25
Anmeldelse

The One Ring Starter Set: Over Hill and Under Hill

Perfekt introduksjon til rollespel

Det nye nybyrjarsettet til rollespelet The One Ring byr på alt du treng for å reise på eventyr kjapt.

I bordrollespelverda finnest det eit namn som nesten er synonymt med ordet rollespel; Dungeons & Dragons. Det finnest eit mylder av bøker til, om og rundt dette spelet som er det første mange tenkjer på når dei høyrer om rollespel. Det finnest likevel eit mylder av andre unike og spanande rollespel der ute som gjer ting på heilt andre måtar enn sjangerens gudfar.

Eitt av desse spela er The One Ring, basert på Ringenes Herre-forfattar J.R.R. Tolkien sitt univers. Den første utgåva av dette rollespelet kom ut i 2011, og vart utvikla av Cubicle 7, ein rollespelmakar som kanskje er betre kjende for sine Warhammer-rollespel. I 2022 kom det ei ny utgåve av rollespelet, denne gong frå svenske Fria Ligan – eller Free League som dei er betre kjende som internasjonalt.

Spelet tok oss med til Tolkiens verd på ein fascinerande måte, med bøker som inviterte til å bli lesne med nydeleg layout og design som via stor respekt til kjeldematerialet, og estetikken kunstnarar som John Howe og Alan Lee har etablert. Saman med spelet kom eit nybyrjarsett som sende oss på eventyr i Hobsyssel, i rolla som ei lita gruppe hobbitar.

I år er Free League ute med eit nytt nybyrjarsett som har fått tilnamnet Over Hill and Under Hill, og i dette reiser vi langt bort frå det muntre livet i Hobsyssel, og reiser på eventyr med ei gruppe eventyrarar henta rett ut frå Tolkiens bøker.

Rett på sak

Det nye startsettet har same storleik som det førre, om enn litt anna innhald.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det første ein vil legge merke til om ein har spelt det første The One Ring-settet er at omfanget no er nedskalert. I 2022-utgåva fekk vi tre bøker, ei med reglar, ei med eventyr, og ei tjukk lefse om Hobsyssel og alt ein kan finne der. Det var ein glimrande introduksjon til hobbitar og hobbitliv, men mørkret Tolkien er kjend for, var det mindre av.

Kanskje er det då difor vi no får eit nytt startesett som viser den andre sida av Tolkiens verd. I denne boksen får vi berre to hefte, ei med reglar, og ei med eventyret.

Eventyret først. Det er kort, kan rundast på to kveldar om ein er effektiv, og kastar ikkje bort mykje tid. Det er sjølvsagt rom for å rollespele og hale ut tida for dei som ynskjer det, men neste steg er alltid tydeleg forklart, og for nye spelarar er det glimrande. Den som tek på seg jobben som spelleiar – eller Loremaster som det heiter i The One Ring – har ein ganske grei jobb framfor seg.

Eventyrboka går rett på sak, og tek det meste i kronologiske rekkefølge. Det er ingen kompliserte kart her, men i staden diverse ting som kan skje, korte skrildringar av kva som hender, og ein tekst som kan lesast opp, eller modifiserast etter ynskje.

Det fine med dette eventyret er korleis det byr på ein naturleg progresjon. Vi får vår vande start i eit vertshus, legg ut på reise, og får umiddelbart prøve oss på korleis reisesystemet i The One Ring fungerer. Alle får sine roller, terningkast må trillast, og avhengig av korleis ein trillar kan forskjellige ting skje. Eit liknande, men farlegare system møter ein når ein seinare skal utforske eit grottesystem fullt av orkar og goblinar.

I løpet av dette korte eventyret får spelarane sett og prøvd mykje av det The One Ring har å by på. Dei får reise, møte folk, rollespele, prøve å løyse utfordringar på mange ulike vis, og til slutt inkludert store, utfordrande kampar. Ved reisas slutt bør ein ha ein ganske god idè om kva ein synest om rollespel.

Eit ørlite element både eg og spelarane reagerte negativt på var ein gjesteopptreden frå ein kjend Tolkien-figur. Det var rett og slett heilt unødig, og tok nesten litt bort frå historia vi prøvde å fortelje saman. Spelet står søtt nok på eigne bein til å klare seg utan slik fan service.

Innhaldet i dette startesettet. Kartet har kampdiagram på baksida.
Øystein Furevik/Gamer.no

I Boksen

Inkludert i dette startesettet finn vi to tynne bøker med reglar og eventyr. Fem rollefigurark med ferdiglaga figurar er òg inkludert, og det er ingen reglar for å lage eigne figurar. For det må du kjøpe regelboka.

Gruppa vi møter inkluderer både ein dverg, ein hobbit, ein alv, og to menneske. Rollefigurane i dette spelet har ikkje like tydelege rolleinndelingar som klassesystemet i til dømes Dungeons & Dragons, og ein må studere rollearka sine for fullt ut å forstå kva ein er god i.

Vidare finn vi eit kart over Eriador, og dette kan snuast for å vise eit veldig praktisk kampdiagram. Det førre startsettet kom med små brikker kvar spelar kunne snu på for å vise kva positur dei vil innta i kamp, medan vi her får plassere små pappfigurar på eit kart. Kva positur du har i kamp avgjer også når du får gjere noko, og kampdiagrammet tener såleis fleire funksjonar.

Du kan velje å vere aggressiv, noko som gjev deg ekstra terning på angrep, men fiendane får ekstra terning for å angripe deg. Defensiv positur er motsett, og du blir vanskelegare å treffe, men har òg vanskelegare for å treffe. Det er totalt fire positurar, og dei gjer kampane strategisk på ein annan måte enn om ein til dømes speler Dungeons & Dragons eller Pathfinder på eit rute- eller hexagonkart.

Om du er ein person som heller vil spele utan figurar, og berre bruke fantasien kan det godt hende du heller vil setje pris på brikkene i det første startsettet, men kampdiagrammet fungerer uansett godt som ein mellomting mellom terreng og fri fantasi. Om du vil spele med miniatyrar finnest det derimot langt betre alternativ, for The One Ring er ikkje eit rollespel der kamp er hovudfokuset. Kampar er kjappe her, og mange fiendar kan døy på eitt angrep om du trillar godt.

Eit anna strategisk element som kom i bruk i sluttfasen var korleis rollefigurane kan bli slitne etter kvart som dei tek skade, og spelarane byrja difor å kaste frå seg våpen og skjold dei kanskje kunne klare seg utan, om dei berre fekk inn eit slag til. Det er ein risiko ved det, men det er det som gjer det spanande.

The One Ring i aksjon. Kampdiagrammet forklarar ikkje kvar krigarane er, men korleis dei krigar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mest for nye spelarar

Over Hill and Under Hill er eit spel som openbert er retta først og fremst mot nye spelarar. Reglane er som i det første startsettet komprimerte og forenkla, og om du spelar med erfarne spelarar er dette noko som kan by på litt bry. Dei vil stille spørsmål, om alt.

«Kva betyr dette?» og «Kva gjer den eigenskapen her?» Er spørsmål som kom mange gongar, og eg ville ikkje ha vore i stand til å svare på dei om eg ikkje hadde hatt den komplette The One Ring-regelboka frå før. Dette eventyret vil spesifikt nemne eigenskapar som kan og bør brukast i situasjonane det set spelarane i, men rører ikkje mange eigenskapar, sjølv om rollearka kan ha markert av at figurane kan dei.

Akkurat det er slikt som kan by på forvirring. Spelet kan stoppe opp litt medan ein leitar etter svar, og det er ikkje heilt heldig. Det er likevel forståeleg at i eit startsett som skal introdusere nye spelarar, kan du ikkje gå inn på kvar einaste detalj.

Dei små pappminiatyrane er solide, og bør tåle ein støyt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

The One Ring Starter Set: Over Hill and Under Hill er slik ein introduksjon bør vere. Om du vil spele kjapt, og ikkje bruke veldig lang tid på førebuing, kan du knapt kome raskare i gong enn med dette. Vi får ei godt komprimert regelbok som fortel deg berre det du må vite, eit kort eventyr som er lett å lese gjennom og gjer jobben til ein ny spelleiar omlag så enkel som den kan bli, samt det ein treng av ferdiglaga rollefigurar og utstyr.

Om ein vil gå i gong med noko meir omfattande kan likevel det første The One Ring startsettet eit like så godt alternativ. Ein får kanskje ikkje reise på eventyr som alvar og dvergar, men til gjengjeld får vi i praksis ein kampanjesetting som kan brukast vidare om ein vil lage fleire eventyr i hobbitland. Over Hill and Under Hill byr på lite om noko informasjon om verda du er i, og fungerer såleis berre som eit frittståande eventyr. Det er derimot ein jobb nybyrjarsettet utfører med glans, og demonstrerer både for spelleiar og spelarar det meste av kva The One Ring-rollespelet har å by på.

Terningane er tolvsida og sekssida, med ekstra symbol som indikerer suksess eller feilslag.
Øystein Furevik/Gamer.no

Har du spelt mange timar med The One Ring før, vil ikkje Over Hill and Under Hill by på dei store utfordringane, men eit artig lite eventyr er det likevel. Det er òg svært god valutta for pengane. Berre eit sett med The One Ring-terningar kostar nesten like mykje som denne boksen, medan vi her får reglar, eit eventyr, pappfigurar og eit kampdiagram attåt.

Eit av dei verkelege trekkplastra for meg her er likevel kor gjennomførbart spelet er. Dei to hefta reglane og eventyret står i er korte, krev lite av spelleiaraen, og det er kjapt og enkelt å kome i gong. Til samanlikning har eg ein stabel med andre nybyrjarsett eg enno ikkje har fått gjort meir enn å lese på fordi dei er for tidkrevjande.

Det er òg eit stort pluss for potensielle nye spelarar, eller travle spelarar, at ein ikkje treng meir enn ein kveld eller to for å bli ferdig.

The One Ring Starter Set: Over Hill and Under Hill er eit glimrande alternativ for dei som vil prøve rollespel, prøve eit anna rollespel, eller kanskje berre gå enda djupare inn i Tolkiens magiske univers.

The One Ring Starter Set: Over Hill and Under Hill

Siste fra forsiden