Gamer.no har skrive fleire saker om tillitskrisen til Filmkraft Rogaland etter eit 275 sider langt varsel mot leiinga. Selskapet har jobba med å rydde opp sidan i sommar.
Måndag hadde dei nytt styremøte, og det blir endå ei ekstraordinær generalforsamling den 31. oktober.
Styreleiar Benedicte Økland skriv i ei pressemelding at tidlegare styreleiar Mariann Bjørnelv skal ta seg av saksbehandling for tredje søknadsrunde. Filmkraft Rogaland deler ut skattekroner til film- og dataspelprosjekt.
Bjørnelv skal ta oppgåver som dagleg leiar normalt har i saksbehandlinga.
Filmkraft vil ikkje kommentere saka utover dette før den ekstraordinære generalforsamlinga er gjennomført.
Omfattande prosess
27. juli blei det oppnemnd eit arbeidsutval i Filmkraft sitt styre. Dette skulle ta for seg dei omfattande skuldingane mot selskapets leiing, og har sidan den gong gått grundig gjennom påstandane.
Det er styrets bransjerepresentantar som sit i utvalet.
Alle partane har blitt høyrt. Dagleg leiar hadde eit kontradiksjonsmøte 15. september, og Filmkraft sin advokat har undersøkt dei juridiske sidene av saka.
Ein foreløpig rapport blei presentert for eigarkommunane 25. september under ei ekstraordinær generalforsamling.
Diskuterte tidlegare varsel
Under møtet 25. september blei det også lagt fram ein rapport om den første av to varslingssaker.
Det viser dokument Gamer.no har fått innsyn i. Den andre saka er altså framleis under behandling.
Som tidlegare omtalt blei det behandla eit varsel rundt nyttår, og dette blei lukka etter ein «grundig prosess». Styret landa på at dei framleis hadde full tillit til dagleg leiar.
Majoritetseigar Rogaland fylkeskommune blei då informert om varslingssaka, og at den blei lukka.
– Det blei sett i gang tiltak som bedriftshelseteneste og varslingsrutinar for å sikre eit godt arbeidsmiljø, heiter det i rapporten.