Det er omtrent like mange kvinner som speler som menn. Kvinner og menn speler ofte ulike typar spel, men utviklinga har gått raskt.
Kjønnsbalansen i spelbransjen heng derimot langt etter. IT-sektoren er generelt tungt mannsdominert, og det er særskild mannstungt på topp.
Men korleis er situasjonen i norsk spelbransje?
Det har Gamer.no undersøkt i det siste.
Klar skeivfordeling
I haust gjorde me ei omfattande kartlegging av aksjeselskapa i norsk spelbransje.
No har me også sett på kjønnsbalansen blant daglege leiarar, styreleiarar og styre i dei same selskapa.
87 prosent av selskapa har mannleg dagleg leiar.
90 prosent har mannleg styreleiar, og berre seks prosent av selskapa har eit fleirtal av kvinner i styret.
13 prosent har 50/50-fordeling eller meir.
– Den låge kvinneandelen er kanskje ikkje overraskande, men det er eit problem. Spesielt stygt er talet på kvinnelege styreleiarar, meiner Ellen Lyse Einarsen.
Kven lagar ein spel for?
Einarsen er både dagleg leiar og styreleiar i det nye utviklarselskapet Radiant Swans AS. Dei er ti tilsette i bedrifta.
– I vårt selskap er me halvparten menn og halvparten kvinner. Menn og kvinner lagar ulike ting, og eg trur me er tent med eit jamnare tal, seier Einarsen.
Ho er særskild opptatt av mangfald i styret og kreativ leiar.
– Det er dei som bestemmer kva ein skal lage. Dette handlar også i stor grad om kven ein skal nå. Om det berre er menn som lagar spel, lagar ein spel for menn, meiner Einarsen.
– Viktig
Kristine Øygardslia driv Studio Svaberg AS og dotterselskapet Shadowfay Games. Ho har tatt steget frå spelforskar til utviklar.
Shadowfay Games utviklar ein visuell roman med kvinner som målgruppe.
– Det er viktig at ein får fleire kvinnelege leiarar og styreleiarar, og eg håper det gjerast tiltak for å skape meir balanse, seier Øygardslia.
Øygardslia understrekar at det allereie jobbast godt med dette i bransjen. Ho etterlyser samtidig fleire mentorprogram og gjerne investorar med fokus retta mot spelselskap leia av kvinner.
– Det er framleis ein kjønnsubalanse, men her i Noreg har me fokus på dette. For eksempel har Linn Søvig vore kjempeflink til å hente kvinnelege mentorar, og me har mange gode kvinnelege forbilde i bransjen, seier Øygardslia.
Ho har sjølv har vore med på programmet til Søvig.
Ellen Einarsen er einig i at det går rette vegen.
– Det har blitt mykje betre, og det har gått forholdsvis raskt, seier Einarsen.
Handa på rattet i to selskap
Siw Espeland er dagleg leiar i Encircle Games og styreleiar i Krillbite.
Ho er ein av grunnleggarane av Encircle. Espeland blei invitert inn i styret til Krillbite, og blei seinare spurd om å ta over som styreleiar.
Det var aldri snakk om noko kvotering.
– Det er viktig at me får inn dei med best kompetanse, men eg trur kjønnsbalansen vil jamne seg ut over tid, seier ho.
Espeland viser til utviklarmiljøet på Hamar. Det er fleire selskap leia av kvinner.
– Me treng fleire kvinner inn i bransjen. No finst det veldig mange kvalifiserte kvinner som kan sitte i styre og vere styreleiarar, men i mine kretsar er det allereie mange som er aktive i verv, seier Espeland.
Historisk bagasje
Espeland minner også på at spelbransjen i stor grad er einmannsselskap.
Det har ho rett i. På Gamer.no si liste er 60 av dei 160 selskapa bedrifter med éin tilsett, der dagleg leiar og styreleiar er same person.
Berre fire av desse er kvinner. Om ein korrigerer for selskapa med éin person, går kvinnestatistikken noko opp.
Det er også ein heil haug med enkeltpersonføretak (ENK), men Gamer.no har berre sett på aksjeselskap i denne saka, sidan ENK ikkje har styre.
Kjønnsbalansen har også eit historisk bakteppe. Då Ellen Einarsen starta i bransjen i 2007, jobba ho med Age of Conan.
Ikkje det mest feminine spelet.
Tradisjonelt har spel først og fremst vore utvikla med menn som publikum. Einarsen peikar på framveksten av mobilspel og spel på sosiale medium som ein faktor i ein kjønnsmessig snuoperasjon over tid.
Ei undersøking gjort av ESA i 2025 viste at 48 prosent av spelande, på verdsbasis, er kvinner.
Stadig fleire kvinner
Henriette Myrlund syns 13 prosent kvinneandel blant daglege leiarar er høgare enn forventa.
– Men det kunne godt vore fleire. Det er eit tal ein må aktivt jobbe med, spesielt i styra, seier Myrlund.
Ho er dagleg leiar og styreleiar i selskapa Seagulls AS og Tellicherry AS.
– Eg ser at fleire og fleire kvinner stikk hovuda sine fram, seier utviklaren.
Kjønnsbalanse er ikkje nødvendigvis det einaste ein bør ha fokus på, meiner ho. Mangfald kjem i mange fasettar.
– Med det i bakhovudet kan ein lage andre produkt, spel som skil seg ut. Meir mangfaldig representasjon kan føre til større variasjon i produkta ein lagar, seier Myrlund.
Desse kvinnene har leiarroller i norsk spelbransje:
- Anna Karlsdottir. Styreleiar i Bifrost Entertainment
- Siw Annabell Hødnebø Espeland. Dagleg leiar i Encircle Games og styreleiar i Krillbite Studio
- Camilla Wang Kvalheim. Dagleg leiar i Leik Games
- Eli Helene Aase. Dagleg leiar og styreleiar i Nalycan
- Maja Nygjelten. Dagleg leiar i Raidho Games
- Mathilde Kvernland. Styreleiar i Raidho Games
- Catharina Due Bøhler. Dagleg leiar i Sarepta Studio
- Nora Helen Engelsvold. Dagleg leiar og styreleiar i Shyfoox Studios
- Elin Festøy. Dagleg leiar og styreleiar i Teknopilot
- Ragnhild Hutchison. Dagleg leiar i Tidvis Utvikling
- Siri Hjelmbrekke Hveem. Dagleg leiar i Labeli
- Unni Helen Stensland Myhre. Dagleg leiar i Amazing Games
- Maren Benedikte Birkeland. Styreleiar i Birk Narrative
- Yngvill Hopen. Dagleg leiar i Henchman & Goon
- Laura Garcia. Dagleg leiar i Red Rover Interactive
- Nina Fjelnset. Dagleg leiar i AbleMagic
- Henriette Myrlund. Dagleg leiar og styreleiar i Tellicherry AS og Seagulls AS.
- Clare Eckermann. Dagleg leiar i Snuti
- Inger Hilde Zahl. Dagleg leiar i Surrealist
- Kristine Øygardslia. Dagleg leiar i styreleiar i Studio Svaberg.
- Jeanette Luytkis. Dagleg leiar og styreleiar i Kamamuta
- Mathilde Haukø Haugum. Dagleg leiar og styreleiar i Petras Verden
- Jenny Ulla. Dagleg leiar og styreleiar i Insaneoberry
- Ellen Lyse Einarsen. Dagleg leiar og styreleiar i Radiant Swans
- Iben Vestrheim. Styreleiar i Storedraumen Games