr på ei koseleg verd.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack er tre kjempekoselege spel med topp stemning og muntert humør. Musikken er leiken, lett og fengande, og eventyret er lettbeint og ikkje like gravalvorleg som mykje anna spelverda har å by på. Det er fyllt med lettbeint humor og ein munter tone som gjer det svært hyggeleg å bli med inn i denne verda.

Det er tre pene spel, sjølv om det ikkje gjer noko avansert, men designet er for det meste godt, og den fargerike paletten er som ein frisk bris ein solrik dag i mai.

Desse spela er mest for dei spesielt interesserte, dei som verkeleg kosar seg med japanske rollespel, og som kanskje saknar 90-talet litt då alt var litt meir optimistisk og fargerikt. Om du kosar deg med å samle, lage, og kjempe mot monster i gode, turbaserte kampar, byr Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack på mange timar med god underhaldning.

Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack er ute no på PlayStation 4, PlayStation 5, Switch, Switch 2 og Windows.

0
Atelier Ryza Secret Trilogy Deluxe Pack
Tre herleg koselege og avslappande spel

Siste fra forsiden