Ein intern, juridisk rapport frikjenner dagleg leiar for rettslege feilsteg. Styret i Filmkraft har tatt rapporten til etterretning, mens varslarane er sjokkerte over utfallet.
Fredag var det ei ekstraordinær generalforsamling i Filmkraft. Der blei varsla igjen drøfta.
Filmkraft har landa på to hovudkonklusjonar.
– Alvorleg arbeidskonflikt
Den første handlar altså om at dagleg leiar er frikjend for rettsleg kritikk. Det andre punktet handlar om å bygge opp att ein trygg arbeidskultur i selskapet.
Gjenoppbygginga er i gang.
– Det er ei alvorleg arbeidskonflikt i selskapet. Styret har starta arbeidet for gjennomgang av regelverk, kultur og leiingspraksis, skriv styreleiar Benedicte Økland i ein e-post søndag.
Arbeidet med å gjenskape tilliten vil vere omfattande og ta tid. Det vil ta utgangspunkt i å ta vare på tilsette, og vil starte i tråd med ein tiltaksplan, skriv ho.
Skeivt inntrykk
Styret og bedriftshelsetenesta samarbeider om dette. Filmkraft skal køyre ein intern prosess med tilsette for å lage ein tiltaksplan til eit styremøte 13. november.
Økland ønsker ikkje å stille til intervju før denne prosessen er ferdig.
Ho rettar også kritikk mot media.
– Me har registrert fleire medieoppslag om saka, som etter vår vurdering gir eit skeivt inntrykk av Filmkrafts behandling av varslingssaka frå juni, skriv Økland.
Ho presiserer ikkje kva sak det er snakk om, men opplyser at dei har fått spørsmål og kommentarar som tyder på «usikkerheit rundt konklusjonane deira» etter medieoppslag.
– Derfor uttaler me oss no, skriv Økland.
Økland skriv vidare at dei arbeida intensivt med saka, og at dei har fått støtte frå Virke si juridiske rådgivingsteneste.
Saman med to styrebehandlingar har dette gitt eit solid grunnlag for saksutgreiingane og innstillingane til den ekstraordinære generalforsamlinga, skriv Økland.
LES OGSÅ: Dette viser dei hemmelege dokumenta