25

Reagerer på manglande openheit rundt krise i Filmkraft

Resultatet for undersøkinga rundt det omfattande varselet er nært foreståande, men aktørar i bransjen saknar dialog.

Filmkraft Rogaland har kontor i Sandnes sentrum. Dei delte i 2024 ut 22 millionar til lokale film- og spelprosjekt.
Mikkjell Lønning

I august blei eit 275 sider langt varsel mot leiinga i Filmkraft Rogaland kjend.

Påstandane mot leiinga er harde og mange.

Fondet er offentleg eigd og deler ut skattekroner til film- og dataspelprosjekt i Rogaland.

Eit internt arbeidsutval i styret har dei siste månadane jobba med å ettergå dei mange påstandane i varselet. På onsdag publiserte Filmkraft eit nyheitsbrev til bransjen om kva dei har gjort den siste tida, utan at varselsaka er nemnd med eitt einaste ord.

Gamer.no har snakka med fleire i den lokale bransjen som reagerer på manglande openheit rundt prosessen.

Desse personane ønsker å vere anonyme. Dei fryktar konsekvensane av å uttale seg dersom dei søker om pengar seinare.

– Oppsiktsvekkande

Eigarkommunane Sandnes, Stavanger, Haugesund og Rogaland fylkeskommune har bedt styret om ei orientering rundt varselsaka.

25. september er det kalla inn til ei ekstraordinær generalforsamling.

Arbeidsutvalet består av representantar frå filmbransjen i Filmkraft Rogaland sitt styre, som har vore i tett kontakt med den lokale filmnæringa.

Det er enno uklart om dei kjem til å ha rapporten sin klar til 25. september, får Gamer.no opplyst.

Mikkjell Lønning

Svein Tollefsen (H) har vore vara i styret for Sandnes kommune. Han stussar over kor lite informasjon han har fått frå Filmkraft i sin periode.

– Det er oppsiktsvekkande. Det har vore ein total mangel på informasjon. Eg har vore vara i andre styre og er vand med å få sakspapir og vere fullt oppdatert, men eg har ikkje høyrt eit kvekk som vara, sa Tollefsen til Gamer.no før varselsaka blei kjend.

Då hadde han ikkje høyrt om varselet i det heile. Denne veka seier han at innhaldet i varslinga uansett er ei personalsak, men at han framleis ikkje har blitt orientert sjølv.

Partifelle og Sandnes-ordførar Kenny Rettore skal delta på generalforsamlinga 25. september, opplyser Tollefsen.

– Veldig viktig

Arbeidarpartipolitikar Siri Tansø (Ap) er innstilt som nytt styremedlem frå Sandnes kommune.

Haugesund kommune sel sine aksjar i selskapet, som gjer at Filmkraft treng nye styremedlem og ny styreleiar. Det har ikkje noko med varselet å gjere.

Tansø kjenner ikkje detaljane i varselet utover medieomtalen, men syns det er viktig at det blir tatt på alvor.

– Me må finne ut kva som har skjedd og kvifor det skjedde, seier Tansø.

Siri Tansø (Ap) blir måndag innstilt som nytt styremedlem i Filmkraft Rogaland av Sandnes kommune. Her fotografert i ein annan samanheng.
Mikkjell Lønning

– Korleis skal de gjenopprette tilliten i bransjen?

– Eg opplever ikkje at tilliten er øydelagd, men me skal undersøke dette og køyre ein god prosess både for varslarane og for dei som er varsla mot, seier Tansø.

– Enkelte aktørar i bransjen opplever at varslingssaka blir lagt lokk på av Filmkraft. Skal det vere slik i ein offentleg eigd institusjon?

– Nei. Det er veldig viktig for det offentlege å vere transparent. Ein kan nesten ikkje dele for mykje – så lenge ein tar vare på dei involverte. Det er viktig for tilliten, meiner Tansø.

Avventande

Erlend Jordal, gruppeleiar i Rogaland Høgre, seier dei ventar på rapporten frå arbeidsutvalet.

– Det er lite å seie anna enn at dei må få gjere jobben sin, og det er viktig for oss at dei får tida dei treng til å gå gjennom varselet. Dei må snakke med dei rette folka og gå gjennom dokumentasjonen, slik at dei kan levere ei god og uavhengig tilbakemelding, seier Jordal.

Han er usikker på kva meir openheit som trengst.

– Saka er omtalt i media og kommentert tidlegare. Eg veit ikkje kva meir transparens ein ønsker, men me ventar til prosessen er ferdig og tar det derifrå.

Jordal meiner dei er avhengige av mest mogleg kunnskap om varselet og det som har skjedd.

– Når rapporten kjem, reknar eg med at eigarane vil sette seg ned for å velje eit nytt styre og handtere varselet på ein skikkeleg måte. Målsettinga må vere å kome seg vidare. Det er heilt essensielt at Filmkraft kjem seg opp på føtene og oppfyller den viktige rolla for filmmiljøet i Rogaland og Noreg, seier han.

Fylket har enno ikkje vald sin representant for styret. På eit komande møte i fylkestinget vil dei foreslå å opprette ein valkomité for å finne denne.

Følger retningslinjer

Styreleiar i Filmkraft Rogaland, Tonje Hardersen, er presentert for innhaldet i artikkelen.

Ho svarar følgande i ein e-post:

– Me har allereie uttalt at styret behandlar saka i tråd med gjeldande retningslinjer og har igangsett nødvendige undersøkingar. Av omsyn til prosessen og involverte partar ønsker me ikkje å gi ytterleggare kommentarar på noverande tidspunkt, skriv Hardersen.

Generalforsamlinga skal vere på Teams og vil neppe vere open for media. Omtalen av varselet vil uansett vere unntatt offentlegheita.

LES OGSÅ: Svært ulike syn på habilitet

Siste fra forsiden