25
Anmeldelse

Kirby Air Riders

Hu hei, kor det går!

Mario Kart møter Smash Bros, møter Mario Party, møter F-Zero.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Nintendo

Det er lett å tenke at Kirby Air Riders berre er enda eit nytt spel som glir inn i rekka av spel som fell under Kart-paraplyen, og med det først og fremst prøvar å konkurrere med Mario Kart. Det er lett å tenke at Nintendo kannibaliserer seg sjølv ved å lansere to veldig like spel på under eitt år, i staden for å lansere to vidt forskjellige spel i vidt forskjellige sjangarar.

Men nei, så enkelt er det ikkje. Kirby Air Riders går kanskje fort unna, men Mario Kart, det er det ikkje.

Tempoet er jamt over høgt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ill Tempo Gigante

Kirby Air Riders går fort, og det går fort på ein sær måte som er vanskeleg å samanlikne med noko anna. Det har Mario Karts sjarmerande ytre, men det har farten til F-Zero, og det har kontrollsystemet til Smash Bros.

Det er på grensa til galskap, men det fungerer. Dette er eit spel så enkelt at det i tillegg til styrestikka brukar to knappar. Det er alt, alle knappane på kontrollaren din gjer ein av to ting, og der stoppar det.

Din viktigaste funksjon er «boost». Dette er er mekanikken heile spelet er bygd rundt. Trykker du «boost»-knappen stoppar det bisarre køyretyet ditt opp, ladar motoren, og når du slepp, skyt du av garde. Du kan køyre i 100 kilometer i timen, men om du kjem til ein U-sving kan du likevel stoppe på ein femøring, snu deg rundt, og skyte deg av garde i ny retning. Det er nesten sjokkerande kor responsivt spelet er, når ein først tar i det.

Eg kan knapt hugse sist eg prøvde noko meir intuitivt enn dette, men sjølv om det er lett å få taket på, byr spelet på grundige leksjonar som lærer deg alt du treng vite for å gå djupare inn i spelet, og lære korleis det heile eigentleg fungerer. Utviklarane har kanskje gått litt vel hissige inn på å minimere knappeomfanget. Når dei vel å tvinge deg til å vrikke på styrestrikka for å slå til motstandarar, i staden for å gi det ein eigen knapp, har eg vanskar for å sjå meininga.

«Boost»-knappen er uansett ditt viktigaste våpen. Den kan brukast til å sakke ned farten i krappe svingar, til å skifte retning, til å plukke opp våpen og eigenskapar, og ikkje minst til å fyre av våpen.

Spesialangrepa byr på det som nærast er ustyrleg kaos.
Øystein Furevik/Gamer.no

Klart det blir krig

Kirby Air Riders er fullt av våpen og offensive eigenskapar, og sjølv om det er store forskjellar, fungerer det i grove trekk som i Mario Kart. Ser du eit våpen kan du plukke det opp, enten ved å suge det til deg aktivt, eller ved å køyre inn i det. Du kan og ta våpen frå datastyrte fiendar som køyrer rundt på bana. Det heile toppar seg når du har bygd deg opp med fart, skade og angrep så mykje at du får utløyse spesialangrepet ditt. Desse er unike for kvar figur og vil som regel slå bort alt i din veg lenge nok til at du bør kome deg på førsteplass.

Ei av gledene ved Kirby Air Riders er å låse opp nye førarar og fraktøy. Dette gjer du ved å spele spelet, kome i mål, og oppnå ei lang rekke ulike kriterie. Du får nye førarar, sære ting å køyre på, og til og med baner.

Det er når ein låser opp nye fartøy at ein verkeleg merkar kor mykje forskjellig dette spelet har å by på, for to ulike sortar fartøy kan nesten vere som to vidt forskjellige spel.

Nokre av dei er lette, andre er tunge og seige. Nokre er gode på å fly, medan andre knapt kan løfte seg frå bakken. Alle kjem med sine fordelar og bakdelar. Ei av mine favorittkjerrer ei god stund var eit hjul med auge som alltid kom sigrande ut av ein sving, men fly kunne det ikkje. Vampyrflyet blei seinare ein favoritt då det blei sterkare ved å skade andre.

Tyngde har òg svært mykje å seie for korleis farkostane manøvrerer. Dei verkeleg tunge klossane kan slenge med bakenden nesten som om du har ein tilhengar lasta med bly hengande i ein strikk. Det krev ei heilt anna tilnærming til korleis ein spelar.

Å styre racet ovanfrå krev litt tilvenning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Fullt av leik og moro

Sjølv om Kirby Air Riders frå utsida kan sjå ut som berre enda eit racingspel med våpen, er spelet mykje meir enn det. Ja, her får du køyre race, aleine mot maskina, med fantastisk og nesten hysterisk morosam sofafleirspelar, eller over nett mot hordar av framande, men spelet byr på mykje anna enn berre «tradisjonell» racing.

Frå hovudmenyen by Kirby Air Riders på fire ulike modusar.

Den første er racing-modusen Air Ride som mest sannsynleg er der det meste av tide di går med, deretter kan ein velje Top Ride, der vi får bruke dei same førarane og farkostane, men får sjå det heile ovanfrå, som om ein leikar med små bilbaner. I City Trial kan opp til 16 spelarar køyrer rundt og angripe kvarandre i kampen om oppgradering før ein skal sjå kven som kjem sigrande ut av eit minispel.

Den siste modusen er eit soloeventyr der ein får køyre langs ein landeveg medan ein får bryne seg på mange, korte utfordringar. Om du vil låse opp mange nye førarar og farkostar kjapt, er dette ein god stad å gjere det.

Om ein tek eit racingspel og kastar det i ein blender saman med Smash Bros og Mario Party er vi eigentleg inne på kva dette spelet byr på. Om du skulle bli metta på å konkurrere på banene, kan du berre leike deg med små minispel ei stund òg. Fly på blink, et mest mat, eller bekjemp motstandarane. Eg og familien blei sitjande ein kveld berre med å leike oss med å finne ut kven som kunne fly lengst frå eit hopp.

Det er enkle gleder i dette spelet, men enkle gleder smakar godt.

Menyane er lekre og oversiktlege.
Øystein Furevik/Gamer.no

Til ti i stil

Noko av det mest umiddelbare med Kirby Air Riders er kor stiling det heile her. Alt frå korleis dei kjappe og levande menyane glir over i kvarandre, til den herlege lyden du får når du tar eit val, vitnar om eit spel som er designa med hensikt. Ingenting er tilfeldig.

Det er òg veldig positivt kor mykje du får lov til å bestemme over di eiga opplevinga. Du kan velje bane manuelt kvar gong, men du kan òg bestemme at spelet skal velje tilfeldig slik at ein berre kan halde på med race etter race til ein sjølv veljer å gi seg.

Spelet byr òg på mange moglegheiter for å forme opplevinga. Har du små i huset som ikkje heilt meistrar alt like godt som mor og far, kan du til dømes setje på handicap på datastyrte motstandarar, kva fart spelet skal gå i, kor mykje ekstra fart dei som ligg bakerst skal få som dragehjelp, og mykje meir.

Vidare kan du velje kor mange motstandarar du køyre mot, eller kor mange runder eit løp skal vare i. Om du gjerne vil sjå kven som vinn etter å ha køyrt 99 runder, er det fritt fram.

Det er mykje rart mellom førar og fartøy i Kirby Air Riders.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Nintendo kan å levere. Når dei i tillegg har Smash Bros-profilen Masahiro Sakurai ved roret, har dei ein tendens til å gi jernet. Kirby Air Riders er ikkje noko unntak, dette er pur spelglede frå enden til annan, og det er eit spel som demonstrerer det Nintendo er så gode på: God, enkel, men krevjande moro.

Det er lenge sidan eg har spelt noko så umiddelbart lettfatteleg som dette. Kanskje å eg først spelte eit Super Mario Bros.-spel, og fant ut at det handla om å hoppe på riktig tid. Kirby Air Riders er slik. Det har ein enkel funksjon som gjer så og seie alt, og kven som helst kan kome godt i gong første gong dei spelar.

Du kan kose deg gløgg i hel om du stoppar der, og berre nyt spelet på sitt mest fundamentale, men om du gir deg tid, set deg inn i detaljane, og lærer ulike førarar og farkostar å kjenne, vil du finne eit spel med enorm djupne. Det ligg i dei små detaljane, og dei er det mange av her.

Kirby Air Riders kjem i sal for Switch 2 20. november.

0
Kirby Air Riders
Fantastisk lettvindt moro

Kirby Air Riders (Nintendo Switch 2)

Beste priser

Siste fra forsiden