25

Varslar omkamp etter komplett nederlag: – Spesielt bekymringsfullt

G2A tapte rettssaka mot staten på alle punkt. Dommen blir anka til lagmannsretten.

Skjermdump

G2A.com, ein digital marknadsplass kjend blant anna for å selje spelkodar, har saksøkt den norske staten.

Bakteppet er eit krav på 67 millionar kroner mot G2A. Det er ein kombinasjon av skatt, meirverdiavgift og straffeskatt.

G2A tok staten til retten for å få omgjort kravet, men tapte saka.

Ein fersk dom frå Oslo tingrett frikjenner staten.

Nådde ikkje fram

Gamer.no har tidlegare omtalt argumenta frå G2A.

Marknadsplassen er full av tilbod på rimelege spelkodar som seljast av eksterne aktørar. G2A hevdar dei ikkje er ein nettbutikk, og at dei ikkje sel kodane sjølv.

G2A meiner at spelkodane må sjåast på som eit gåvekort, der avgiftsplikta først trer inn når koden innløysast mot levering av spelet frå ein tredjepart, altså ved aktivering av spelkoden.

Med andre ord meiner dei at spelkodane ikkje er det same som spela.

Spelkodane er derfor ikkje ei teneste med meirverdiavgiftsplikt, meinte advokatane deira i retten.

Tingrettsdommar Per Kaare Nerdrum kjøpte ikkje den forklaringa.

Får saftig rekning

Nerdrum er krystallklar i dommen.

Han avviser G2A sine argument rundt spelkodane tvert, og er klar på at å kjøpe ein spelkode er det same som å kjøpe spelet.

Dommaren peikar også på at G2A ikkje har levert omsetningsoppgåver, og meiner at dei med vilje (forsett) unngjekk å rapportere salsinntekter.

Tingretten er einig i at det var grunnlag for å gi dei straffeskatt.

Kravet på 67 millionar kroner mot G2A blir ståande, og G2A er dømt til å dekke staten sine sakskostnadar på i underkant av 900.000 kroner.

Det er framleis mogleg å anke saka – og det kjem G2A.com til å gjere, seier dei til Gamer.no.

Dei er djupt ueinige med rettens vurderingar.

– Openbert urimeleg

Daria Sulgostowska, kommunikasjonssjef hos G2A, skriv i ein e-post at tingretten har ei «grunnleggjande feilaktig forståing av både sakas fakta og gjeldande lovverk».

Dei tar derfor saka vidare til lagmannsretten.

Sulgostowska står fast på at dei ikkje er ein spelleverandør, men ein marknadsplass. Ho understrekar at G2A ikkje sel spel sjølv.

– Det er spesielt bekymringsfullt at retten nekta oss moglegheita til å presentere utsegn frå internasjonalt anerkjende professorar i skatterett – ekspertar som var direkte involvert i utarbeidinga av det relevante lovverket, skriv ho.

Tingretten opna ikkje for at G2A fekk føre ekspertane som vitne i saka.

– Retten anerkjende sjølv sakas kompleksitet. I lys av denne innrømminga verkar det uhensiktsmessig å nekte presentasjon og gjennomgang av ekspertutsegn frå professorane, skriv ho, og legg til:

– Det er openbert urimeleg og ikkje støtta av fakta å ilegge G2A tilleggsskatt på grunnlag av påstått aktløyse, samtidig som ein ser vekk frå dei omfattande juridiske analysane og etterlevingstiltaka som er sett i verk av G2A, skriv ho.

Siste fra forsiden