Anmeldelse

Kingdom Come: Deliverance II

Ei bragd av dimensjonar

Kingdom Come: Deliverance II er ikkje eit spel, det er ein livsstil.

Plaion

Eg likar eigentleg ikkje enorme rollespel. På papiret høyrest det kjekt ut, og eg har alltid likt middelalder, fantasy, sverd og heltar som reddar prinsessa og alt det der. Problemet er at enorme rollespel ofte kjem i vegen for seg sjølv. Dei insisterer på å tvinge på deg eit massivt kart fyllt med så hinsides mange distraksjonar at ein kan bli utmatta av mindre. Eg blir sliten av alt maset, går meg vill i sideoppdrag og idiotiske aktivitetar, tåpelege personar som er der berre for å kaste bort tida di (eg er framleis bitter, Final Fantasy VII Rebirth) og eit høgst trivielt forhold til verdas ende og korleis du alltid har tid til trivielle aktivitetar medan universet står for fall.

Ein må vel kunne seie at desse digre spela ofte feilar i å vere truverdige. Dei kan vere artige, velutvikla og engasjerande, for all del, men vi møter ofte eit nokså dysfunksjonelt forhold mellom tid og alvor. Det er ein strigla glansbileteversjon som først og fremst skal realisere ein fantasi.

Filmsekvensane osar av stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein meister i sitt fag

Eg trur kanskje eg aldri har spelt eit stort rollespel som balanserer historie og kunsten å lage eit spel betre enn Kingdom Come: Deliverance II. Vi møter igjen unge Henry, samt hans makker Hans Capon, som begge tidleg blir slått ned frå sine høge hestar. Det som følgjer er ei reise som framstår som det mest truverdige innblikket i 1400-talets Tsjekkia på denne sida av ei tidsmaskin.

Det er vanskeleg å fullt ut setje ord på kva som gjer dette spelet så imponerande. Det er hinsides godt gjennomført, og utviklarane har eit auge for detaljar du berre ikkje finn i andre spel. Gå deg ein tur langs ein veg og du kan plukke ut ulike tresortar, gras og blomar. Du kan lære deg korleis ein skal drenere vatn utan hjelp av plastrøyr berre ved å studere bakken i ein gitt landsby. Om du har lyst til å lære om våpen, klede eller gamle teknikkar for å byggje hus, er det berre å vandre rundt i denne spektakulære verda. Kingdom Come: Deliverance II burde vere pensum i historie og naturfag. Så bra er det.

Veda er ikkje berre flott, den er massiv og byr på heile to regionar som begge er av tilsvarande storleik til den eine i det første Kingdom Come: Deliverance-spelet. Eg hadde spelt i over 60-timar då eg kom til den andre regionen, noko som bør sende eit lite signal om omfanget.

Denne verda er befolka med folk ein kan relatere til og forstå. Sjølvsagt finn du dine statistar i form av mobbar som angrip deg på landevegen, men gå deg ein tur, og du møter ein stakkars gjetar som slit med ulvar som drep sauer, ein kar som vil ta hemn på ein rival ved å få deg til å måle den kvite premieoksen hans svart. Eller kva med den omstreifande nomadejenta som set heile følgjet sitt sin tryggleik på spel då ho rømmer for kjærleiken, og tek med seg papiret som sikrar dei trygg ferdsel.

Du kan reise raskt via verdskartet, men av og til vil ein få med seg utsikta.
Øystein Furevik/Gamer.no

Med verda for dine føter

Alt som skjer i denne verda er ein del av noko større. Det er ei større historie her, og det er ei god og spanande ei, men den tek naturlege pausar der det gir meining at Henry vil bruke tida si på andre ting. Kanskje treng du hjelp av nokon, men for å få den må du yte ei teneste. Eg har vandra i timesvis og berre leikar meg i denne verda. Oppdaga folk, hendingar og opplevd ting som saman med den overhengande historia fortel ei samanfletta forteljing om mi tid i Bohemia. Når alvoret set inn, og viktige ting skjer, strammar spelet inn, tek litt kontroll og fører spelaren gjennom viktige hendingar utan at ein føler ein mistar kontroll.

Det er ein grunnleggjande realisme i dette spelet. Ikkje berre i korleis skoglandskapa basert på verkelege område i Tsjekkia ser ut, men dagsrutiner, samansetninga av samfunn og kva fasilitetar ein vil finne i ulike område. Det får dei fleste andre rollespel til å framstå som todimensjonale luftspeilingar utan substans.

Dette går over i korleis Henry utviklar seg om figur, og korleis verda reagerer på han. Du blir betre ved å gjere ting. Synest du Henry er for svak og treng meir musklar er det berre å laste han opp med meir enn han kan bere, og han vandrar sakte rundt til han blir sterkare. Du kan trene deg opp gjennom praksis, eller lese bøker, og få hjelp frå folk med meir erfaring enn deg.

Vi ser dette tydeleg i korleis viktige spelmekanikkar utviklar seg. Din første kamp er ein kamp mot spelet like mykje som mot fienden. Det framstår tungvindt, keitete og vanskeleg, men så blir du betre. Du lærer teknikkar, blir smidigare og brått utklassar du folk og slår våpen ut av henda på dei. Kampsystemet har fått ei solid overhaling sidan sist, og sjølv om det framleis er bygd på dei same prinsippa er det mykje betre, og meir intuitivt.

Endeleg. Sivilisasjonen!
Øystein Furevik/Gamer.no

Bak fasaden

Eg skulle ynskje eg berre hadde positive ting å seie om Kingdom Come: Deliverance II, men spelet har sine utfordringar. Enkelte tekniske problem med det visuelle, samt nokre hendingar der spelet frys og kastar deg ut blir forhåpentlegvis fiksa i oppdateringa som skal kome ved lansering. Det er og ei rekke mindre småting med NPC-oppførsel, ting som av og til ikkje fungerer, samt anna rusk som surnar opplevinga litt her og der.

Litt verre er det med dei tinga som bryt innlevinga. Eg forstår at Warhorse Studios ikkje er på storleik med EA og Microsoft, og difor ikkje har like djupe lommer, men det er likevel litt mykje gjenbruk. At eg kan stele alt i dei tidvis kopierte og innlimte husa i blinde er ein ting, litt verre er det med all gjenbruken av figurmodellar.

Eg forstår det med tanke på uviktige bakgrunnsstatistar, men når du brått møter på ein viktig NPC fleirfaldige gongar, berre med andre klede, i andre område og andre situasjonar, blir det litt snodig. Betre blir det ikkje av eit veldig gjenbruk av skodespelarar. Spesielt ein av dei dukkar opp i så mange roller at ein kan lure på om han står for halve rollelista aleine. Normalt ville ein kanskje ikkje brydd seg, men Kingdom Come: Deliverance II gjer så mykje veldig bra, at slikt diverre stikk seg ut negativt.

Samstundes er det ikkje til å kome vekk frå at det er svært tydeleg forskjell på folk og natur. Naturen er blendande vakker, men folka når ikkje det same nivået, og når ein står der i dialog med både viktige og uviktige folk blir det raskt veldig stivt. Samstundes har nesten alle i dette spelet daude, bleike auge som får det til å sjå ut som om dei er under vatn. Ikkje store problem kanskje, men i eit spel som held realisme og truverd som store mål, gnissar det litt.

Kontrasten blir stor når dei flotte filmsekvensane dukkar opp, sidan alle desse problema då har blitt erstatta av meisterleg arbeid.

Ei verd full av eventyr ventar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det er ikkje ofte ein sit i januar månad og tenkjer at ein like godt kan pakka inn årane. Det er ikkje meir å sjå her. Det vil nesten sjokkere meg om 2025 har noko betre å by på enn Kingdom Come: Deliverance II. Dette er ikkje berre ein god oppfølgjar og eit fantastisk rollespel. Det er heilt der oppe blant dei beste. Om det er noko rettferd i verda klatrar Kingdom Come: Deliverance II raskt opp på pallen over tidenes beste rollespel, for dette er ein milepåle, ei bragd og eit kunststykke.

Den simuleringa av ei verd utviklarane hos Warhorse har skapt er mektig imponerande. Det er så mange element, så mange ting, så mykje du kan gjere at eg veit eg enno har mykje å oppdage, og det er umogleg å få plass til å nemne alt eg har så lyst til å snakke om.

Det finnest eit mylder av fantasiunivers som alle ser ut til å vere skapt av folk som meiner den verkelege verda er keisam, og må pyntast på. Skal noko filmatiserast reiser alle til Island fordi ingenting anna er eksotisk nok for dei. Eg vil tilrå alle å ta ein tur til Bohemia. Altså, spel Kingdom Come: Deliverance II og erfar sjølv korleis den største magien kan kan vere basert på røynda. Å stå på ein knaus og sjå utover skogane i det sola stig opp om morgonen er så vakkert at ein nesten kan få tårer i auga.

Kingdom Come: Deliverance II er eit meisterverk, og det svir litt å ikkje heilt kunne klaske til med toppscore, for dette er ei oppleving av dei sjeldne.

Kingdom Come: Deliverance II kjem i sal for PlayStation 5, Xbox Series X/S (testa) og Windows den 4. februar.

9
/10
Kingdom Come: Deliverance II
Eit av tidenes viktigaste rollespel.
Ledige stillinger

Siste fra forsiden