– No er eg midt i eit flyttelass. Eg skal tilbake til heimbygda og ta over familiebedrifta, seier styreleiar Lars Olav Muri (32).
I februar gjekk Trondheim-utviklaren Riddlebit AS konkurs. Det var styret som melde oppbod i det ni år gamle selskapet.
Ti personar har mista jobben som følge av den økonomiske situasjonen i selskapet.
– Det å melde oppbod var trist, men samtidig var det også ei lette. Månadane som leia opp til dette, var langt meir stressande. Eg har hatt betre juler, seier Muri med ein oppgitt latter.
Han seier det har vore ein lærerik prosess.
– Heldigvis bur me i Noreg. Det er avgrensa kor langt til helvete det kan gå, seier han.
– Andre dører opnar seg
I fjor haust lanserte Riddlebit spelet Jetrunner. Det er eit skytespel med parkour-element, og blei tatt godt imot av kritikarar.
Spelet lanserte på same dag som Hollow Knight: Silksong.
Muri fortel at utviklarane ønsker å kjøpe spelet frå konkursbuet.
– Me startar eit selskap for å drifte Jetrunner. Planen er å drifte spelet vidare, og me har nokre oppdateringar me skal gjennomføre. Så får me sjå kva som er mogleg, seier Muri.
Han understrekar at dette blir eit hobbyprosjekt.
– Me har jobba mange år med spelet. Det er leit at det sluttar, men det er ikkje berre negativt. Andre dører opnar seg og livet går vidare.
På pengejakt
Det neste spelet til Riddlebit skulle vere Setback. Det fekk tre millionar i statleg støtte frå NFI, men etter avslag på støtte i 2024 og 2025, var det ikkje mogleg å kome seg vidare.
– Me trong betydeleg meir kapital for å utvikle det vidare, seier Muri.
I det siste året jobba Muri hardt for å sikre ferske midlar til utviklinga, men dei fann ikkje investorar.
– Dei sa me ikkje hadde erfaring med denne marknaden frå før. Og det er ikkje lett å dra opp folk med erfaring frå onlineskytespel av hatten, seier han.
Riddlebit enda opp med å bruke fleire element frå Setback inn i Jetrunner.
Skuffande salstal
Gamer.no har fått innsyn i konkursrapporten frå bustyrar Knut Dypvik.
Han skriv at selskapet har levd på investorkapital og lån og tilskott frå Innovasjon Norge, Filminvest og NFI.
Riddlebit var på nippet til å gå konkurs allereie i 2024, men leiinga redda selskapet med å ta nokre konsulentoppdrag.
Oppdraga tørka inn i 2025.
Dypvik skriv vidare at Jetrunner hadde langt mindre sal enn forventa, men Muri kan ikkje kommentere salstal av omsyn til utgivarkontrakten deira.
Årsrekneskapen for 2025 viste eit underskott på i underkant av éin million kroner. Eigenkapitalen var tapt.
Det er kome inn krav på 1,96 millionar til konkursbuet.
| RESULTAT | 2025 |
| Driftsinntekt | 2.696.000 |
| Driftskostnadar | 3.626.000 |
| Årsresultat | -930.000 |
| BALANSE | |
| Eigendelar | 2.096.000 |
| Gjeld | 2.672.000 |
| Eigenkapital | -576.000 |