25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer »
Samletest

Handholdte konsollar

Dette er den beste premium handkonsollen

Som oftast blir pris den avgjerande faktoren. I denne testen varierer prisane frå litt i overkant til totalt idiotiske.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Eg vrenger av meg sekken etter ein lang dag på jobb.

Motivasjonsnivået for å lage middag er på minussida, og eg stirar tomt på Steam-biblioteket på datamaskinen, utan å finne eit spel som freistar.

I staden slenger eg føtene på bordet, plantar kroppen djupt ned i sofaen og trykkar på ein knapp på handkonsollen. Vipps, så er eg rett inne i Hades II.

Total avslapping.

Dei siste åra har PC-baserte handkonsollar blitt stadig meir populære, i stor grad på grunn av korleis det senkar terskelen for å spele.

Steam Deck har opna døra for ei rekkje ulike produsentar, og no har Gamer.no tatt ein ny runde med nokre av dei heftigaste handkonsollane i norske butikkhyller:

Xbox ROG Ally X, MSI Claw AI 8+ og Lenovo Legion Go 2.

Det er duka for ny samletest.

Kva betyr mest?

Det er to år sidan sist gong me testa ulike handkonsollar opp mot kvarandre.

Sjølv om Valve aldri formelt har lansert Steam Deck i Noreg, var det den som stakk av med topplasseringa. Ein brukt Steam Deck OLED er ikkje eit dumt kjøp, men maskinvara begynner å bli gammal og utdatert.

Rog Ally og Legion Go 2 er begge bygd på AMD-systembrikka Ryzen AI Z2 Extreme, som gir langt betre yting enn førre generasjon.

MSI Claw køyrer ein Intel Core Ultra 7-prosessor. Det er første gongen me testar ein handkonsoll på Intel-plattform, og eg er overraska av kor godt den heng med konkurrentane.

ROG Xbox Ally X MSI Claw 8 AI+ A2VM Lenovo Legion Go 2
Skjerm 7" 1920x1080 IPS (16:9), 120Hz, 500 nits, VRR 8" 1920x1200 IPS (16:10), 120Hz, 500 nits, VRR 8.8" 1920x1200 OLED (16:10), 144Hz, 500 nits, VRR, HDR
Systembrikke Ryzen AI Z2 Extreme Core Ultra 7 258V, Intel Arc eGPU Ryzen Z2 Extreme
Batteri 80Wh 80Wh 74Wh
Vekt 715 gram 795 gram 920 gram
Operativsystem Windows 11 Windows 11 Windows 11
Minne 24GB LPDDR5X-8000 32GB LPDDR5X-8533 32GB LPDDR5X-8000
Lagring 1 TB 1 TB 1 TB
Pris 11 490 13 400 22 999

Under panseret er dei tre konsollane forholdsvis likestilte.

Ergonomi, yting, batteritid, støynivå, skjerm, brukaroppleving og prisnivå er dei aller viktigaste faktorane i å vurdere kva som passar best. Alle konsollane går litt i si eiga retning, og ulike brukarar vil legge forskjellig vekt på desse kategoriane.

Skjermen til Go 2 er det som skil seg mest positivt ut blant dei ulike omsyna i testen. Men den same konsollen har også det største minuset i form av eit heilt absurd prisnivå.

I tidlegare testar har eg gjort det klart at eg syns handkonsollar i premiumsegmentet er overprisa, og det inntrykket har ikkje endra seg. Snarare tvert imot.

Lenger nede i teksten skal eg gi min dom over dei ulike produkta, men først skal me kikke på brukaropplevinga og ytinga.

Windows er jo noko drit

Felles for alle er operativsystemet Windows 11. SteamOS er framleis gullstandarden for PC-baserte handkonsollar, men kjem med sine eigne kompatibilitetsproblem i form av manglande spelstøtte.

Etter at Microsoft lanserte den oppdaterte Xbox-appen, har noko av forspranget til Valve forsvunne.

Då eg testa Rog Ally X i haust, skrøyt eg av korleis den nye appen minimerer ressursbruk og gjer det enklare å kome seg inn i spel. Eg la også vekt på at ein del av barndomssjukdomane ville forsvinne med tid.

Dessverre er dei ikkje vekke.

Alle konsollane lid av irritasjonsmoment rundt appar og spel som heng seg opp, touchskjermar som tar kvelden, dvalemodus som ikkje vaknar, eit hav av ulike oppdateringar og tidvis behov for å slå konsollen av og på.

Slikt er det mykje av. I ei verd der ein er vand med at ting berre fungerer, blir dette fort veldig irriterande. Eit triks er å bruke hurtigtastar for å opne tastaturet.

I løpet av dei siste vekene har eg mange gongar tatt meg i å sukke høglydt mens eit eller anna har gått gale.

Programvara til Claw, MSI Center M, er av det røffe slaget. Heller ikkje Lenovo Legion eller Asus sin Armory Crate imponerer nemneverdig, med irriterande forseinking og faner som heng seg opp, men det fungerer heilt greitt.

Konsollane er best når ein held seg i biblioteket til Xbox. Heldigvis brukar eg mesteparten av tida inne i spel, og då er det først og fremst ytinga som avgjer kor kjekt eg har det.

Viktig faktor

Alle konsollane har kort batteritid ved maksimalt straumforbruk. Eg kunne eigentleg tenkt meg at neste generasjon gav nokolunde same yting, men med eit klart betre batteri.

Ally X gir den beste opplevinga med lite viftesus og batteritid på ein time og 50 minutt. Batteriet varar omtrent ein time lenger på 17 watt effekt, og det er meir enn nok for mindre krevjande spel.

Batteritida varierer veldig etter kva straummodus ein brukar. Med meir bruk blir lang batteritid stadig meir viktig for meg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Claw held greitt følge. Batteriet takka for seg etter ein time og 37 minutt på maksimalt forbruk. Konsollen lagar litt meir støy enn Ally X, men viftesusen er aldri plagsam.

Det verkar derimot som Ally X brukar meir straum enn den skal i lågare modusar, og der tar MSI Claw igjen forspranget på batteritid.

Go 2 slit litt meir. Den produserer klart mest støy under full last, mens batteriet heldt det gåande i ein time og 28 minutt.

Imponerer

Alle tre konsollane er ytingsmessige kruttønner.

Eg slit enno med å forstå korleis desse konsollane klarar å køyre heilt nye spel med respektabel bildefrekvens.

Dei leverer varene takka vere kombinasjonen av kraftig maskinvare og nye oppskaleringsteknikkar, og med ein forholdsvis liten skjerm kan ein kome unna med lågare kvalitet på innstillingar og oppskalering.

Nye oppskaleringsteknikkar vil berre gjere konsollane betre på sikt. Dette kjem an på kva utviklarar implementerer støtte for, men dei siste utgåvene av AMD FSR og Intel XeSS er svært habile. Her kan ein trikse litt for å få nyare standardar gjennom program som Optiscaler.

Microsoft sin nye oppskaleringsteknikk AutoSR er også på veg til Ally X.

I testane har me tatt utgangspunkt i opplevinga ut av eska.

Ytinga er generelt sett relativt lik mellom konsollane, men i nokre spel er det betydelege variasjonar knytt til optimalisering.

Målingane under er alle gjort på maks straumforbruk utan ladar.

I Cyberpunk 2077 leverer alle tre i praksis identisk yting i 1080p.

MSI Claw sakkar noko akterut i 900p og 720p, der børa for prosessoren blir noko tyngre, men forskjellen er ganske liten.

Ytinga har ikkje auka sidan testen vår av Ally X i haust. Eg hadde forventa nokre forbetringar over tid på programvarenivå der, då første generasjon av Ally såg betydeleg auke i yting som følge av oppdateringar.

Fjorårets Doom: The Dark Ages pressar konsollane til det ytste. Her er det MSI Claw som handterer presset best, og yter klart betre enn konkurrentane.

Eg måtte skru ned innstillingsnivået betydeleg for å få brukbar bildefrekvens på Legion Go 2. Det er litt uklart kva som ligg bak.

Testane på Legion Go 2 blei køyrt på nytt både etter ein omstart og ei oppdatering, utan nokon effekt.

Legion Go 2 og MSI Claw støttar altså 1200p-oppløysing, men me har gjort testane i 1080p for å forenkle datainnsamlinga. Legion Go 2 er med andre ord sjanselaus i Doom i full oppløysing.

Siste innslag i Assassin's Creed-serien er eit langt meir grafisk imponerande spel enn Doom, og tar seg flott ut med medium innstillingsnivå på konsollane.

Ally X klatrar så vidt over 30 FPS. Eg hadde ikkje forventa at konsollane skulle takle Shadows så bra som dette.

Også i 2017-spelet Middle-earth: Shadow of War er snittbildefrekvensen relativt lik, men her er det noko seriøst gale med spelet på MSI Claw.

Med jamne mellomrom dalar spelet ned i den bildefrekvensmessige potetkjellaren, med to-tre bilde i sekundet og skyhøg bildetid.

Det verkar som spelet går tomt for grafikkminne, men å endre på innstillingane påverkar ikkje dette i det heile. Shadow of War er rett og slett ikkje spelbart for meg med MSI Claw.

2022-spelet Dying Light 2 køyrer fint på alle konsollane med oppskalering, og dei kjem lett over 60 bilde i sekundet ved å skru ned innstillingane eit hakk til.

MSI Claw-resultata varierte veldig på minste-FPS, men alle konsollane gav ei forholdsvis god oppleving.

Ideelt sett burde me testa langt fleire spel for å få betre data. Nokre kjappe testar i blant anna Clair Obscur: Expedition 33, Returnal, Hades II og Shadow of the Tomb Raider viser nokolunde same trend; Rog Ally X er i snitt eit lite hakk kjappare.

Då er det på tide å gi ein dom.

Best?

Kombinasjonen høg yting, grei batteritid, omtrent ingen viftesus og den mest behagelege ergonomien sender Xbox Rog Ally X til topps.

I alle fall i mi bok.

Eg er skuffa over at mange av irritasjonsmomenta framleis er her eit halvt år etter første test, men handkonsollar er som alltid eit spørsmål om vekting av kompromiss.

Gamle eller nye, mindre krevjande spel er dei som eignar seg best på slike konsollar. Det nye Mummi-spelet er perfekt på Ally X.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I denne omgang syns eg Ally X sin kombinasjon av kompromiss er litt mindre vond å svelge enn dei andre.

Med ein betre skjerm og eit litt meir brukarvenleg operativsystem, og helst til ein lågare pris, er dette ein glimrande pakke.

Det er absolutt ikkje ein Xbox, men det har eigentleg null betydning.

0
ROG Xbox Ally X
Gjer mykje rett, men framleis ikkje verd pengane.
Heftig yting
Nesten heilt stille
Den klart mest behagelege konsollen i bruk
Lang batteritid ved lågare straumbruk
Overprisa
Irriterande småfeil
Windows
Den minste skjermen. Kan vere vanskeleg å lese liten tekst

Intel leverer

I forkant var eg noko skeptisk ein Intel-basert handkonsoll. Det trong eg ikkje vere.

Det er nesten kjedeleg kor lik ytinga er på tvers av dei forskjellige konsollane her. Foreløpig er Middle-earth: Shadow of War det einaste spelet som ikkje har fungert skikkeleg på Claw, så eg kan ikkje seie noko konklusivt om kompatibilitet i eldre spel. Det har fungert heilt fint i alt anna eg har prøvd. Ulik optimalisering frå spel til spel gjer at det garantert finst spel der Intel-prosessoren er markant betre enn AMD-brikkene igjen.

Konsollen er behageleg i handa, er konkurransedyktig på batteri og støy og har tilsynelatande færre småfeil enn Ally X.

Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Større skjerm, betre portutval og meir minne går i favør MSI mot Ally X, og oppskaleringsteknikken XeSS 3 er eit lite ess i ermet.

For min del når likevel ikkje Claw heilt opp til Ally X. KI-elementa dei marknadsfører på er meiningslause, og ergonomien er klart underlegen til Ally X.

Eg syns allereie Ally X gir for lite for pengane, og då klarar eg ikkje forsvare å bruke 2000 kroner ekstra på denne.

Men om du syns du sjutommar-skjermen til Ally X blir for liten, og taklar å ha litt verre ergonomi, kan dette vere det rette kjøpet.

Høg byggekvalitet
Dei beste knappane
Heftig yting
Lang batteritid ved lågare straumbruk
Windows
Intel-drivarar kan vere ein risikofaktor
Arkaisk programvare

Kunne vore vinnaren

Eg likar Lenovo Legion Go 2.

Som førre generasjon er det den ypparleg til rein PC-bruk, og minner om eit vanleg nettbrett når eg ser film eller blar i nettlesaren.

OLED-skjermen knuser dei to andre konkurrentane. Skjermen er større, har høgare oppdateringsfrekvens og ein lysstyrke MSI og Asus ikkje kjem i nærleiken av.

Det er også kjekt at Lenovo fortset eksperimentet med dei avtakbare kontrollarane i Switch-stil, men ergonomien på konsollen lid av storleiken elles.

Ytinga er, med unntak av i Doom, på linje med dei andre.

Legion Go 2 er litt meir eksperimentell enn konkurrentane.
Mikkjell Lønning/Gamer.no
Storleiken går hardt utover ergonomien.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Så var det prisen, då. Då eg testa Ally X i haust, var denne berre 2000 kroner dyrare enn konkurrenten. Det ville gjort det vanskelegare å kåre ein vinnar.

Men sidan den gongen har Lenovo kjørt den noko sketsjaktige kjøp-éin-betal-for-to-strategien. Prisen har nemleg auka med rundt 10.000 kroner.

Ingen bør betale over 20.000 kroner for ein handkonsoll. Ikkje ein gong om du har Elon Musk-pengar.

PR-selskapet til Lenovo fortel oss at dei har skrudd opp prisane på grunn av komponentkostnadar, og at dei trur andre produsentar vil følge etter på sikt. Me får berre håpe dei tar feil.

Om konsollen kjem tilbake til eit normalt prisnivå, set me karakteren opp til 7.

I mellomtida må du for all del ikkje finne på å kjøpe denne.

0
Lenovo Legion Go 2 1TB
Prislappen er rein galskap.
Klart best som PC
Fantastisk OLED-skjerm
Kreativ tilnærming til kontrollarar
Heftig yting
Lang batteritid ved lågare straumbruk
Eit heilt absurd prisnivå
...sa eg at den kostar 22.000 kroner?
Windows
Merkbar viftesus under last

Siste fra forsiden