25
Feature

Dette tente norsk spelbransje

Omsetninga i den norske næringa er farleg nær milliarden, viser ein unik gjennomgang frå Gamer.no.

Montasje

Norsk spelbransje er ein internasjonal vesleputt.

Der nabolanda våre har lange tradisjonar for storskala spelutvikling, består den norske næringa først og fremst av knøttsmå selskap.

Nokre få aktørar står for brorparten av omsetninga. Dei aller fleste blør pengar, og dei er totalt avhengige av offentlege midlar for å overleve.

Likevel har bransjen vakse betydeleg på forholdsvis kort tid.

Gamer.no er i gang med eit større, undersøkande prosjekt om norsk spelbransje, og vil i denne artikkelen presentere ei kartlegging av økonomien i næringa.

Slik gjekk det med bransjen

I slutten av artikkelen kan du sjå gjennom lista av dei rundt 160 aksjeselskapa me har kartlagd.

Slik har Gamer.no kartlagd bransjen

For å lage denne lista har me sett på alt av tildelingar frå offentlege støtteordningar, undersøkt bransjekodar i offentlege register, lese medieomtale av norske spel, konsultert bransjeorganisasjonar og blant anna gjennomgått postjournalane til etatar i kontakt med spelselskap. I siste fase har me også bedt bransjen kome med tilskott.

Me kan likevel ikkje garantere at lista er heilt komplett. I undersøkinga fann me òg nær 100 aktive enkeltpersonføretak. Desse er ikkje tatt med, sidan dei ikkje rapporterer rekneskapstal.

Dette inkluderer utviklarprofilar som Erlend Kirkebø, vedinad og Arik Zurabian.

Det er også nokre selskap som driv meir med film enn spel, som til dømes Qvisten Animation. Mange film- og marknadsføringsselskap har søkt om offentleg støtte til spelutvikling i det siste, men desse har blitt ekskludert frå lista med mindre dei faktisk har fått midlar eller driv med aktiv spelutvikling.

Vis mer

Funcom er som vanleg den store drivaren av omsetninga. I 2024 hadde dei sitt svakaste år på lenge, og det merkast på bransjeomsetninga.

Den samla omsetninga falt frå rundt 950 millionar kroner i 2023 til om lag 810 millionar i 2024. Til samanlikning omsette svensk spelindustri for 36,8 milliardar i 2023.

Der naboane våre har fleire utviklarselskap i internasjonal skala, består den norske bransjen av småselskap og nokre få mellomstore aktørar.

Det samla underskottet til spelbransjen var i 2024 på rundt 400 millionar – i den grad det gir meining å summere årsresultat. Underskottet i 2023 var på rundt 250 millionar.

Noneda-sjef Sylvia Duerr fortel at det er tøffe tider for bransjen internasjonalt, utan at norske selskap er ramma i heilt same omfang.

– Men me merkar at det er svært utfordrande å finne finansiering i dag, og derfor er det kanskje ikkje så rart at me ikkje ser ein enorm vekst i den norske bransjen kvart år, seier Duerr.

Heftig inntektsvekst

Den største «raketten» på lista må kunne seiast å vere Trondheim-utviklaren Breach.

Frå oppstarten i 2016 har dei bygd seg opp til ei omsetning på 72 millionar i 2024.

Dei er også eit av få selskap som faktisk tener pengar. I 2024 hadde dei eit overskott på 29 millionar og sette av 15 millionar til utbytte.

Marius Thorvaldsen er dagleg leiar og eigar i Breach AS. 2024 blei eit svært godt år for dei tre eigarane.
Privat

Ein stor del av verksemda til Breach er oppdrag for andre, også applikasjonar og opplevingar som ikkje er dataspel.

Innan spel jobbar dei blant anna med Meta Horizon Worlds og eigne konsept.

– Me har eit tydeleg mål om ein god balanse mellom kundeprosjekt og eigne initiativ. Dette har bidratt til å gi stabil og føreseieleg drift, seier dagleg leiar Marius Thorvaldsen.

Må levere sakene

Breach er i dag 46 tilsette i morselskapet. Dei er også eigarar i selskapa Weave Reality AS, Graybox Software AS, Storybits AS og Free Fall Entertainment.

FYR: The Lost Island er eit komande VR-spel frå gjengen i Trondheim.

Målet framover er å prioritere kvalitet og stabilitet. Det betyr at omsetninga vil ligge på omtrent den same i 2025.

– Ambisjonen er å utvikle selskapet vidare i ein tidsperiode og marknad prega av omstilling, seier Thorvaldsen.

Han trur det er heilt avgjerande å vise gjennomføringsevne og å levere kvalitet for å skilje seg ut i den tøffe marknaden.

– Det er ikkje storleiken som tel, men evne til å omstille seg og å levere på høgt nivå over tid, seier han.

Thorvaldsen trur framtida til norsk spelbransje ligg i at selskapa må spesialisere seg og etablere ein tydeleg identitet. Storleik er ikkje nødvendigvis eit mål i seg sjølv.

Best i eige selskap

Anders Lauridsen i High North Studios står bak suksessen Skald: Against the Black Priory.

Nettopp ved å vise evne til å levere har han sikra finansiering for mange år framover, og han har kunne tilsette ein person på deltid for å hjelpe med administrasjon.

SKALD blei lansert i mai 2024. Lauridsen henta pengar frå blant anna Kickstarter.
High North Studios

Han har ingen ambisjon om å bygge noko stort studio. Visjonen hans fordrar total kreativ kontroll, og derfor passar det best å kjøre eit sololøp – i alle fall her og no.

– Spela mine har eit veldig personleg uttrykk. Det handlar altså ikkje om at eg vil eller ikkje vil tilsette, men at eg må gjere veldig mykje sjølv, seier Lauridsen.

Sololøpet gir økonomisk tryggleik for han. Men altså først og fremst kunstnarisk fridom.

Har null tru på Sverige-omsetning

Lauridsen har sikra ein ny utgivar og jobbar med neste spel.

– Eg lever veldig godt av spelutvikling på fulltid, seier han.

High North Studios AS hadde ei omsetning på 2,9 millionar i 2024, og noterte seg eit overskott på rundt millionen.

Sjølv har Lauridsen liten tru på at norsk spelbransje kjem til å kunne konkurrere med våre skandinaviske storebrør.

– Kanskje får ein store enkeltsuksessar og selskap rykker fram, men sjølv om me skulle fått eit selskap til i Funcom-storleik, er vegen altfor lang, meiner Lauridsen.

Han heier veldig på den kunstnariske støtta frå Norsk filminstitutt, og understrekar at det opnar for å lage kreative prosjekt som elles ikkje ville hatt livets rett.

Samtidig er han klar på at summane er altfor små. I Dune: Awakening-skala er enkelttildelingar frå NFI lommerusk, meiner han.

– All ære til NFI, men dei gir kanskje 60 millionar i året. Om eitt prosjekt får 800.000 kroner, er det ingenting. Slaget er tapt før ein har starta. Eg kan ikkje i min villaste fantasi førestille meg korleis me kan kome oss opp på Sverige-nivå.

– Enormt potensial

– Det er eit enormt potensial i norsk spelbransje. Den er mykje meir levedyktig enn filmbransjen.

Han var nyleg på eit innspelsmøte med Kulturdepartementet. Statssekretær Erlend Hanstveit (Ap) hadde invitert Lauridsen.

Det skildrar han som eit konstruktivt møte.

Lauridsen syns det er kjekt at dei viser interesse, men meiner det er altfor lite.

– Me snakka om utfordringar og moglegheiter i bransjen, men det slår meg jo at spelbransjen ligg veldig, veldig langt bak når det gjeld politisk merksemd, seier Lauridsen.

Ferskt blod

Lista vår har ein del ferske aktørar. Eit av dei er utviklarstudioet Red Rover Interactive AS i Oslo.

Dei og Funcom er ein av få som ikkje søker støtte frå NFI for spela sine, men Red Rover Interactive ville uansett ikkje kunne fått støtte.

Studioet er nemleg britisk og har hovudkontor i England.

Til neste år lanserer dei det postapokalyptiske spelet Enginefall i Early Access.

Enginefall blir eit stort prosjekt i norsk skala.
Red Rover Interactive

Fleire i leiinga har bakgrunn i Funcom. Det, og tilgang til flinke folk, var grunnen til at dei opna eit studio i Noreg.

Den norske studiosjefen kjem også frå Funcom. Laura Garcia deler kontor med 14 andre i Oslo.

– Spelet er ei blanding av «battle royale» og «extraction shooters» med element av overlevingsspel. Eg trur ikkje det finst noko liknande, fortel Garcia om Enginefall.

Fleire investorar i ryggen

Ho kan ikkje seie så mykje om måla deira for omsetning framover. Det kjem an på lanseringa, men generelt sett ønsker dei små utviklarteam.

I 2024 hadde Oslo-studioet ei omsetning på 20,4 millionar kroner, og då gjekk dei 635.000 kroner i pluss. Selskapet starta i 2023.

– Me har ingen planar om å vekse oss unødvendig store, fortel Garcia.

Det britiske selskapet jobbar med fleirspelarspel. Dei har bakgrunn hos blant anna Funcom, Boheima, Lockwood og Ubisoft.
Red Rover Interactive

Hovudkontoret i England har 22 tilsette. Dei er også i ferd med å starte eit studio i Italia.

Selskapet er støtta av ei rekkje private investorar. Blant anna gjekk PUBG-utgivar Krafton inn med rundt 150 millionar kroner i fjor.

Korleis bør ein bruke offentlege midlar?

Garcia har etter kvart lang erfaring med leiing og den norske spelbransjen. Så kva tenkjer ho om helsa til bransjen?

Ein stor del av fundamentet til større bransjar kjem frå infrastrukturen rundt teknologibransjen, meiner ho. Det har ein ikkje i same grad her i Noreg som til dømes Sverige.

– Fleire og fleire jobbar heimanfrå, og det gir endå færre grunnar til å etablere seg i Noreg. Generelt er suksessen i omsetning av norske spel det viktigaste. Det er det som driv vekst. Me bør ikkje måle suksess i norsk spelindustri basert på kor store selskapa er.

Garcia trur også ein må tenkje gjennom kva ein brukar dei offentlege støttemidlane til her i landet.

For det handlar ikkje om mangel på kompetanse, meiner ho.

– Det er nok av flinke folk her i landet, og det utdannast rikeleg med spelutviklarar ved universiteta. Eg trur heller det eit spørsmål om kva ein brukar pengane på. Ein treng meir kunnskap og investering rundt næringssida av spelutvikling, det strategiske, det å forstå marknadssegment, juss og internasjonale marknadar. Det vil gjere ein stor forskjell, seier Garcia.

Samtidig er ho klar på at NFI er viktig.

– Det er mange spel som aldri ville eksistert utan dei.

Her er heile lista over økonomien i bransjen:

Siste fra forsiden