– Me er letta. Men presset sluttar ikkje ved lansering, seier kreativ direktør Nils Terje Lundberg i Arctic Hazard.
I februar lanserte han og kollegaene det turbaserte vikingspelet Norse: Oath of Blood.
Dette er blant dei aller største norskutvikla spela dei siste åra.
Teamet var svært nervøse i forkant av lanseringa.
– No ser det ut til at me vil nå mange av dei interne måla med spelet vårt, og det er ganske utruleg. Det er eit stort spel, seier Lundberg.
Tatt på seng av «bugs»
Det har vore nokre travle veker.
Etter lanseringa oppdaga teamet ei rekkje tekniske problem, og spelet blei pepra med negative brukarmeldingar på Steam.
– Det hadde vore veldig fint med meir tid, men me hadde allereie utsett lanseringa nokre gongar og måtte berre lansere, fortel Lundberg.
Utgivar Tripwire Interactive har strenge retningslinjer dei må rette seg etter. Ikkje minst hadde ei ny utsetjing vore kostbar.
– Stort sett alle klagene har vore på det tekniske. No har me fått ordna opp i det meste, og me begynner å få stabilisert spelet, seier han.
Nøgd med salstala
Salstala er gode. Såpass kan Lundberg bekrefte. Utgivaravtalen hindrar han å kommentere spesifikke tal.
Nettstaden SteamDB anslår at dei har seld mellom 16.200 og 47.500 eksemplar.
På det meste hadde dei 3300 samtidige spelarar. Det er også fleire hundretusen som har ønskelista spelet.
– Me var førebudde på at det ville bli nokre tekniske problem, men då det blei tusenvis av spelarar som køyrte på, dukka det opp langt meir enn me hadde klart å teste, seier Lundberg.
Krevjande prosess
Grunnleggarane av Arctic Hazard har alle bakgrunn i Funcom.
Over 30 personar har vore i sving på Norse: Oath of Blood, og dei er tolv fast tilsette her i Noreg. Dei andre har vore med på frilansbasis.
Planlegginga av spelet begynte allereie i 2017, men utviklinga starta ikkje før i 2022.
Investeringar frå NFI, Investor og utgivar Tripwire Interactive som har gjort prosjektet mogleg.
– Det har vore eit kjempegodt samarbeid.
Tripwire har også stilt strenge krav til milepælane for utviklinga, og det er desse som utløyser nye innskott frå investeringspotten.
– Det krev utruleg mykje planlegging og møteverksemd med utgivar. Dei har vore veldig tett på i prosessen, og dei har hatt eit stort team kopla på Norse heile vegen, seier Lundberg.
– Det skapar ekstra stress, men også meir tryggleik, for du veit at du har midlar i ryggen.
Mykje må klaffe
Arctic Hazard har gjort betydelege investeringar i Norse: Oath of Blood.
Rekneskapsåra 2022 til og med 2024 viser eit akkumulert tap på 26,3 millionar kroner, og selskapet hadde rundt 20 millionar i negativ eigenkapital etter 2024.
– Er lanseringa nok til å sikre drifta framover?
– Lanseringa aleine er ikkje nok, men me skal hente oss inn i løpet av det første året. Då er me der me skal vere, seier Lundberg.
Selskapet er avhengige av å hente friske midlar både hos investorar og hos Norsk filminstitutt til neste prosjekt.
Eventuelle utvidingar til Norse: Oath of Blood kjem an på kor mykje dei sel det første året.
– Det er vanskeleg å seie noko om det neste prosjektet vårt, men dette viser at me har det i oss å gi ut store spel, seier Lundberg.
Norse: Oath of Blood kjem også til konsollar i løpet av året.