25
Kommentar

Årets beste spel

Nei, dette var årets beste spel

Spelredaktøren er ikkje heilt einig med redaksjonens årskåring.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Deep Silver

Kvar er Kingdom Come: Deliverance II? Var det første eg tenkte då eg såg lista vår over årets beste spel.

Som spelredaktør med over 40 spelmeldingar pluss førsteinntrykk, intervju og diverse anna produsert i året som ligg bak oss, fell ansvaret på meg. Ansvaret for å droppe andre avtaler, og møte opp når redaksjonen skal kome fram til kva spel som var best.

Det kunne eg diverre ikkje denne gong, og difor var det ein noko resignert spelredaktør som måtte lese at ingen andre i staben (!) hadde spelt årets beste spel.

The Midnight Walk var eit av årets mest unike spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det evige problemet

Det er ikkje ei ny utfordring dette her. Kvart år er det den same leksa. Årets beste spel skal kårast, men ingen har spelt dei same spela. Det er ikkje til å unngå. Kvart år blir det lansert hundrevis, om ikkje tusenvis av spel, og det er umogleg for alle å rekke over alt. Stort sett er det berre dei best kjende spela, og dei med mest hype, både før og etter som når høgst, av den enkle grunn at det er dei spela fleirtalet har spelt.

Eg forstår at The Midnight Walk ikkje kjem på topp 10, sjølv om det burde, for det er skikkeleg nisje. At Kingdom Come: Deliverance II, eit spel som blei lansert 4. februar og blei hylla verda over, og staben difor har hatt elleve månader på å kome seg gjennom ikkje fekk plass, har eg vanskelegare for å svelge.

Å setje mine kollegaer i skammekroken er uansett berre ein liten grunn til at eg skriv dette no.

Hovudgrunnen er at eg ikkje kunne delta i diskusjonen, og som spelredaktør har eg eit sterkt behov for å seie mitt om spelåret 2025.

For eit år

Spelåret 2025 er eit år som har pusta ny glød inn i allereie godt brennande flammar. I min nye posisjon som spelredaktør har eg møtt livet med hakket meir fridom. Eg treng ikkje lenger mase om å få inn noko obskurt japansk rotihop som berre eg bryr meg om, eg kan berre gjere det.

Earthion var hindsides fett.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg kan òg takke ja til alt mogleg rart som dukkar opp, som ein elles takkar nei til, stort sett av budsjettgrunnar.

Som spelredaktør har eg i år fått spelt og vidareformidla flotte opplevingar. Om det så er gamle JRPG-klassikarar på nytt som i Lunar: Remastered Collection, det magiske marerittet The Midnight Walk, altoppslukande Against the Storm, eller herlege pikseleventyr som Primal Planet og Earthion, eller det gripande og Disneyaktige eventyret Bye Sweet Carole. Vi har til og med byrja å skrive om bordrollespel, noko vi berre er i startgropa på.

Vi har fått skrive om mange minneverdige opplevingar i år. Herlege spel. Spel som elles fell mellom to eller fleire stolar, og blir gløymde. Eg kan skrive om sære ting som The Guiding Spirit, eit einmannsprosjekt der ein lagar rollefigurar og les historia dei endar opp med å skape, men òg store, sjølvsagde titlar som The Outer Worlds 2, Mario Kart World og årets yndling Clair Obscur: Expedition 33.

Ingen tvil

For meg er det uansett ingen tvil om kva som var årets beste spel. Sjølv med all konkurranse frå store og små perler, i eit år som har vore heilt i toppen, er Kingdom Come: Deliverance II kongen.

Dette er eit spel som verkeleg, fullt ut slår fast kor store og frie spel kan vere. Dette er eit digert spel med ei opa verd der ein aldri går seg vill og mistar motivasjonen. Det er ei verd som ber om å bli utforska.

Ein kan hoppe bukk rundt historia, men likevel lage si eiga. Ein kan høyre fjerne lydar i skogen, og spore heilt av før ein brått møter på folk som grev ned eit lik, ein kan møte den fulle jegaren som treng hjelp til å finne vegen, og ein kan beundre alle detaljane i eit spel som verkeleg tek det å vere historisk korrekt på alvor.

Får du ikkje berre lyst til å flytte hit?
Øystein Furevik/Gamer.no

Kingdom Come: Deliverance II tek oss med til ein ekte stad, og bygger opp igjen gamle slott og byar som no i våre dagar er redusert til ruinar. Her fortel spelet ei historie som formar seg rundt deg, som verkeleg gjev deg kjensla av at kva du gjer betyr noko. Du kan følgje den mest anonyme landsbymann gjennom alle hans gjeremål ein dag, og du kan lage planar for når du skal gjere kva basert på folks rutiner.

På landevegen kan du brått bli angripen, og om du veit kva du driv med kan du gå derifrå ein rikare mann, med mykje nytt utstyr i sekken.

Alt du gjer blir du betre i, og det er ikkje mange spel du kan få meg til å lesse sekken for tung fordi eg veit eg blir sterkare av det, men i Kingdom Come: Deliverance II er det null stress. Eg nyt det. Eg nyt å sjå korleis eg stadig blir betre, og stadig låser opp nye eigenskapar ved å bruke dei eg har frå før.

Til sjuande og sist er ikkje Kingdom Come: Deliverance II eit spel. Det er ei oppleving. Det er ei tidsmaskin som tek oss med til Böhmen i 1403 og lar oss oppleve ei svunnen tid. Vi kan vandre rundt i landskap med naturen så og seie slik den då var, til lyden frå fuglane som sang frå greinene, og vi kan nesten kjenne lukta i det sola brettar seg ut over duggvåte grassletter.

Det er ei oppleving som set alle andre spel frå det mektige spelåret 2025 i skuggen, og det er spelet som sette ein ny standard for kva rollespel kan vere.

Kingdom Come: Deliverance II er årets beste spel i 2025.

Kingdom Come: Deliverance II

Kingdom Come: Deliverance II

The Outer Worlds 2

The Outer Worlds 2

Siste fra forsiden