Xbox-sjef Asha Sharma skriv måndag at 3200 kjem til å miste jobben hos Xbox gjennom finansåret 2027 (1. juli til og med 30. juni 2027).
Ho kallar dette selskapets største restrukturering gjennom historia.
1600 medarbeidarar mistar jobben allereie i dag.
Dei fire dotterselskapa Ninja Theory, Undead Labs, Compulsion Games og Double Fine Productions forsvinn ut av Microsoft sin portefølje.
– Eg veit dette er tøft, skriv Sharma.
Tener ikkje nok
Ho skriv at marginane til Xbox er for små, og at Xbox har ikkje hatt veksttempoet dei forventa trass ein aggressiv vekststrategi.
Sharma hevdar at Xbox opererer med marginar som er tre til ti gongar lågare enn samanliknbare selskap.
Dette fordrar betydelege endringar for Xbox. Ho skildrar grepa som ein full restart for selskapet.
Compulsion Games og Double Fine Productions går tilbake til å vere uavhengige studio. Ninja Theory og Undead Labs blir kjøpt opp.
Arkane Studios i Frankrike skal gå i dialog med konsulentar for å sjå på «strategiske moglegheiter».
Kutt over heile linja
Jobbkutta påverkar også selskap som Activision, Bethesda, Blizzard, King, Mojang og Xbox Game Studios, men Sharma understrekar at ingen av dei største prosjekta til hovudutviklarstudioa i Xbox blir kansellerte.
Sharma meiner at den aktive oppkjøpsstrategien deira ikkje har gått som planlagd.
Sidan 2018 har dei kjøpt opp ei lang rekkje ulike spelutviklarar, samtidig som dei har tapt 64 øre på kvar investerte krone på vegen.
Xbox har hamna i ein skvis. Dei konkurrerer både med store utgivarar og små indieutviklarar.
– Me har lært at me ikkje nødvendigvis er den beste heimen for kvar type studio. Når me restartar Xbox, vil me hjelpe uavhengige utviklarar med å lukkast ved å tilby dei utviklingsverktøy og publikum for å realisere visjonen deira, skriv Sharma.
Skal vekse igjen
Sharma skriv at Microsoft skal investere like mykje i Xbox som før, men at det skal skje med «større fokus, disiplin og klarleik».
Planen er at dei igjen skal vekse i 2027.
Sharma skal blant anna gjere strukturen i selskapet flatare, tilsette ein ny leiar med ansvar for ei rekkje område og straumlinjeforme leiinga på tvers av ulike sektorar innan Xbox.
Aksjekursen falt to prosent rett etter nyheita blei kjend.
Det er rundt eit år sidan Microsoft kutta 9000 jobbar i konsernet, og med nedbemanninga i Xbox forsvinn nye 4800 ut døra i dag.