I haust gjorde Gamer.no ei omfattande kartlegging av økonomien til norske spelutviklarar.
Rain og Snowcastle Games var dei einaste store utviklarane som ikkje hadde levert rekneskapane sine då, og no har begge dei tradisjonsrike utviklarane letta på sløret om finansane sine frå fjoråret.
Det er heller dyster lesing.
Snowcastle Games avslutta 2024 med eit underskott på 10,8 millionar kroner. Eigenkapitalen deira er tapt.
– Me gjekk på eit solid underskott i 2024. Det ser ut til å bli endå større i 2025, fortel dagleg leiar Erik Hoftun til Gamer.no.
Nedbemanning og store tap
Omsetninga fall frå 11,9 millionar i 2023 til 2,9 millionar i 2024. Eigenkapitalen blei sabla ned frå 7,4 millionar til 3,3 millionar i minus, mens gjelda auka frå 19,6 millionar til 38,3 millionar.
Rota til pengevanskane deira er den internasjonale krisen spelbransjen har stått i.
– Mykje kan framleis sporast tilbake til Jagex-exiten. Men det var ikkje Jagex som svikta oss den gongen, men deira amerikanske eigarar som plutseleg fekk kalde føter og over natta gjekk frå å bygge Jagex til å barbere det for sal, forklarar Hoftun.
Snowcastle Games sine norske eigarar har i etterkant spytta inn nærmare 40 millionar kroner i selskapet.
Det er dei svært takksame for. Kombinert med støtte frå Norsk filminstitutt gjer dette at Snowcastle kan halde fram utviklinga av det komande spelet Lysward.
Verst tenkelege timing
Jagex-trøbbelet kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt.
– Det var like før lanseringa av Ikonei Island og øydela veldig mykje for utrullinga av spelet. I staden for å ha pengar til å ferdigstille spelet etter planen, måtte me skalere ned teamet og hastelansere utan ein utgivar som hadde musklar til å marknadsføre det, seier Hoftun.
Slik levde Ikonei Island aldri opp til potensialet sitt. Salsinntektene deira har derfor vore små.
Den friske kapitalen frå eigarane er konvertert frå gjeld til eigenkapital, og dette sikrar at Snowcastle held hovudet over vatnet fram mot lanseringa av Lysward.
Hoftun vil ikkje gå ut med lanseringsdatoen heilt enno.
– Me er ekstremt kostnadsbevisste. Det vil me fortsette å vere så lenge me lever på eigarane våre si rekning, men me har eit fantastisk team som er i ferd med å lage vårt aller beste spel så langt, seier Hoftun.
Dei har gjort ein omfattande betatest som gav «utruleg positive tilbakemeldingar».
– Motvind frå alle kantar
For Hoftun har det vore ein krevjande periode.
– Det var ikkje gitt at me skulle greie oss mot eit bakteppe av omfattande bølgjer med nedbemanningar og nedleggingar i bransjen internasjonalt, seier han.
Gitt situasjonen er han stolt over at dei har kome seg vidare. Han håper at det verste er bak dei.
Hoftun er bransjerepresentant i Virke Produsentforening, og har djup innsikt i den norske bransjen.
Han syns det er flott å sjå at dei norske selskapa er forholdsvis intakte etter dei krevjande åra.
– Akkurat då me begynte å sjå solid vekst i Noreg, fekk me heile verdsmarknaden i trynet med motvind frå alle kantar. Det viser stayerevne at dei aller fleste norske utviklarane framleis heng med.
Det skildrar også kor viktig NFI si rolle er, meiner Hoftun.