Riddlebit AS i Trondheim er konkurs.
Styret har meld oppbod i det ni år gamle selskapet. Det var i september i fjor at dei lanserte spelet Jetrunner, som nyleg var aktuelt under Awesome Games Done Quick.
Selskapet har ei gjeld på 3,3 millionar kroner. Eigendelane er på om lag 145.000.
Det er ni tilsette i selskapet, men så langt er berre to sagt opp, ifølgje dokumenta frå Trøndelag tingrett.
Advokat Knut Dypvik er utnemnd som bustyrar.
Rekneskapen for 2025 er naturleg nok ikkje offentleg enno, men dei runda av 2024 med eit overskott på 1,2 millionar kroner.
Det etter store underskott i 2022 og 2023 i utviklingsfasen. Selskapet har fått tre millionar kroner i støtte frå NFI til utviklinga av det kommande skytespelet Setback.
Dei søkte om ny støtte både i 2024 og 2025, men fekk avslag på søknadane sine.
2024 var det første året på lenge dei hadde noko særleg med omsetning. Inntektene var då på rundt 3,1 millionar.