Dragon Quest VII er kjent som eit av dei største spela i Dragon Quest-serien. Det er ikkje småtteri. Dragon Quest er legendarisk. Det er serien som så og seie starta JRPG-sjangeren, og kom før det første Final Fantasy-spelet. Det er òg ein serie som i motsetning til sin brorserie har halde fast ved tradisjonane, og ikkje tek store sjansar med formelen.
I staden for nyvinning har seriens far Yuji Horii satsa på å fortelje gode historier i trygge rammer der spelarane veit kva dei får; minnerike reiser gjennom fantastiske miljø krydra med figurane til Akira Toriyama og musikken til Koichi Sugiyama.
Ein ny start
Dragon Quest VII blei lansert av Enix på PlayStation i Japan i august 2000, ein månad etter Squaresoft lanserte det visuelt imponerande Final Fantasy IX på same konsoll. Ein kunne tru det var mange generasjonar mellom dei, for der Final Fantasy IX var eit av dei mest imponerande spela laga til konsollen, var Dragon Quest VII alt anna. Med simple, tredimensjonale område, og enkle todimensjonale figurar, rynka mange på nasa allereie før det kom ut.
Det stoppa ikkje rollespelfans i heimlandet Japan frå å straume til butikkane, og spelet selde 3,57 millionar kopiar på 17 dagar. Det tok Final Fantasy IX fleire månader å nå liknande tal.
Det er altså ikkje heilt ut av det blå at akkurat dette spelet er det neste Dragon Quest-spelet Square Enix har valt å pusse opp, og for ein jobb dei har gjort. Dette er utan å overdrive eit makelaust spel. Om du skal spele berre eitt japansk rollespel i år, bør det vere nettopp Dragon Quest VII Reimagined. Om du skal berre spele eitt japansk rollespel i ditt liv, er dette ein soldeklar kandidat.
Dragon Quest VII Reimagined er ikkje berre ei ny utgåva i penare drakt, det er ei total omarbeiding av heile spelet, der mykje er fjerna eller omarbeida, og fleire ting er lagt til. Sluttproduktet er eit spel som er mest som ein parade av alt vi nokon gong elska med japanske rollespel. Det er eit spel som respekterer sitt opphav og spelarane, og fornyar der det tener spelets beste.
Store forteljingar startar smått
Dragon Quest VII Reimagined startar på ei aude øy i havet. Der møter vi den namnlause helten, og venene hans Maribel og Kiefer. Saman utforskar dei øya, og er overbeviste om at det må finnest noko meir der ute. Kan dei verkeleg vere heilt aleine i verda?
Det er dei naturlegvis ikkje, og det tek ikkje lang tid før vi finn vår første bit av ei steintavle, og eit mystisk tempel der slike tavler kan brukast for å reise tilbake i tid, til område i verda som no er borte.
Det som ventar er eit stort eventyr der vi samlar steintavler, reiser til nye øyer og løyser problema der slik at øya kjem tilbake i notida. Sakte, men sikkert blir verda større, og vi får fleire område å reise til, og fleire måtar å reise på. Du kan når som helst bruke Zoom-magien for å reise tilbake til stadar du har vore før, men vi får etter kvart ein båt som kan ta oss med til nye øyer, og til slutt eit flygande teppe som opnar kartet enda meir.
Dragon Quest VII Reimagined er bygd opp nøyaktig slik eg hugsar dei gamle perlene. Kjensla eg fekk då er inderleg sterkt tilbake i dette spelet, og ein merkar det i alle krikar og krokar.
Frå dei mellomstore tettstadane som aldri blir så store at ein går seg vill, til folk som aldri seier meir enn nødvendig, til butikkar som alltid har noko nytt på lager og vidare til ei herleg verd du får springe rundt i med store figurar i miniatyrlandskap. Dragon Quest VII Reimagined er ein nostalgisk fest som likevel er dagsaktuell.
Verda blir stadig større, er full av skattar å finne og det er vanvittig vanskeleg å ikkje spele berre litt til.
Sorgtungt
Sjølv om utviklarane har modernisert spelet, er Dragon Quest VII Reimagined på ingen måte eit spel som har modernisert seg bort frå røtene sine. Dette er eit mykje smidigare spel enn originalen, men det er framleis eit godt, gammaldags japansk rollespel.
Det er ei glede å spele det, for spelets oppbygging er eigentleg heilt genial. Vi får servert mange korte historier der kvar øy er ei isolert forteljing. Vi reiser tilbake til fortida, ja, men når vi er ferdige der får vi besøka øya i notida, for å sjå korleis samfunna der har utvikla seg.
Fleire av historiene er mørke, dystre og triste i sterk kontrast til den dioramainspirerte visuelle stilen, med sine dokkeliknande figurar. I ei forteljing, som startar med regn som gjer folk om til stein, utviklar det seg til ei tragisk historie om to personar som ikkje fekk kvarandre, og korleis slike livskriser kan påvirke folk ulikt.
I ei anna forteljing møter vi ein liten landsby fanga av framandfrykt, og når vi har løyst konflikta, og reist tilbake til notida, får vi møte ein stad der innbyggarane har skrive om historia for å måle seg sjølv i helteglans, medan dei som eigentleg rydda opp blir skildra som fiendar.
Dragon Quest VII Reimagined byr på mange, gode historier, men dei er alle av ein storleik der det toppen tek ei handfull timar å spele gjennom dei, nokre gongar berre ein time eller to. Det er òg veldig godt lokalisert, med god dialog som ofte får fram både kva tidsalder vi er i, men òg gir forskjellige stadar i verda ulike måtar å prate på. Mest av alt er dei menneskelege, og det er lett å relatere til dei, trass dei fantastiske elementa som ofte er til stade.
Erketradisjonelt
Dragon Quest VII Reimagined er eit godt, gammaldags turbasert rollespel. Kvar gong du møter ein fiende ber det ut i kampar der du vel eigenskapar frå ein meny, og ser korleis det går.
Vi møter etter kvart eit lite følgje med ulike heltar, og dei er alle svært forskjellige. Alle kjem med sin eigen jobbklasse, men utover i spelet får vi lov til å leike oss med alt det andre spelet byr på. Først får vi byte jobb, og kan gå frå å vere riddar til å bli seglar, om vi så vil, men etter kvart får vi kombinere, og bruke to jobbar samtidig.
Det er stor moro, og spesielt med å bygge dei opp. Bygger du opp ein klasse til maks, kan den låse opp ein ny klasse, og ulike kombinasjonar av klassart låser opp diverse unike jobbar som kan by på mange artige knep å leike seg med.
Etter kvart som ein går til kamp og sankar inn erfaringspoeng vil ein òg merke at ein blir sterkare enn fiendane i eit område. Kampar startar ved at du angrip fienden, eller fienden angrip deg. Etter kvart vil du bli så mykje sterkare enn fiendane i eit område, at dei blir nedkjempa av dette slaget aleine. Etter kvart flyktar dei når dei ser deg. Det er ein artig detalj som er med på at ein kjenner korleis ein blir mektigare.
Spelet lener som mange andre japanske rollespel i retning av å vere i enklaste laget, men utviklarane har gjort nokre fine grep for å unngå dette. Du kan sjølv justere vanskegrada på fleire vis. Du kan skru opp og ned kor mykje skade du gjer, kor mykje skade fiendane gjer og ikkje minst kor mykje erfaring du får.
Det går òg an å automatisere kampane ved å skru på taktiske ordre for alle, eller enkelte heltar. Du kan velje at alle kjemper av seg sjølv, eller at berre nokre gjer det, og du kan velje om dei skal berre gyve på, eller vere forsiktige.
Konklusjon
Dragon Quest VII Reimagined er eit nydeleg spel. Det er eit spel for alle som elskar, eller har elska japanske rollespel. Dette er klassisk JRPG på sitt aller beste. Vi får eit stort, omfattande spel med mange små historier som varierer frå det lettbeinte til det tragiske.
Square Enix har skapt ei ubegripeleg sjarmerande verd, med nydeleg grafikk som løftar fram den klassiske måten å spele rollespel på, og gjer den dagsaktuell. Det er så godt gjort at dette burde vere malen alle nyversjonar blir bygde på. Ein kan lett draume seg vekk ved tanken på korleis eit Chrono Trigger eller Final Fantasy VI bygd på denne måten kunne sett ut. Dette er japanske rollespel slik dei var, slik vi hugsar dei frå gullalderen.
Det er slik det skal gjerast. Med respekt for originalen, for spelarane og for sjangeren. Dragon Quest VII Reimagined er eit kunststykke, og eit spel alle JRPG-fans må spele.
Dragon Quest VII Reimagined lanserast på PlayStation 5 (testa), Switch, Switch 2, Xbox Series S/X og Windows 5. februar.