Torsdag kveld gjennomførte Filmkraft Rogaland ei ekstraordinær generalforsamling.
Det offentleg eigde film- og spelfondet har stått i ein tillitskrise dei siste månadane. I sommar blei det lagt fram eit 275 sider langt varsel mot leiinga i selskapet.
Torsdag blei eigarkommunane presentert for ein foreløpig rapport om arbeidet med varselet.
– Når saka er konkludert, forventar me at styret prioriterer å bygge ein trygg og inkluderande kultur, sikre openheit i tildelingsprosessar og gjennomføre obligatorisk styreopplæring, skriv talsperson og Sandnes-ordførar Kenny Rettore (H) i ein SMS fredag morgon.
LES OGSÅ: Reagerer på manglande openheit
Ny styreleiar på plass
Filmkraft Rogaland har no fått eit nytt styre. Benedicte Økland trer inn som representant for majoritetseigar Rogaland fylkeskommune, og ho blir ny styreleiar.
Økland er på ferie og utilgjengeleg for intervju. Ho trer inn som styreleiar når ho kjem tilbake i midten av oktober.
Gamer.no har tidlegare omtalt at Siri Tansø (Ap) trer inn for Sandnes, og torsdag blei også Marit Hagland valt inn for Stavanger kommune.
Hagland blir nestleiar i styret.
– Styret er no komplett med representantar frå alle dei tre eigarane, skriv Rettore.
Det er også valt ein valkomite, som blir leia av Frp-politikar Tore Andreas Haaland frå Sandnes.
Haugesund selde seg nyleg ut av selskapet. Altså er det Rogaland fylkeskommune, Sandnes kommune og Stavanger kommune som eig Filmkraft.
Filmkraft-saka
I august blei det kjend at tilsette og tidlegare tilsette hos Filmkraft Rogaland hadde sendt eit 275 sider langt varsel mot leiinga i selskapet.
Varselet handlar blant anna om arbeidsmiljø og kritikk mot konkrete tildelingar av pengestøtte.
Filmkraft Rogaland er eit av fleire regionale film- og spelfond som deler ut millionar av skattekroner til film- og spelprosjekt kvart år.
Gamer.no har belyst habilitetspraksisen ved ulike filmfond rundt i Noreg, og følger Filmkraft-saka tett av omsyn til norsk film- og spelbransje.
Kallar inn til endå ei ekstraordinær samling
Den foreløpige rapporten om varselet blei lagt fram av eit internt arbeidsutval. Det består av dei tre bransjerepresentantane i selskapets styre.
Dei har vore i tett dialog med bransjen rundt varselet og har hausta innspel. Gamer.no har prata aktørar som har kome med innspel.
– Som eigarar har me tillit til at styret handterer denne saka på ein ryddig måte, skriv Rettore.
Dei har sett ein frist for å ferdigstille rapporten, og eigarane har krav for korleis det skal følgast opp.
– Me har sett tydelege fristar, skriv Rettore.
Sjølve varselet er rekna som ei personalsak. Både eigarane og administrasjonen har teieplikt, og dei kan derfor ikkje kommentere detaljar.
I veke 44 er det ei ny ekstraordinær generalforsamling.
LES OGSÅ: Svært ulike syn på habilitet