25

Kontroversiell spelnettstad saksøker den norske staten

Skatteetaten har sett foten ned for G2A.com. Derfor tar dei staten til Oslo tingrett.

Bartosz Skwarczek, grunnlegger og president i G2A.
G2A

G2A.com, ein digital marknadsplass kjend blant anna for å selje spelkodar, har saksøkt den norske staten.

Tvisten handlar om eit vedtak frå Skatteetaten i 2024. Det er sett av fem dagar til rettssaka i Oslo tingrett i november.

Skatteetaten har teieplikt. Dei kan ikkje svare på spørsmål om saka, opplyser dei til Gamer.no.

Daria Sulgostowska, kommunikasjonssjef hos G2A, skriv i ein e-post til Gamer.no at Skatteetaten ikkje godtar forretningsmodellen deira.

Sitt på det reine?

G2A.com har engasjert to ulike, norske advokatfirma for å gå gjennom jussen, og meiner forretningsmodellen deira er i tråd med norsk lov.

Derfor tar dei saka til retten. Selskapet har tru på at dei kjem til å vinne fram i Oslo tingrett.

Dei ønsker ikkje å gå i detaljar rundt kravet, men Gamer.no vil søke innsyn i sluttinnlegga i forkant av rettssak og kjem tilbake med meir.

Sulgostowska understrekar at dei er opptatte av å vere opne og å følge lovar og reglar.

Stadig debatt

Kommunikasjonssjefen er klar over dei ulike kontroversane rundt G2A sine reglar om openheit og tryggleik.

Nettstadens sal av spelnøklar har skapt debatt fleire gongar det siste tiåret. Dei har ofte blitt omtalt som ein aktør i den såkalla gråmarknaden – noko G2A sjølv meiner er feil –, og ulike utviklarar har gjennom åra uttrykt stor misnøye med nettstaden.

I 2019 gjekk fleire utviklarar ut og sa at dei tente absolutt ingenting på sal gjennom G2A.com.

Sulgostowska fortel at dei ikkje berre driv med spel lenger, og at dei har gjort mykje for å utvikle seg dei siste åra.

– Me tar desse problemstillingane på alvor, og me har jobba aktivt for å takle dei.

Siste fra forsiden