Hamar-selskapet Badlybad Games AS er tvangsoppløyst av Hedmarken og Østerdal tingrett.
Aksjeselskapet blei stifta i 2024, men har ikkje levert rekneskap som Regnskapsregisteret kunne godkjenne. Det finst ingen offentlege rekneskapstal på selskapet.
Dei er oppført med nokre betalingsmerknadar til rundt 15.000 kroner frå i fjor.
I 2023 fekk eigar Sebastian Lindland Vråle 225.000 kroner frå Østnorsk filmsenter til utviklinga av spelet Reawake, men det var på eit enkeltpersonføretak med same studionamn. Badlybad Games AS fekk 225.000 kroner i 2024.
Selskapet søkte om støtte frå Norsk filminstitutt til same spel, men fekk avslag i fjor sommar.
Gamer.no har ikkje så langt ikkje fått kontakt med eigaren. Enkeltpersonføretaket eksisterer framleis.