Sidan 70-talet har rollespel forma verda. Det som starta med Dungeons & Dragons i 1974 har inspirert filmar, bøker, dataspel og ikkje minst TV-seriar som Stranger Things. Nerdete stemmeskodespelarar frå Hollywood har gjort butikk av å filme seg sjølv medan dei spelar, og tida då foreldre måtte ha møte for å finne ut om rollespel var innafor eller ikkje, er over.
Rollespel er kanskje ein av dei mest positive hobbyane det er mogleg å ha. Ein får møtt folk ein elles kanskje ikkje har noko til felles med, og stifte nye, varige venskap. Ein kan la fantasien ta over når ein formar nye eventyr. Ein kan utfalde seg kreativt ved å lage terreng, måle miniatyrar, eller kanskje til og med komponere eigen musikk til ei verd ein har laga sjølv.
Eller ein kan gjere det enkelt og kjøpe ein boks der alt ligg pakka og klart.
Det vanskelegaste er som regel å kome i gong, men det har vi tenkt å gjere noko med, og presenterer her Noregs største guide til å kome i gong med rollespel.
Her ventar tolv herlege spel, og noko for ein kvar smak.
Dungeons & Dragons
Alle har høyrt om Dungeons & Dragons. Det var dette spelet som starta det heile, då den første utgåva kom ut i 1974. Sidan den tid har det skjedd mykje, og vi er no på femte versjon av rollespelet, og i 2024 kom nye, oppdaterte reglar.
Dungeons & Dragons er rollespelet for dei som vil bli mektige eventyrarar. Vi snakkar superheltar i fantasyformat. Det er nesten umogleg å døy om du har ein snill spelleiar, og det finnest magi for alt. Om ein vil kaste eldkuler og bekjempe drakar er dette spelet for deg.
I haust kom ei ny startpakke, og denne startpakka er kanskje den beste som har vore laga for serien. Her får du alt du treng for å kome i gong. Du får eit hefte med forenkla reglar. Du får rolleark til fem spelarar, du får kort som forklarar eigenskapar, magi, fiendar og til og med folk spelarane kan møte på. I tillegg følgjer det med fleire store kart, samt små brikker ein kan legge ut for å representere spelarar, monster og andre ting.
Terningar følgjer sjølvsagt med, samt tre fyldige eventyr som byr på mange kveldar med speling. Om du har hatt lyst til å spele Dungeons & Dragons, er dette den absolutt beste plassen å starte.
Det finnest òg eit mylder av bøker til Dungeons & Dragons som byr på både nye reglar, nye rolleklassar og nye verder. Dungeons & Dragons er det største rollespelet i verda, og har naturleg nok mest innhald.
Dei viktigaste bøkene for Dungeons & Dragons er Player's Handbook, som byr på alt av reglar og moglegheiter for spelarar, samt Dungeon Master Guide og Monster's Manual, to bøker som byr på både tips og hjelp til spelleiarar, samt hundrevis av monster og fiendar heltane kan møte på. Det er mange reglar å setje seg inn i, og for dei som likar å finslipe rollefigurane sine, er det ei sandkasse av ting å leike seg med.
Produktet er levert av Outland
Pathfinder
Pathfinder er kanskje den argaste konkurrenten til Dungeons & Dragons, og starta faktisk livet som som eit spel basert på den tredje utgåva av Dungeons & Dragons. Sidan då har det skjedd mykje, og sjølv om Pathfinder har mykje til felles med Dungeons & Dragons, gjer det mykje på sine eigne måtar.
Startpakka til Pathfinder demonstrerer dette veldig godt. Der Dungeons & Dragons byr på fleire eventyr i si startpakke, byr Pathfinder berre på berre eitt, men pakka byr til gjengjeld på mykje anna. I boksen finn vi to hefter som er komprimerte versjonar av spelarboka og spelleiarboka. Den eine byr på grunnreglar og alt ein treng for å lage eigne rollefigurar, medan den andre byr på mange tips til korleis ein skal vere ein spelleiar, lage eigne eventyr, og mykje anna.
Om du gjerne vil spele rollespel, men helst vil lage di eiga verd med eigne eventyr framfor å lese det andre har skrive, er dette difor eit veldig godt alternativ til Dungeons & Dragons-startpakka. Du får alt du treng for å gå vidare, og ta med spelarane dine på heilt unike eventyr.
I likskap med Dungeons & Dragons finnest det mange bøker til Pathfinder som byr på alt frå nye monster til reglar og rolleklassar. Spelet byr på eigne bøker for spelarar og spelleiarar. I likskap med Dungeons & Dragons er det mange reglar og moglegheiter å setje seg inn i.
Produktet er levert av Outland
Shadowark
Mange meiner Dungeons & Dragons er for komplisert å lære seg, men og at det er for lett å overleve. Utfordringane for få, fiendane for veike, og det var godt mogleg ut av desse tankane Shadowdark blei til. Dette er eit spel bygd på Dungeons & Dragons-reglane, men dramatisk forenkla og kokt ned til dei viktigaste elementa.
Der Dungeons & Dragons krev at ein les side opp og side ned for å lage eigne rollefigurar, gjer Shadowdark unna med dette på berre få sider. Kvar rolleklasse er presentert på ei dobbeltside med minimalt med tekst, og reglane er så forenkla og lettfattelege at kven som helst kan forstå det og lage ein rollefigur på få minutt.
Utover det er Shadowdark brutalt. Dette er den typen spel der ein godt kan starte spelet med berre eitt helsepoeng, og ditt første møte med eit skarpt objekt blir ditt siste. Fokuset er på eventyr, utfordrande kampar, og å overleve i mørkret, noko regelen om at kvar fakkel berre held i ein klokketime er eit godt døme på.
Shadowdark er for deg som eigentleg vil spele klassisk Dungeons & Dragons, men ikkje har tid eller ork til å lese alle reglane. Her blir vi kasta rett inn i det, med korte skildringar, og mange tabellar som lar spelleiaren trille fram utfordringar på sparket. Deretter følgjer det som nesten kan kallast rollespelversjonen av Soulslike. For dei som likar ei utfordring og gjerne lagar nye rollefigurar ofte, er Shadowdark spelet.
Drager og Demoner
Drager og Demoner er eit av få rollespel som er tilgjengeleg på norsk. Det er eigentleg svensk, men blir utgjeve på norsk av Ægir Games.
Dette er eit rollespel med lange tradisjonar. Det kom først ut på norsk på 80-talet, og er no tilbake etter mange års pause.
Dette er eit regellett system der det er fokus på å kome fort i gong. Det heile kan framstå litt som ein kombinasjon av klassisk Dungeons & Dragons og Call of Cthulhu. Det er høg fantasi dette her, der ein kan spele alt frå alv og dverg til varulv og sint and (!), og i staden for å gå opp i erfaringsnivå blir spelarane sterkare ved ved å trille ein sjekk på alle eigenskapar ein har brukt i løpet av ei økt.
Akkurat no er to bøker for sal; regelboka og monsterboka, samt eit kort eventyr med startreglar for dei som berre vil teste ut kva dette er. I løpet av året er derimot mykje meir på veg. Ægir Games lovar fleire regelbøker, ein norsk versjon av startpakka som byr på alt ein treng for å spele, samt eigenproduserte eventyr.
Om du vil spele på norsk, er Drager og Demoner blant dei aller beste rollespela å prøve seg på, ikkje minst grunna det rike universet med herlege illustrasjonar frå Johan Egerkrans. Ingen stad er dette tydelegare enn i den flotte monsterboka. Her møter vi ei lang rekke nye monster, samt nye folkeslag for spelarane å velje mellom. Ein fin detalj for spelleiaren er at kvart folkeslag eller monster i denne boka kjem med ein eventyrspire, som er inspirasjon til korleis skapningane kan brukast i spelet.
For dei som vil hoppe enda lenger inn i Drager og Demoner, har tre romanar for unge blitt utgjevne på norsk.
Produktet er levert av Ægir Games
Alien
Mange rollespel har fantasy og middelalder som utgangspunkt, men kva om du heller vil spele noko framtidsretta og sci-fi? Kva om du elskar Alien-filmane og skulle ynskjer det var fleire av dei? Då er Alien-rollespelet det du har venta på.
Dette er langt meir enn eit lisensert forsøk på å tene raske pengar, dette er eit skikkeleg forseggjort rollespel med mange gode eventyr der stakkars uvitande menneske blir kasta inn i situasjonar dei ikkje har ei einaste forutsetjing for å handtere bra.
I Alien kan alle spelarane ha motstridande mål, og konflikter og dødsfall kan vere så hyppige at ein spelar fort kan ende opp med å ta på seg fleire roller i løpet av eit eventyr. Den geniale stressmekanismen i spelet sørgjer òg for at ingen nokon gong kan føle seg trygge. Alt som kan gå gale går som regel gale, men jøye meg kor moro ein kan ha det med fæle ting.
Som i alle rollespel kan ein spele lange kampanjar, men Alien er spesielt tilrettelagt for det spelet kallar Cinematic Play, med korte, intense eventyr laga spesielt for å etterape filmane spelet hentar sin inspirasjon frå.
Produktet er levert av Free League
Vaesen
Vaesen er eit rollespel der spelarane spelar medlem av ei mystisk foreinig der alle har synet; evna til å sjå vesen, tussar og troll.
Som alt frå prestar til okkultistar og journalistar får spelarane bryne seg på mysterium der det er skapningar frå nordisk folketru som står bak. Her kan ein møte lyktemenn, vetter, nissar og til og med troll eller drakar om ein ikkje er forsiktig.
Vaesen er bygd på nesten same system som Alien, og er svært enkelt å lære seg. Det er få reglar å setje seg inn i, og det meste er ganske sjølvforklarane. Ei rekke bøker er tilgjengeleg for spelet, og dei byr på alt frå nye vesen, til eventyr og nye område i verda, som til dømes Storbritannia og Irland.
Det eg kanskje likar mest med akkurat dette spelet er kor lett det er å forme til å gjere det til sitt eige. For mine spelarar har eg like så godt lagt heile spelet i min eigen heimby på midten av 1800-talet, noko som gir spelet ein ny dimensjon når alle allereie veit korleis landskapet ser ut.
Om ein er interessert i lokalhistorie og nordiske mytar, er Vasen ein fantastisk stad å byrje rollespelreisa.
Produktet er levert av Free League
Dragepust
Dragepust er eit norskutvikla rollespel som blei til etter ein vellukka folkefinansieringskampanje på Kickstarter.
Dette spelet byr på eit ganske unikt system der vi har fem eigenskapar, og av desse vel ein god og ein dårleg, medan resten er middels. Når du seinare trillar terning for å få til noko er det kor god du er i den gitte eigenskapen som bestemmer kor høgt du må trille. Det er enkelt og lett å forstå, noko som gjer det enda betre at regelboka har ein eigen seksjon for korleis ein skal spele med ungar.
Spelet byr òg på eigne rolleark for ungar, noko som er eit nydeleg tiltak. Ein må fange dei tidleg, men mange rollespel kan fort bli alt for kompliserte, i tillegg til at dei fleste er på engelsk. Med reglar på norsk, samt forenkla reglar og rolleark skal du leite lenge for å finne ein lettare måte å introdusere dei små til rollespel på.
Vidare er Dragepust-boka delt i to, ikkje ulikt mange andre rollespel. Den første delen er for spelarane, medan den andre er for spelleiaren, og går i detalj på spelets univers som er sterkt inspirert av nordisk kultur og mytologi. Eit eventyr er òg med, så ein slepp handle inn noko ekstra utanom eit sett seksida terningar for å kome i gong.
Produktet er levert av Outland
Daggerheart
Daggerheart er det store rollespelet frå Darrington Press, utgjevararmen til Critical Role, den tidlegare nemnde gjengen med nerdete stemmeskodespelarar som spelar Dungeons & Dragons på kamera.
Daggerheart er ikkje heilt uventa eit rollespel med fokus på narrativ, og det er i hovudsak eit par ting som kjenneteikner spelet. Den første er at grunnboka kjem med eit sett på 279 kort. Desse korta brukast til å definere kven rollefiguren din er, og dei viser informasjon om alt frå magi, til klasse og rase.
Vidare byr spelet på eit spanande regelsett der du kastar to tolvsida terningar når du skal prøve å gjere noko. Den eine terningen symboliserer håp, og den andre frykt, og du kan såleis lukkast med ei handling, men med håp eller frykt, noko som kan by på positive eller negative konsekvensar.
Det er eit litt annleis regelsystem der alt som skjer får narrative koneskvensar. Utover dette er regelboka nydeleg designa, med flotte illustrasjonar som inkluderer mange skisser som viser kor forskjellige til dømes ulike personar av same rase kan vere.
Produktet er levert av Outland
Fallout
Fallout er ikkje berre ein legendarisk rollespelserie som no er ein poulær TV-serie på Amazon Prime, det er òg eit bordrollespel.
I Fallout-rollespelet får vi leike oss med eit rollespelsystem sterkt inspirert av dei klassiske dataspela. Her får vi S.P.E.C.I.A.L-systemet og eit univers med humor, mørke og galskap. Som i dataspela har du i Fallout-rollespelet actionpoeng. Desse kan du bruke for å få gjort meir på ein tur, eller forbetre utfallet av handlingane dine. Spelet baserer seg på eit system der du trillar to 20-sida terningar, men ved å bruke actionpoenga kan du få trille fleire for større suksessjanse.
I motsetning til mange andre rollespel er det om å gjere å trille lågt i Fallout, men det er òg eit spel der ting kan gå gale sjølv om du får til det du prøver på. Trillar du talet 20 på ein av terningane oppstår ein komplikasjon. Kanskje låser pistolen seg etter skotet som traff fienden i armen, eller kanskje blir personen du snakkar med vanskelegare å ha med å gjere i framtida.
Kamp er naturlegvis viktig i eit Fallout-spel, og her møter vi alt frå røvarpakk til muterte beist. Kva kroppsdel ein treff kan ha mykje å seie, og ein kan bli svimeslått av å blå slått i hovudet, eller miste eit våpen om ein blir truffen i handa, og spelet har ein eigen terning for å trille på kva kroppsdel ein treff.
Startpakka til Fallout byr på eit kort og oversiktleg regelhefte, samt Welcome to the Commonwealth, eit fyldig eventyr i tre delar. Seks ferdiglaga rolleark, samt terningar og Nuka Cola-tokens ein kan bruke til å halde orden på actionpoeng er også inkludert.
Produktet er levert av Outland
Final Fantasy XIV TTRPG
Ein skulle tru at eit bordrollespel basert på Final Fantasy-serien ville få meir merksemd, men den gong ei. Det kan sjå ut til at sjølv Square Enix blei overraska over etterspurnaden då det første opplaget av Final Fantasy XIV-rollespelet blei utselt på kort tid.
Dette er rollespelet for deg som verkeleg elskar Final Fantasy XIV. Det er eit spel der mykje av fokuset er på kamp, og då gjerne taktiske kampar der ein må tenke litt. Om det derimot er djupe historier du er på jakt etter finnest det betre system.
Final Fantasy XIV-regelboka er i seg sjølv eit must for alle Final Fantasy XIV-fans. Den er nydeleg illustrert med både konseptkunst og skjermbilete, og vekker umiddelbart kjensla av å tre inn i denne verda. Ein artig detalj er at boka nyttar kart henta ut av MMO-spelet for å vise korleis dei ulike områda ser ut.
Har du spelt nokre hundre timar med Final Fantasy XIV bør du med andre ord lett kjenne deg igjen.
Final Fantasy XIV TTRPG-startpakka byr på alt ein treng av eventyr, ferdiglaga rollefigurar, terningar og reglar for å kome i gong.
Produktet er levert av Outland
Call of Cthulhu/Basic Roleplaying
Call of Cthulhu er alle grøssarrollespels bestefar. Den første utgåva kom ut i 1981, og har sidan då fryda og skremt spelarar verda over. I rollespelet tek spelarane på seg rollene som okkulte etterforskarar, sjølv om dei eigentleg kan vere alt frå akademikarar til journalistar eller gatepøblar.
Spelet er sett til 20-talet og den store depresjonen, og byr såleis på ei fascinerande verd å leike seg i. Startpakka til Call of Cthulhu byr på tre eventyr som forklarar reglane godt, og viser kor ulike Call of Cthulhu-eventyr kan vere.
Når ein er ferdig der, er regelbøkene veldig nyttige. I tillegg til reglar for alt ein kan trenge, får ein òg ei solid faktaseksjon om 1920-talet, og får verkeleg setje seg inn i tidsperioden. I fjor kom òg ein nye Cthulhu-versjon i Cthulhu by Gaslight, der vi hoppar nokre tiår bak i tid til den viktorianske tida. Ein kan strengt tatt spele i nøyaktig den tidsalderen ein vil, og det finnest eit mylder av eventyr å velje mellom, både store og små.
Det er samstundes verdt å nemne at Call of Cthulhu nyttar eit regelsystem som går under det lettfattelege namnet Basic Roleplaying, og dette systemet blir brukt i mange andre spel, sist eit om vikingar på Island. For dei som likar å bygge rollefigurar steg for steg, er dette glimrandre reglar, sidan du ikkje går opp i nivå, men i staden blir betre i dei eigenskapane du brukar.
The One Ring
Fantasy er definitivt den store kongen når det kjem til kva univers rollespelarar likar å boltre seg i, men mange fantasyrollespel har til felles eit stort fokus på overdådig magi og overmenneskelege prestasjonar.
Om ein vil ha noko litt meir jordnært er The One Ring eit glimrande alternativ. Her får vi leike oss i Tolkiens magiske verd, og det med eit unikt regelsystem som er laga med fokus på å representere det Tolkiens historier var kjende for. Her er eigne reglar for lengre reiser, å samlast til råd, men sjølvsagt også for kamp.
Det er lett å kome i gong med The One Ring, og du kan velje mellom å gå rett i gang med regelboka, eller kjøpe ei av to startpakkar. Den første startpakka kom for nokre år sidan og tek oss med til Hobsyssel på hobbiteventyr. Her får vi i tillegg til reglar og eventyr eit eige hefte med mykje informasjon om hobbitane og heimen deira.
I fjor kom den nye startpakka Over Hill and Under Hill, og i denne får vi reise på eventyr med både menneske, alvar og dvergar som må kjempe mot vonde makter.
Det finnest fleire bøker om ein vil gå djupare inn i Tolkiens rike, lære meir om folkeslaga, eller setje seg grundig inn i område som til dømes det underjordiske dvergeriket Moria.
Produktet er levert av Free League
Men eg har ingen å spele med
No veit du kva du kan spele, men kven skal du spele med? Det er ikkje alle som har lett tilgang på spelarar, eller veit kvar ein skal starte. Som nemnt innleiingsvis er den største utfordringa gjerne å kome i gong.
Mitt beste råd er å kjøpe seg ei startpakke, lese seg gjennom den nokre gongar, og så invitere folk ein kjenner. Ein må ikkje ha erfaring frå før, ein må heller ikkje leike skodespelar om ein ikkje er komfortabel med det, og dette er noko alle kan vere med på.
Ein kan henge opp lapp på ein ungdomsklubb, ei oppslagstavle, forhøyre seg på nærast Outland-butikk, eller finne nokre rollespelforum på sosiale medie. Eit godt råd er å bli med i ei amatørteatergruppe eller liknande, om ein har tilgang på slikt, der er sjansen stor for å finne vaksne folk som likar å leike og ikkje er redde for å dumme seg ut.
Alternativt kan ein spele over nett. Det finnest fleire virtuelle spelebord, betre kjent som Virtual Tabletop (VTT), og fleire spel er tilgjengelege som eigne VTT-modular der alt er tilrettelagt for digital speling.
Treng ein inspirasjon for å kome i gong, og til å forstå korleis det heile fungerer finnest mange døme på folk som spelar rollespel med kamera på, i såkalla Actual Plays.
Mest kjend er utan tvil Critical Role som spelar Dungeons & Dragons, men ein kan ha minst like mykje moro ved å studere andre måtar å gjere det på, som i Vampire: The Masquerade-serien L.A. By Night, eller Call of Cthulhu-serien Bookshops of Arkham der Commander Shepard-skodespelar Mark Meer er spelleiar. Eventuelt kan ein sjekke ut den britiske gjengen i Mystery Quest, og deira suverene gjennomspeling av Alien-eventyret Chariot of the Gods.
For dei som heller vil ha det på norsk er Vertshuset ein norsk rollespel-podcast, og i år har NRK produsert Brødrene Dal-eventyret Eventyrerne: Jakten på spektralsteinene med blant anna Vidar Magnussen som spelar.
Så, kva ventar du på?