25
Teknologi presenteres av Komplett.no
Annonsøren som presenterer denne artikkelen har betalt for profilering av logoen.
Annonsøren har ingen påvirkning på innholdet. Les mer.
Test

ROG Xbox Ally X

Fantastisk i dei rette spela

Den nye Xbox-handkonsollen er heilt eminent til visse ting, men har også ein haug med kompromiss.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Handkonsollar er vanskelege å få til. Små datamaskinar er kompromissets kunst, og det er alltid noko som må vike.

Maskinvaren skal vere kraftig nok til å køyre nye spel, men ikkje presse prisane for høgt, ta opp for mykje plass eller krevje for mykje kjøling.

Det er ein balanse.

Dei siste dagane har me leika oss med Microsoft og ASUS sitt samarbeidsprosjekt ROG Xbox Ally X, og har prøvd å finne ut om denne er verd den astronomiske prislappen på 11 490 kroner.

Spørsmålet me har stilt oss er følgande:

Har marknadens svakaste og klart dyraste Xbox klart å finne den rette balansen mellom alle kompromissa?

Å finne barndomsgleda

Før me angrip maskinvara, prisen, brukaropplevinga og ergonomien, er det greitt å reflektere litt over kva funksjon desse handkonsollane eigentleg har.

Produkt som Asus ROG Ally, Steam Deck og Lenovo Legion Go er inspirert av Nintendo Switch sin suksess. Dei PC-baserte handkonsollane har slått an, men det er enno ein nisje.

For min del handlar det om å senke terskelen for å spele.

Når eg ligg i sofaen med nasen i ei bok og får eit innfall om å pløye gjennom nokre brett i Hades II, er det veldig mykje enklare å berre trykke inn på-knappen på ein Ally og vere inne i spelet eit knapt minutt seinare, enn det er å rusle inn på kontoret og slå på datamaskinen.

Eg kan ha den i sekken, ta den med på hytta, spele på toget, på senga.

Alt blir enklare.

Portable konsollar har alltid vore populære. Dette er teknisk sett meir ein PC enn konsoll, men oppfyller same rolle som ein Gameboy, Switch eller kva det måtte vere.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som ein datamaskin kan eg også bruke den til å skrive, surfe på nettet eller å sjå video i same slengen.

Men eg skal ærleg innrømme at min første ASUS ROG Ally har støva ned i skapet, for det kjem litt an på kva spel eg speler. Handkonsollane er nemleg best eigna til lite krevjande spel utvikla for kontrollarbruk.

Når eg først er hekta på eit slikt spel, kan handkonsollen mane fram noko av den tapte spelgleda frå barndomen som eg så altfor sjeldan finn i den travle kvardagen.

Terskelen for moro og avslapping blir lågare, og eg speler meir enn vanleg. Høyrest det ut som noko for deg, kan det vere eit godt kjøp.

Så. På tide å dukke ned i kva dette produktet er for noko.

Misvisande namn

Identitetskrisen til ROG Xbox Ally X er openberr frå første augeblikk. Konsollens ROG-logoar gjer det klart at dette er ein Ally-oppfølgar, ikkje først og fremst ein Xbox.

Det er heller ein liten PC ikledd Xbox-drakt.

Då me testa Ally mot Lenovo Legion Go og Steam Deck i 2024, var SteamOS det som verkeleg gjorde at Steam Deck skilte seg ut.

Mykje av det forspranget er viska ut.

Etter at eg sette opp ROG Xbox Ally X i Windows, kan eg gjere det eg treng i Xbox-appen eller Steam Big Picture.

Grensesnittet er svært enkelt og intuitivt.
Mikkjell Lønning

Den nye Xbox-appen minimerer ressursbruken frå Windows og forlenger batterilevetida, og opplevinga er langt meir brukarvenleg.

Alle spela mine frå Steam, Game Pass, Ubisoft og andre appar er samla i eitt bibliotek. Det er fiffig.

Dette kan rett nok alle med ein PC bruke framover.

Derimot kan eg ikkje spele Xbox-eksklusive spel. Det er framleis ein del eldre titlar som ikkje er tilgjengelege på PC, og dei får eg heller ikkje på denne.

Spel som ikkje er del av «Xbox Play Anywhere»-programmet er heller ikkje tilgjengelege om du ikkje eig dei på PC.

Kjøper du for eksempel Battlefield 6 på Xbox, kan du ikkje spele det på denne konsollen. Då må du kjøpe ein PC-nøkkel.

Glimrande når den fungerer som den skal

Eg trykkar inn på-knappen.

Oppstartslyden speler ut av dei forholdsvis gode høgtalarane, og etter eit lite minutt er eg inne i Forza Motorsport.

Nokre kappløp seinare trykkar eg på Xbox-knappen og lukkar spelet på sekundet. Straks er eg inne i Cyberpunk 2077.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Spelopplevinga er meir saumlaus enn i vanleg Windows.

Det er intuitivt og enkelt å endre oppløysing, gå inn i Asus sitt Armory Core-program for å flikke på innstillingar og å hoppe mellom dei ulike programma.

Dessverre legg småfeil ein liten dempar på opplevinga. Eg har fleire gongar opplevd at spel har hengt seg opp, slik at eg må restarte konsollen. Under oppstart av spel har også knappane hengt seg opp.

Touch-skjermen har også ein tendens til å ta kvelden.

Touchskjermen sluttar å funke i ny og ne. Dette vil nok bli fiksa på sikt.
Mikkjell Lønning

PC-brukarar er vande med at slikt kan skje, men det er ikkje heilt Xbox-opplevinga.

Programvara på førre generasjonar har gjort store forbetringar gjennom levetida si, og eg trur nok Asus vil flikke på brukaropplevinga i tida framover.

Svært behageleg i bruk

Konsollen har vakse i både storleik og vekt sidan eg testa første generasjon.

Denne verkar betydeleg større å halde, men ergonomien har tatt sjumilssteg i rett retning. Det følast faktisk som ein kontrollar med ein skjerm. Slik var det ikkje med førre generasjon.

Styrespakane er klart betre enn på tidlegare modellar. Knappane er meir taktile og klikkete, men ikkje heilt perfekte enno.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Mangelen på ei støtte er eit irritasjonsmoment. Konsollen kan ikkje stå av seg sjølv, og det gjer at du er avhengig av å ha den i hendene for å sjå videoinnhald.

Det burde utviklarane ha tenkt på.

ROG Xbox Ally XRog Xbox Ally
Skjerm7" 1920x1080 IPS (16:9), 120Hz, 500 nits, VRR7" 1920x1080 IPS (16:9), 120Hz, 500 nits, VRR
SystembrikkeRyzen AI Z2 ExtremeRyzen Z2 A
Batteri80Wh60Wh
Vekt715 gram670 gram
OperativsystemWindows 11Windows 11
Minne24GB LPDDR5X-800016GB LPDDR5X-6400
Lagring1 TB512 GB
Portar1 USB-C 3.2 Gen 2, 1x USB-C Type 4, 3.5mm-inngang, UHS-II kortlesar2x USB-C 3.2 Gen 2, 3.5mm-inngang, UHS-II kortlesar
Pris11 4907500

Fantastisk i dei rette spela

Både standardmodellen og toppmodellen kjem med den same FreeSync LCD-skjermen på sju tommar og 120 hertz.

Lysstyrken går opp til 500 nits. Fargane og lysstyrken er ikkje like imponerande som på OLED-panelet til Steam Deck, noko eg saknar.

Til 11 490 kroner hadde eg forventa eit OLED-panel. Konkurrenten Lenovo Legion Go 2 kjem nemleg med dette no, men den kostar 2000 kroner meir. Me har ikkje testa den.

I spel som Hades II klatrar bildefrekvensen langt over 120, og eg får full utnytting av oppdateringsfrekvensen på skjermen.

Spelet er responsivt og flyten glimrande. Hovudfiguren Melinoe reagerer umiddelbart når eg trykker på knappane.

Hades II får litt meir liv på skjermen med Steam Deck sitt OLED-panel. Fargane til Ally er forholdsvis nøyaktige, men poppar ikkje på same måte med LCD-panel.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Kraftig og svak

Hjartet i konsollen er ei Ryzen AI Z2 Extreme-systembrikke. Dette er hovudgrunnen til at konsollen er så dyr.

Det er ein svær brikke for ein så liten maskin, og den leverer betydeleg høgare yting enn tidlegare generasjonar.

Eg har berre hatt produktet sidan onsdag, men har prøvd å fyre opp så mange spel som mogleg. Både heime i sofaen, på sengekanten, på toget og på hytta er det nettopp dei litt eldre eller mindre grafikkintensive spela som eignar seg best.

Brikken er både ein klar styrke og svakheit. Ambivalensen kjem av at dette trass alt er ein knøttliten maskin utan sjans i havet til å konkurrere med ein vanleg konsoll eller PC.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Den integrerte Radeon 890M-grafikkeininga klarar ikkje nye, krevjande spel. Likevel vil den vesle skjermen gjere det enklare å leve med lågare oppløysing.

Ulike oppskaleringsteknikkar løftar bildefrekvensen vidare. I utgangspunktet kan ein ikkje bruke fjerde generasjon av FSR, men det finst allereie modifikasjonar som ordnar dette.

ROG Xbox Ally X har også støtte for bildegenerering, men det fordrar ein bildefrekvens på minst 60 for å kunne vere reelt nyttig.

Lang batterilevetid og lite støy

Systembrikken kan køyrast i fleire ulike modusar. «Turbo», «Performance» og «Silent»-modusane er med frå tidlegare generasjonar.

Dei fungerer slik:

  • Turbo med straumkontakt i veggen gir 35 watt effekt
  • Turbo på batteri leverer 25 watt
  • Performance gir 17 watt
  • Silent gir 13 watt

Det er også mogleg å definere dette sjølv.

Batterilevetida vil variere litt etter kor krevjande spela er. Silent vil som regel gi deg mellom 4 og 5 timar batteri, Performance varar rundt tre timar og med Turbo held konsollen ut rundt to timar.

Det er betydeleg betre enn første generasjon. Kanskje i det kortaste laget med tanke på prisnivået, men speløktene mine er som regel avslutta før eg treng å lade.

Ingen av modusane produserer nemneverdig viftesus.

Støynivået i silent- og performance-modus er omtrent ikkje-eksisterande. Sjølv i Turbo-modus gjer viftene lite ut av seg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Her har me testa dei ulike modusane mot kvarandre:

Verken i Assassin´s Creed: Shadows eller Cyberpunk 2077 er det nemneverdig forskjell på om ein brukar ladaren eller ikkje.

Silent-modusen passar best for nettsurfing og enkle spel.

Her har me testa Turbo-modusen i seks ulike spel:

Z2 Extreme-brikka er svært effektiv. Det er imponerande å nærme seg 30 bilde i sekundet i årsnye Assassin´s Creed: Shadows for ein slik konsoll i 1080p, sjølv om ein må bruke alle verkemiddel i verktøykassa for å få ei god speloppleving.

Kombinasjonen av oppskalering, bildegenerering og lågare oppløysing tar deg langt på veg. Du kan også justere kor mykje minne og videominne konsollen treng. Me testa å senke RAM mot å auke videominne til 12 GB utan å merke forskjell på yting, men det kan vere nyttig i framtida.

Du kjem neppe til å spele Counter-Strike på ein konsoll som dette, det ville eg heller ikkje gjort på ein vanleg konsoll, men spela som er kjekke å slappe av med i sofaen på ein Xbox, vil også vere midt i blinken på ein Ally.

Clair Obscur: Expedition 33 er typen spel som passar ypparleg på denne konsollen. Men du må skru ein del før bildefrekvensen er leveleg.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

11 490-kronersspørsmålet er om pakken i sum forsvarar prislappen. Generelt sett vil eg seie nei. Handkonsollar er framleis for høgt prisa, og det gjeld like mykje konkurrentane som denne.

Det trengst meir konkurranse og fleire lågprisinnslag i marknaden. Ein Steam Deck til amerikanske prisar kostar ein tredjedel av denne, men dessverre får me ikkje dei seld direkte i Noreg. Det er synd.

Sannsynlegvis er marginane ganske små på desse maskinane. Systembrikkane er dyre å produsere, og det kjem neppe dei store rabattane på handkonsollar framover.

ROG Xbox Ally X kan vere verd pengane om du er på jakt etter den beste handkonsollen, men eg ville tenkt meg grundig om.

Konklusjon

Kjøp av handkonsollar handlar om kva kompromiss som gjer mest vondt.

Eg har enno ikkje testa den rundt 2000 kroner dyrare Z2 Extreme-handkonsollen frå Lenovo (MSI sin Ryzen-variant er ikkje lansert i Noreg), men Ally sin kombinasjon av kompromiss er i det heile ei attraktiv pakke.

Sjølv om det neppe er verd å oppgradere frå ein tidlegare handkonsoll, kan det vere ei strålande kjelde til moro og underhaldning for dei som ikkje har ein handkonsoll.

Konsollen er behageleg i bruk over lange periodar, har batterilevetid til ein busstur frå Stavanger til Bergen og leverer høg nok yting i spel som Hades II til å leve opp til skjermens 120-hertz-panel.

I dei rette spela vil konsollen få deg til å spele meir enn vanleg. Den er perfekt kompanjong på hyttetur, til sofakos med nokre timar i God of War eller ei mjuk oppvakning i senga med nokre rundar Rocket League.

Xbox-marknadsføringa burde vore tona ned. Dette er berre neste generasjon Ally med eit litt meir brukarvenleg operativsystem, utan at Xbox-merkelappen betyr noko særleg frå eller til.

Til sjuande og sist handlar dette om pris, og det er her Asus bommar grovast.

Problemet er rett nok at alle handkonsollane kostar meir enn dei smakar, men du skal ha ganske djupe lommer for å kunne rettferdiggjere dette kjøpet.

11 490 kroner er for mykje.

Støysvak
Langt kraftigare og meir effektiv enn tidlegare versjonar
Overlegen brukaroppleving
Rikeleg med moglegheiter til å skreddarsy profilar for yting
Nok batterilevetid for dei fleste
Ei rekkje forbetringar på ergonomi
Ikkje faktisk ein Xbox
Stiv pris
Ein del rusk i det tekniske maskineriet
Manglar støtte

ROG Xbox Ally X

Siste fra forsiden