25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »

Ordna opp etter kjeft frå spelarar

Crimson Desert kan no spelast med Intel-skjermkort.

For nokre veker sidan fekk Crimson Desert-utviklaren Pearl Abyss kritikk frå spelarbasen for manglande støtte av Intel Arc-skjermkort.

Storspelet var rett og slett ikkje mogleg å køyre for dei med slike skjermkort.

I etterkant har Pearl Abyss beklaga, og bekrefta nyleg at dei jobbar med støtte for Intel Arc-skjermkort.

No har dei lansert ei ny oppdatering til spelet. Denne implementerer støtte for både skjermkorta og oppskaleringsteknikken Intel XeSS 3.0.

Pearl Abyss skriv at dei framleis har nokre problem med Intel-skjermkort. Intel Arc A770 kan gi krasjing ved bruk av XeSS, og med Intel Arc A750 kan spelet krasje i byen Hernand.

Dette vil sannsynlegvis bli fiksa på sikt.

Siste fra forsiden