I september 2024 inviterte Filmkraft Rogaland til ei ekstraordinær generalforsamling.
På sakslista sto eit punkt om å endre vedtektene. Selskapet fjerna ein regel om at styremedlem ikkje kunne søke på Filmkraft sin pott av skattepengar til utvikling av film og dataspel.
Altså skulle styret få behandle søknadar frå sine eigne medlem.
Eit halvt år seinare fekk filmen Jellyfish 600.000 kroner i støtte. Bak søknaden sto ein varastyremedlem i Filmkraft.
I det 275 sider lange varselet mot leiinga i Filmkraft Rogaland blir det hevda at fagpersonar i administrasjonen var imot tildelinga, men at dagleg leiar i Filmkraft overstyrte dette.
Tildelinga skjedde på same møte som dagleg leiar fekk utvida åremålet sitt, og blei av varslarane opplevd som å "kjøpe ein stemme", har Stavanger Aftenblad omtalt.
LES OGSÅ: Kallar inn til oppvaskmøte »
– Totalt uakseptabelt
Gamer.no kan avsløre at det er veldig ulike praksisar blant dei forskjellige filmsentera og filmfonda i Noreg.
For eksempel ville aldri Sørnorsk filmsenter i Kristiansand behandla søknadar frå produksjonar som involverer medlem av eige styre.
– Det er kjempeviktig å vere transparent. Hos oss ville det vore totalt uakseptabelt å vurdere søknadar frå eigne styrerepresentantar. Det prinsippet er heilt fastlagd, og det vil aldri kome på tale å diskutere, seier Sørnorsk filmsenter-sjef Ingrid Falkenberg Dokka.
Tette koplingar
Norsk film- og dataspelbransje er liten. Mange kjenner kvarandre, og det skapar utfordringar for habilitet når filmsentera skal hente fagfolk.
Dei er avhengige av fagkunnskap for å kunne vurdere søknadane og bestemme kven som får pengar.
Det er vanleg å ha representantar for bransjen i styret. Sørnorsk filmsenter rekrutterer desse frå andre delar av landet, og unngår slik at styremedlem kjem for tett på dei som spør om pengar.
– Det er slik me unngår habilitetsproblematikk, seier Dokka.
Magnus Thomassen, dagleg leiar i Mediefondet Zefyr, er klar i sin tale.
– Det er openberre habilitetsproblem med å styrebehandle søknadar der styret sjølv er involvert, seier Thomassen.
Uheldig signaleffekt?
Zefyr har personar med bransjebakgrunn i styret sitt, men ingen av desse er aktive film- eller spelskaparar.
– Det er generalforsamlinga som set ned ein valkomite for å finne styremedlem, men ein skal vurdere nøye om nokon som er aktive i bransjen skal inn. På den andre er det viktig med relevant kompetanse. Miljøa er små i Noreg, seier Thomassen.
– Det lar seg fint gjere å sette saman eit kompetent styre utan å tråkke i den salaten, legg han til.
Zefyr-sjefen meiner det er unødvendig å vedtektsfeste at ein ikkje skal behandle søknadar frå styremedlem.
– Dette spring utifrå vanleg forvaltningsrettslege prinsipp. Eg er noko overraska av at det er ulike rutinar for dette.
Forvaltningslova koplar inhabilitet med forhold som er «egnet til å svekke tilliten til ens upartiskhet».
Thomassen meiner fjerninga av Filmkraft sin vedtektsfesta regel om å ikkje gi pengar til styremedlem, kan bidra til nettopp dette.
– Då verkar det som ein eksplisitt opnar for å gi tilskott til styremedlem. For andre i bransjen kan det sjå ut som ein får særfordelar i kraft av posisjonen, og det kan bidra til å svekke tillit, seier han.
Filmkraft-styreleiar Tonje Hardersen understrekar at det er eigarkommunane, ikkje styret, som bestemte at regelen blei fjerna.
Avfeier kritikk
Maria Kluge, dagleg leiar i Østnorsk filmsenter, er ikkje samd i kritikken mot Filmkraft.
– Eg reagerer ikkje på at Filmkraft har tildelt støtte til ein varamedlem i styret, så framt at prosessen rundt tildelinga er transparent og søkaren ikkje er involvert i styrevedtaket, skriv ho i ein e-post til Gamer.no.
Varastyremedlemmen i Filmkraft var erklært inhabil under behandlinga i styret.
Østnorsk filmsenter brukar også bransjerepresentantar i styret sitt. Dei hentar inn eksterne konsulentar til å vurdere søknadar, og engasjerer ein ekstra innleigd konsulent om styrerepresentantar har søkt.
– Dei er gjerne frå eit anna filmsenter. Me må då forsikre oss om at denne konsulenten ikkje har relevante relasjonar til søkar, som går på habilitet. Når slutninga er tatt, blir det forankra i styret, utan at styremedlemmen er til stades, skriv Kluge.
– Armlengdes avstand
Arktisk Film har heller ingen regel mot søknadar frå styremedlem, og stadfestar at ein varamedlem har fått pengar tidlegare.
I seinare tid har dei gått vekk frå at styret bestemmer kven som får pengar. No er det administrasjonen som gjer vedtak om støtte.
– Slik sett har me fått armlengdes avstand til det. Administrasjonen har aldri overkøyrt faginnstillinga til ein konsulent hos oss, seier dagleg leiar Terje Andre Nymark.
Midtnorsk filmsenter opnar også for at styremedlem kan søke om tilskott, opplyser dagleg leiar Eli Gjerde. Det same gjer Vestnorsk filmsenter, som stadfestar at deira styremedlem har søkt om og fått midlar.
Midtnorsk filmsenter har ein eigen regel om at dersom ein styremedlem er inhabil i behandling av éin søknad, er dei også inhabile i behandling av alle andre søknadar i same runde.
Zefyr og Filmkraft har same praksis.
Ikkje problematisk, meiner professor
Eivind Smith, professor i offentleg rett, fortel at habilitet er eit dilemma i bransjar med små miljø.
– Om ein skal ha folk i bransjen med i eit slik styre, er det lett at dei blir sett til å behandle søknadar frå folk dei kjenner, seier Smith.
Reint formelt er det ikkje noko problem å behandle søknaden frå ein varamedlem i styret, meiner han.
– Ikkje så lenge ein følger reglane, det ikkje er andre grunnar til at andre styremedlem er inhabile mot søkaren og medlemmen ikkje kan påverke prosessen direkte utover å søke, seier Smith.
Gamer.no har også utfordra dei andre filmsentera og Norsk filminstitutt på saka, men har så langt ikkje fått svar. Saka blir oppdatert etter kvart som det kjem på plass.
Innhaldet i artikkelen er presentert for styreleiar Tonje Hardersen og varastyremedlemen.
Fylkesordførar Ole Ueland viser til Sandnes-ordførar Kenny Rettore for kommentar.
Rettore nektar å uttale seg om saka utover innhaldet i aksjonærbrevet sendt i sommar, sjølv om forholda rundt utbetaling av støtte til styremedlem er offentleg informasjon.