25
Anmeldelse

The Outer Worlds 2

Rett i blodåra

Det er tydeleg at Obsidian har storkosa seg under utvikla av sitt nyaste rollespel.

Øystein Furevik
Spillredaktør

Vårt eventyr startar ein stad i det uendeleg digre verdsrommet. I sci-fi-fantasi anno 50-talet møter vi det som framstår mest som ei blanding av Fallout, Borderlands og kanskje ei klype Firefly. Oppstarten består i å skape sin eigen figur, velje utsjånad, bakgrunn og alle viktige detaljar, før ein får møte mannskapet på skipet. Deretter går det fort unna, og det som tilsynelatande skulle vere ei greit oppdrag endar opp med å sende deg sovande ut i kryosøvn i mange herrens år.

Nokre år seinare blir du redda, og får ta opp igjen virket ditt som ein agent som strengt tatt er sin eigen lykkesmed som stort sett gjer alt etter eige ynskje. Vi får reise til ulike planetar og område, og der har dei fleste konliktene – som det er mange av – sitt utspring i gnissingane mellom tre mektige fraksjonar.

Den er no triveleg, denne kapitalistbyen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kven skal styre verda?

Vi møter Auntie's Choice, eit gigantselskap som er resultat av ein fusjon mellom Auntie Cleo og Spacer's Choice frå det første spelet. Her handlar alt om å vakse seg enorm gjennom knallhard kontroll over marknadskreftene. Dei sel deg det du trur er personleg fridom, medan det eigentleg handlar om å selje billeg skit dyrt. Ironien i at Obsidian har laga dette spelet sjølv om dei er eigd av eit konsern som elskar å kjøpe opp andre er ikkje tapt på meg.

Deretter kjem monariket som gjennom strenge reglar for korleis livet skal levast får sine undersåttar til å tru at tydelege rammer gir livet meining. Dei som vikar frå indoktrineringa blir sendt på treningsleir i beste 1984 stil, og kjem tilbake som nye, betre menneske.

Til slutt sit vi igjen med kyrkja som har bygd ein religion rundt vitskap og matematikk. Dei baserer seg på profetiar som i realiteten er svært vage matematiske utrekningar om kva som kanskje kan skje, og konverterer fritenkarar ved å forklare dei kor farleg det er å gjere noko utan ein matematisk spådom å starte dagen med.

Det finnest òg andre, mindre aktørar som dukkar opp som nyanserande krydder og viser at folk er folk, på godt og vondt.

Her vil mange vere uenige, og eg kan sjå det kome, men eg nyt korleis Obsidian har inkludert desse fraksjonane. Dei får samtlege til å sjå ut som tvers igjennom spinn hakkande galne psykopatar, men likevel kan ein no og då sitje igjen med ei kjensle av at ja, dei har eit poeng. Det er ingen som er den store stygge ulven her. Det er folk som er lidenskapleg overbevist om at dei er på rett kurs i livet, og spelet viser dette frå mange forskjellige sider.

Obsidians forfattarar har menneskelggjort og nyansert denne verda, i staden for å gå i fella å moralisere og fortelje spelaren kva som er rett å gale. Alt er gale om det går for langt.

Du skulle berre visst, Charlton.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fantastisk persongalleri

Desse fraksjonane er uansett berre eit bakteppe. Det er i møte frontfigurane deira, og alle dei ulike menneska som bur i denne verda at den store moroa skjer. Kvar gong eg kjem til ein nye stad spring eg for å finne nokon å prate med. Dialogane i dette spelet er av uvanleg høg kvalitet, dei gir meining, og eg får verkeleg kjensla av at eg vår vere ein deltakar i staden for tilskodar. Tommelen som ofte hoppar over dialog når den blir for lang eller keisam, kviler.

Det er i staden denne delen eg likar absolutt best. Når eg får prate med folk, gjere dialogval som dyttar meg den eine eller den andre vegen, og frå sjå dei ulike utfalla. Å finne ut nøyaktig kor forskjellige utfalla blir utan å spele eit stort spel fleire gongar er ei umogleg oppgåve å utføre i den korte tida vi har på å få runda spelet før lanseringsdagen, men eg har eksperimentert. Avhengig av kva eg har sagt eller gjort har til dømes følgjarar valt å snu meg ryggen for godt, noko som kan fjerne store eventyr frå spelet.

Eg har både øydelagt og redda ein heil by, og eg alliert meg med folk eg kjapt kunne blitt fiende med. Om ikkje anna så byggjer The Outer Worlds 2 opp ei kraftig kjensle av at du betyr noko, og at det du vel å seie og gjere kan ha mykje å sei.

Kvart område har og ei heilt eige stemning, og ei eiga historie som ein får oppdage meir av etter kvart som ein fartar rundt. Ein gong var det første som møtte meg då eg kom ut av skipet etter landing ein massiv eksplosjon i det fjerne, som om ei bombe hadde slått ned. Kva som hadde skjedd blei naturlegvis eit stort tema, og fleire aktørar klandra kvarandre, og stadig fleire spørsmål dukka opp.

Granatar er ofte det beste.
Øystein Furevik/Gamer.no

I dei små ting

Obsidian har gjort nokre endringar på korleis spelet fungerer reint praktisk sidan det første spelet. Kvar gong du går opp i nivå vil du no få to poeng du kan bruke på å bygge opp kor god du er til å prate, opne låsar, bruke skytevåpen, og mykje anna. For kvart andre nivå vil du framleis få velje ein ny «perk», og desse kan vere alt frå å gjere deg skumlare i samtaler til at du gjer meir skade med våpen.

Brått og uventa kan du òg få val om å ta i mot ei ulempe basert på korleis du har spelt. Ulempe er kanskje eit hardt ord, men du får ein bonus som kjem med ei bakside. Eg tok til dømes imot ei ulempe som gir meg tre poeng i staden for to når eg går opp i nivå, mot at eg ikkje får bygge nokon eigenskapar høgt over dei andre.

Ein får kanskje ikkje spisskompetanse av slikt, men du verda så mange fleire dører eg fort var i stand til å opne, datamaskiner eg kunne hacke, og spor eg kunne finne under ei etterforsking.

Det kan kome godt med, for mange oppdrag byr på ei slags etterforsking. Du må snakke med folk, finne spor, finne ein veg gjennom ei låst dør, eller kanskje plukke eit adgangskort ut av lomma til ein sersjant. Ofte møter ein òg ein vegg der du ikkje er god nok i ein eigenskap, som vitnar om at det alltid er meir å oppnå.

Eg verkeleg storkosar meg med dette. Å snakke med nokon når du først startar eit oppdrag, for så å kome tilbake til oppdragsgjevaren med alt du har funne byr ofte på ei lang rekke fantastiske dialogar. Dette er eit spel som er skrive med snert, og saman med godt skodespel får eg verkeleg kjensla av å nesten bli litt kjent med folka.

Er ikkje mykje å seie på utsikta.
Øystein Furevik/Gamer.no

Falloutlands

Om eg skulle henge opp The Outer Worlds 2 på ein knagg, hadde det blitt midt mellom Fallout og Borderlands. At dette er Obsidians sin måte å lage Fallout på utan å lage Fallout er nesten heva over all tvil. Det er eit univers på grensa til det dystopiske, med autoritære regime som kranglar om kven som er verst, medan verda rundt ofte går i oppløysing. Med ei visuell overhaling kunne det i praksis ha vore eit Fallout-spel.

Det byr på mykje humor og mykje galskap, om enn ikkje i like stort og utagerande omfang som i Borderlands. Det er ein annan galskap her, ein jordnær ein, ein nesten alvorleg ein. Den deilege audemark-kjensla er derimot definitivt til stade. The Outer Worlds 2 introduserer oss for mange spanande og flotte område. Eg vil ikkje setje det på lista over årets penaste spel, men nokre gongar treff det verkeleg blink.

Når lyset treff rett, og krystallfjella lyser magenta og cyan er det lett å stoppe opp, ta nokre steg tilbake, og ta inn utsikta. Enkelte syn kan reint ta pusten frå deg, når det er det første du ser etter å ha klatra ut av den underjordiske bunkeren du har vore nedgravd i dei siste timane.

Kvar enn du ser vil du òg finne noko som vekker nysgjerrigheita. Nesten kvar gong eg tek beina fatt for å nå mitt aktive oppdrag, ser eg noko i augekroken som må inspiserast, og før eg veit ordet av det snakkar eg med ein koko fyr som ber meg finne «memoarane» sine. Ei openber løgn, med tanke på alle dei daude kroppane i nærleiken, men kva gjer vel ikkje ein skruppellaus kjeltring som leikar helt om han kan tene litt peng på det?

Det er stor fridom her. Spelet styrer deg aldri, men peikar forsiktig på noko spanande, og lar deg ta akkurat det oppdraget du vil, når du vil.

Det får no vere grenser.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje det beste skytespelet

Den biten eg slit mest med å kome overeins med i The Outer Worlds 2 er kampane. Skytekjensla er ikkje heilt der. Det er mange dårlege våpen som gjer lite skade, og kampar dreg ut hakket for mykje som eit resultat. Det er òg uhorveleg mange våpen som ein lett plukker med seg, men få av dei er nemneverdig betre enn andre.

Alt av våpen og rustning kan modifiserast med modifikasjonar du finn eller kjøper. Du kan ta ei enkel rifle og gi den elementskade, eller du kan gi den kikartsikte, medan ein rustning kan bli betre mot gitte element. Det er mykje å velje i, men det tek litt tid før ein verkeleg får utbytte av det i form av gode våpen og modifikasjonar.

Irriterande er òg ladetida på mange våpen. Igjen er det spesielt våpna som dukkar opp tidleg i spelet som er problemet. Dei kan bruke vanvittig lang tid på å lade om. Fleire av dei ladar eit skot om gongen, og når du skal lade tolv skot midt i ein kamp, blir det litt i meste laget.

Med det sagt, etter kvart som timane går og verda utvidar seg finn du stadig betre drapsmaskiner. Våpenkosen steig massivt då eg kom over eit heilautomatisk lyngevær som svidde alt i sin veg, eller den herlege minigunnen som dukka opp etter eit par titals timar. The Outer Worlds 2 er jamt over eit spel som blir stadig betre. Det er kanskje ikkje heilt der i dei første timane, men det bit seg fast som ein klegg, og gir meir og meir etter kvart som du investerer i det.

Sjå øye og du finn ein av få glitchar i dette spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

The Outer Worlds 2 er eit stort, flott, og vanvittig underhaldande rollespel som kjem når vi no nærmar oss slutten på det som har vore eit kanonår for rollespel. Om du har venta lenge og forgjeves på eit nytt Fallout, er dette spelet du har venta på. Det byr på ei stor og karismatisk verd full av utfordringar og nesten uendeleg mange ting å gjere, og det leverer alt med stil og snert.

Dette er eit spel som byr på mykje humor, men den blir ikkje kasta i trynet på deg. Det er satirisk, tidvis teit, men det grensar òg til brutalt. Persongalleriet er smekkfullt av folk som alle vil forskjellige ting, har ulike overbevisningar, og det er heilt opp til deg korleis du vil navigere deg mellom dei. Vi får ei dystopisk og satirisk tolking av kva som skjer når ulike livssyn går til sitt absolutte ytterpunkt, og det er frykteleg engasjerande.

Det eg likar aller best, er når eg berre får lov til å springe rundt og gjere kva eg vil. Ta på meg eit oppdrag eg nett snubla over, og blir sendt ut på ei jakt eg aldri hadde vore med på om eg ikkje tilfeldigvis hadde gått i feil retning. Det er slik The Outer Worlds 2 er, heile tida, og eg nyt det.

The Outer Worlds 2 er ute 29. oktober for PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows.

0
The Outer Worlds 2
Herleg satirisk rollespel av beste sort.

The Outer Worlds 2 (Xbox Series X)

Beste priser

The Outer Worlds 2 (PlayStation 5)

Beste priser

Siste fra forsiden