Red Rover Interactive skal omorganisere og kutte i staben. Kutta rammar studioa i Oslo og Newcastle.
– Det har vore ei vanskeleg avgjerd for oss, men ei me meiner er nødvendig for å skape eit meir berekraftig fundament for neste fase i utviklinga av Enginefall, seier Red Rover Interactive til nettstaden TWIV.
Laura D. Garcia er studiosjef i Oslo. Ho syns det er leit å miste lidenskapelege og flinke kollegaer.
– Dette har openbert vore eit tungt og vanskeleg val, seier Garcia til Gamer.no.
Sterke tal
Garcia fortel at dei gjer alt dei kan for å hjelpe dei som miste jobben over i andre roller.
Dei er 15 tilsette på kontoret i Oslo, men Red Rover ønsker ikkje seie noko om kor mange som forsvinn.
Hovudkontoret i England har hatt 22 tilsette.
I 2024 henta Red Rover Interactive 165 millionar kroner i ein finansieringsrunde, og Oslo-kontoret har levert gode rekneskapstal.
Dei har gått med overskott i både 2023, 2024 og 2025.
Den ferske rekneskapen for 2025 viser ei omsetning på 19,1 millionar og eit overskott på 1,3 millionar kroner.
Gjelda er redusert frå 20 millionar til tre millionar kroner, mens eigendelane har gått frå 22,1 millionar til 6,3 millionar.
Uklare konsekvensar
Red Rover Interactive lanserer det postapokalyptiske spelet Enginefall i Early Access i 2026.
Gamer.no har spurd studioet om kva nedbemanninga gjer med lanseringsvindauget, men det har dei ikkje svara på.
– Spelet er ei blanding av «battle royale» og «extraction shooters» med element av overlevingsspel. Eg trur ikkje det finst noko liknande, fortel Garcia om Enginefall.