25

Dette viser dei hemmelege dokumenta

Ein juridisk gjennomgang frifinner dagleg leiar i Filmkraft Rogaland for rettsleg kritikk. Varslarane reagerer med sjokk og vantru. No gir Filmkraft også ut dokumenta bak tildelinga av 600.000 kroner til ein varastyremedlem.

Mikkjell Lønning

Dei siste månadane har det offentleg eigde film- og spelfondet Filmkraft Rogaland stått i ein tillitskrise.

I sommar blei det lagt fram eit 275 sider langt varsel mot leiinga i selskapet, og eit internt arbeidsutval blei sett ned for å undersøke varselet.

Eit element i varselet var tildelinga av 600.000 kroner i støtte til ein film der ein varastyremedlem har regi og hovudrolle, som blir produsert av eit sjølvstendig produksjonsselskap.

Dette skjedde i forkant av at dagleg leiar fekk fornya åremålet sitt. Filmkonsulentane anbefalte å seie nei til tildelinga, men leiinga og styret gav likevel støtte.

Varslarane oppfatta det som at dagleg leiar hadde kjøpt varamedlemmen si stemme.

Dagleg leiar har blitt frifunne frå rettsleg, kritikkverdig atferd i ein ny, juridisk rapport. Ho har heile tida meint at påstandane mot henne er ukorrekte.

Gir innsyn etter omfattande diskusjon

Nokre månadar før støtta blei gitt, hadde Filmkraft vedtatt å fjerne ein setning frå vedtektene som stoppa styremedlem frå å få prosjektstøtte.

– Då verkar det som ein eksplisitt opnar for å gi tilskott til styremedlem. For andre i bransjen kan det sjå ut som ein får særfordelar i kraft av posisjonen, og det kan bidra til å svekke tillit, sa Zefyr-leiar Magnus Thomassen til Gamer.no om dette i august.

I september søkte Gamer.no innsyn i dokumenta som låg til grunn for tildelinga. Desse er som regel berre opne for tilsette i Filmkraft.

Filmkraft Rogaland har kontor i Kinokino-bygningen i Sandnes sentrum.
Mikkjell Lønning

Filmkraft sa først nei. Gamer.no klaga på avslaget, og argumenterte for innsyn basert på stor samfunnsinteresse.

20. oktober diskuterte Filmkraft sitt styre innsynskravet grundig, og ettter endå eit styremøte bestemte dei seg for å gi delvis innsyn likevel.

Gamer.no har no fått innsyn i blant anna sluttrapporten, innstillinga frå fagkonsulentane og innstillinga frå styret.

Dobbelt nei blei til ja

Dokumenta viser at det er henta inn vurdering frå to ulike fagkonsulentar på filmen. Den første kallar prosjektet uoriginalt.

Konsulenten skriv at historia er pretensiøs og føreseieleg, mens det visuelle «siktar mot høg produksjonsverdi».

Filmen har minimal kulturell verdi, skriv konsulenten, og vil gi avslag.

Filmens produsent meiner konsulenten ikkje har forstått filmens manus, og meiner denne vurderinga burde strykast og overstyrast.

Den andre konsulenten peikar på at budsjettet på over 900.000 kroner er «svært høgt» for ein sju minutt lang kortfilm.

Konsulenten omtalar filmen som eit ambisiøst prosjekt med eit viktig tema, men anbefaler å søke om støtte frå fleire instansar.

Det blir også oppfordra til å finne ein produsent med meir erfaring.

Deltok ikkje i vedtak

Dagleg leiars Vedtaks- og innstillingsmøte (VIM) gav likevel filmen 600.000 kroner i støtte. Det var med krav om å hente inntil 300.000 kroner frå andre.

I tilskottsbrevet heiter det at budsjettet kan forsvarast som kunstfilm. Produksjonen henta deretter 200.000 kroner gjennom Fond for Lyd og Bilde.

I tilskottet frå VIM står det «NA» under punktet «habilitet».

Mikkjell Lønning

Styret behandla tilskottet 13. mars. Regissøren og varamedlemen var til stades under møtet, men var ikkje del av behandlinga. Ho blei erklært inhabil.

Dette var varamedlemmens første styremøte.

– Eg blei tilkalt i kort tid før møtet som vikar. Det var tilfeldig at filmsøknaden var opp til vurdering i dette møtet. Eg var sjølvsagt inhabil og alle reglar blei følgd, seier varaen.

Dei andre styremedlemmene blei vurdert som habile, og tildelinga blei samrøystes vedtatt.

Ingen blei overstyrt, meiner styreleiar

I varselet peikast det på at varastyremedlemmen var med på å forlenge dagleg leiar sitt åremål i same møte.

Det kallar varslarane «å kjøpe ein stemme», har Stavanger Aftenblad omtalt.

Aftenbladet er klaga inn til Pressens Faglige Utvalg for saka. Det er på vegner av dagleg leiar og Filmkraft.

Gamer.no har fått innsyn i korrespondansen mellom partane i klagesaka, der Aftenbladet avviser brot på god presseskikk.

Avisa ønsker ikkje å kommentere dette i forkant av behandlinga. Saka skal opp i PFU i november, opplyser redaktør Carl Gunnar Gundersen.

Mikkjell Lønning

I eit svar presiserer tidlegare styreleiar Tonje Hardersen at den andre konsulenten blei henta inn på grunn av ei sjukmelding, og at den siste vurderinga blei lagt til grunn i VIM.

Den første konsulenten verkar tilsynelatande meir kritisk til prosjektet.

– VIM blei derfor gjort etter ordinær praksis. Det er ikkje tilfelle at fagpersonar blei overstyrt. Ein diskuterte seg fram til å gi ei ny, ung stemme ein sjanse under ei ordning som er etablert av Filmkraft sitt styre, skriv Hardersen i tilsvaret.

Ho understrekar også at eit utval i styret bestemte å utvide dagleg leiar sitt åremål. Varastyremedlemen var ikkje del av dette utvalet.

Krev omfattande endringar

31. oktober er det planlagd ei ny, ekstraordinær generalforsamling i Filmkraft Rogaland.

Under førre vekes styremøte blei det tatt opp ei rekkje saker. Stavanger Aftenblad har også omtalt dette.

Arbeidsutvalet i styret, som består av bransjerepresentantane, har funne «systemiske svakheiter i Filmkrafts leiing og struktur».

– Denne saka har hatt eit stort omfang med alvorlege konsekvensar, heiter det i protokollen.

Utvalet meiner det er behov for endringar i regelverk, kultur og leiingspraksis.

Ingen lovbrot

Arbeidsutvalet og Filmkrafts advokat har levert sine rapportar. Den juridiske konklusjonen skal leggast fram på den ekstraordinære generalforsamlinga.

Rapporten frå advokaten er laga på oppdrag av Filmkraft.

Styret tok konklusjonen i den juridiske rapporten til etterretning. Der står det følgande:

«På bakgrunn av det faktum som er kartlagt og anførslene som framsatt, er det etter vår vurdering ikke brudd på arbeidsmiljøloven eller forvaltningsloven.»

Advokatane meiner det ikkje finst nok bevis, og at ein ikkje sit igjen med faktum som underbygger påstandar om lovbrot.

Det er ikkje grunn til å kome med juridisk kritikk mot dagleg leiar, seier konklusjonen.

Styret tok arbeidsutvalets arbeid til etterretning, og styrets leiar og nestleiar skal gå gjennom varselet inn mot generalforsamlinga.

– Sjokk og vantru

Birthe Maria Eriksen, advokat for varslarane, har delt ein e-post med Gamer.no torsdag kveld.

Dei blei svært overraska av rapporten.

– Me opplevde sjokk og vantru då me las advokatrapporten, og ingen har tatt kontakt med oss og forklart og førebudd oss på dette, skriv Eriksen.

Mikkjell Lønning

Varslarane har kome med fleire bekymringar rundt saksbehandlinga.

Eriksen skriv at advokatens rapport konkluderer motsett av kva arbeidsutvalets 33 sider lange rapport gjer.

– Det er noko alvorleg som skurrar, skriv Eriksen.

Foreløpig har dei berre blitt kjend med innhaldet i arbeidsutvalets rapport munnleg, og har enno ikkje fått innsyn i rapporten.

Endå eit varsel

Under generalforsamlinga skal det presenterast ein tiltaksplan. Denne handlar om å løfte arbeidsmiljøet, og om å gi opplæring til styret.

Det blei også drøfta eit nytt varsel, noko Gamer.no utfordra styret på førre veke, men ikkje fekk nokon kommentar om.

Varselet kom 23. september, og styret har gått i gang med å undersøke.

Alle dei omtalte er gjort kjende med innhaldet i saka, og dei har fått moglegheit til å kommentere.

For ordens skuld; underteikna har tidlegare jobba som journalist i Stavanger Aftenblad.

Siste fra forsiden