G2A.com, ein digital marknadsplass kjend blant anna for å selje spelkodar, har saksøkt den norske staten.
Det kunne Gamer.no melde i august. No har me fått innsyn i sluttinnlegga til rettssaka som går for Oslo tingrett i november.
Tvisten handlar om eit vedtak frå Skatteetaten i april 2024. Då fekk G2A ei heftig rekning på meirverdiavgift, skatt og straffeskatt.
G2A meiner vedtaket må opphevast.
Krav på 67 millionar
Verken G2A, Skatteetaten eller regjeringsadvokaten har tidlegare ville kommentere dei faktiske detaljane i saka.
Desse kan Gamer.no no avsløre.
Kravet mot G2A er på heile 67,4 millionar kroner. 44,1 millionar av desse er meirverdiavgift.
20 millionar utgjer ordinær skatt og straffeskatt.
Dei 44 millionane handlar om sal av dataspelkodar, som tredjepartar har seld gjennom den digitale marknadsplassen G2A.com.
Marknadsplassen er full av tilbod på rimelege spelkodar som seljast av eksterne aktørar. G2A hevdar dei ikkje er ein nettbutikk, og at dei ikkje sel kodane sjølv.
G2A meiner at spelkodane må sjåast på som eit gåvekort, der avgiftsplikta først trer inn når koden innløysast mot levering av spelet frå ein tredjepart, altså ved aktivering av spelkoden.
Spelkodane er derfor ikkje ei teneste med meirverdiavgiftsplikt, skriv advokatane i sluttinnlegget.
Dei meiner også Skatteetaten har rekna feil på beløpet.
Krev full frifinning
Regjeringsadvokat Håkon Christian Nyhus argumenterer for at staten må frikjennast.
Han meiner saka handlar om forbrukaren kjøper eit dataspel når dei handlar ein kode gjennom G2A, eller om ein må skilje mellom koden og spelet.
Staten meiner det ikkje er eit skilje. Regjeringsadvokaten avviser at ein kan samanlikne spelkodar med gåvekort, og argumenterer for at G2A er den reelle seljaren.
Nyhus viser til at i 98 prosent av sala gjekk heile prosessen gjennom G2A. Då tar plattforma seg av heile prosessen, og seljaren er ikkje involvert, skriv regjeringsadvokaten.
Staten avviser også feil i utrekninga av skatten og avgifta.
Skulda for brot på opplysningsplikt
I sluttinnlegget blir også grunnlaget for straffeskatten utdjupa.
– G2A har ikkje oppfylt si lovpålagde opplysningsplikt, skriv Nyhus.
Han meiner dei har heldt unna opplysningar ved forsett, eller i det minste ved grov aktløyse.
G2A avviser å ha gitt feil eller ufullstendige opplysningar. Dei meiner også at Skatteetaten ikkje har oppfylt beviskravet sitt for ei slik skulding.
Fem dagar er sett av til saka i tingretten.
Advokat Axel Johnsen Holm representerer G2A i saka, og er kjend med at Gamer.no omtalar sluttinnlegga.
G2A ønsker ikkje å kommentere saka, seier Holm.