25
Anmeldelse

Alien: The Roleplaying Game – Evolved Edition

Eit av verdas beste rollespel

Om du saknar den gode, intense stemninga frå gamle Alien-filmar, er dette rollespelet for deg.

Øystein Furevik/Gamer.no

Alien-rollespelet frå Free League blei først lansert i 2019, men er no ute i ny, oppussa og forbetra utgåve. Vi har tatt ein kikk på den nye regelboka, den nye startpakka, samt eit nytt eventyr med miniatyrar, for å sjekke om det er verdt å oppgradere.

Så enkelt, så vanskeleg

Alien er bygd på veldig enkle reglar. Det baserer seg på Mutant: Year Zero-reglane som står som fundament for ei lang rekke spel frå Free League. Vaesen, The Walking Dead og Alien er berre tre døme.

I essessen er det veldig enkelt. Som rollespel flest har du ein spelleiar – her passande nok kalla Game Mother – og to eller fleire spelarar. Saman kan ein kaste seg ut i to former for rollespel. Ein kan spele gjennom ein lengre kampanje som kan ta veker, månader eller år, med fokus på å bygge opp rollefigurane over tid, eller ein kan bryne seg på det Alien-rollespelet kanskje gjer best; Cinematic Play.

Startpakka byr på alt du treng for å kome i gong.
Øystein Furevik/Gamer.no

Begge dei nye eventyra Hope's Last Day og Rapture Protocol er Cinematic Play. Det vil seie at dei byr på kortare eventyr bygde for å emulere opplevinga av ein Alien-film. Det tidlegare startsettet sende til dømes spelarane inn i rollene som mannskapen på eit lasteskip ikkje ulikt Nostromo frå den første Alien-filmen. Dei møtte på eit stranda romskip, og derifå kunne kva som helst skje.

Dei nye eventyra er bygde på same lest. Hope's Last Day er ein viadreutvikla versjon av eit eventyr som var inkludert i den gamle regelboka, medan Rapture Protocol er heilt nytt.

Tid for terning

Reglane er enkle. Kvar spelar tek på seg rolla som ein person, og på eit rolleark står alt ein treng vite. Viktigast er kva tal som står under attributtar og eigenskapar. Alle eigenskapar hamnar under ein attributt. Nærkamp hamnar til dømes under styrke, og når ein skal prøve noko der det er ei reell fare for negative konsekvensar, trillar ein terning. Kor høgt tal ein får når ein slår saman eigenskapen som blir brukt, samt attributten eigenskapen ligg under, avgjer kor mange terningar ein trillar, og om du får ein eller fleire seksarar, har du klart det du prøvde på.

Så enkelt er det, men hjelpe meg så fort ting kan gå skeis.

Får du ein fachugger på terningen er det fare på ferde.
Øystein Furevik/Gamer.no

I Alien-universet er stress ein viktig faktor. Det er klart, når ting skjer rundt deg og du ikkje veit kvifor, får det pulsen til å gå opp. Finn du brått lik, blodspor, og mystiske hol etsa gjennom golvet, er det grunn til å bli uroleg.

Dette løyser Alien-rollespelet med eit heilt nydeleg stressystem. Når noko går gale, eller når spelarane hamnar i passande situasjonar, kan spelleiaren kaste ut ein stressterning til den eller dei det gjeld.

Dette gjev dei aktuelle spelarane ein ekstra terning som alltid skal brukast. Det blir altså lettare å oppnå suksess sidan du no har fleire terningar, men stressterningen har ei bakside. Trillar du ein einar, eller ein såkalla facehugger, betyr det at noko går gale.

I den tidlegare utgåva av Alien-rollespelet betydde ein facehugger på terningen at spelaren måtte trille på stresstabellen som då fortalde deg kva som skjer med den aktuelle spelaren. I Evolved Edition har dette blitt nyansert og utvikla, og det er eigentleg dette som er den største spelmekaniske endringar i denne nye versjonen.

No har vi to, ikkje ein stresstabell. Om ein får ein facehugger trillar du no først og fremst på Stress Response-tabellen. Her kan ein opparbeide seg negative konsekvensar som å få færre terningar å trille på diverse handlingar.

Eit lite utval av Rapture Protocol-miniatyrane.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ved spesielt hårreisane situasjonar, som å finne eit lik, møte ein xenomorph, eller anna som spelleiaren meiner er gyldig grunn, må spelaren trille på Panic Response-tabellen. Det er her det kan gå skikkeleg gale, og du kan fryse midt i ein kritisk situasjon, flykte og la alle dine vener stå igjen aleine, eller kanskje miste noko du har i handa.

Det er eit fantastisk system som byr på mykje moro. Som spelleiar er det få ting som er betre enn å kaste ut stressterningar som om det var godteri, og sjå korleis håpet i auga til spelarane svinn hen for kvar nye terning.

Ei leikegrind

Rapture Protocol er eit flunkande nytt eventyr, med flotte kart, og nyttige handouts.
Øystein Furevik/Gamer.no

Noko av det eg likar best med Alien-rollespelet er korleis dei filmatiske eventyra fungerer nesten som ei sandkasse. Du får ein stad, du får skildring av kva som er i alle rom og område, og du får diverse hendingar som vil skje på bestemde tidspunkt, eller når du meiner det passar.

Her slepp du laus spelarane dine, og ser dei springe rundt medan dei gjer sitt aller beste for å kome seg levande gjennom det spelet via deg kastar på dei.

Dette er noko rollespelet alltid har gjort godt, men i Evolved Edition har det heile fått ei merkbar oppgradering.

Først og fremst gjeld dette dei nye karta, som er store, tydelege, og laga for å passe godt saman med dei nye miniatyrane. Det er noko heilt anna å spele dette med skikkelege kart og miniatyrar. Om ein ikkje likar kart, og heller vil leve på fantasien aleine finnest det eit mylder av spel å leike seg med, men i akkurat Alien er det veldig stor hjelp med kart og miniatyrar sidan det kan vere mange små rom, og det å kunne plassere ein figur gjer det mykje lettare å kommunisere kvar ein er, kva ein vil, og kva som skjer.

Ved sidan av dei store karta som leggast ut på bordet mellom spelarane, får òg spelleiaren små versjonar av same kart, og her kan spelleiaren sjølv flytte på miniatyrar av alt spelarane ikkje veit er der. Desse karta viser òg hemmeleg informasjon som berre spelleiaren skal vise, og er eit svært nyttig verkty.

Eg held framleis ein liten knapp på det originale designet (til høgre).
Øystein Furevik/Gamer.no

Mykje nytt

Ved sidan av nye eventyr og nye stressreglar byr Alien Evolved Edition på ei solid visuell oppgradering. I startboksen får du no til dømes ein heil kortstokk med nyttige kort. Som i tidlegare eventyr får vi personleg agendakort som fortel spelarane kva deira mål er, samt våpenkort, men vi får òg nye og nyttige kort som forklarar kva ulike stressreaksjonar betyr.

Free League har gjort ei lang rekke små grep for å minimere behovet for å leite etter hjelp i boka. Med eigne kort for småting det er greit å hugse på, samt referansekort som listar opp dei viktigaste reglane. Den nye spelleiarskjermen er òg eit syn, der den frå spelaranes vinkel er forma som MU/TH/UR, medan den frå spelleiarens ståstad byr på den viktigaste informasjonen som ein treng kjapt. Som til dømes stress- og panikkreaksjonstabellar.

Den nye regelboka har vidare fått ei fullstendig visuell overhalding. Der den før var mørk og mystisk med svarte sider med kvit tekst, er det no omvendt, og den visuelle stilen ser ut som noko ein kunne ha funne i Alien-universet.

Den er dessutan organisert mykje betre, og det er lettare å finne fram til det ein vil ha kjapt. At sidene no er lysare og meir oversiktlege gjer boka mykje meir lettlest. Bortsett frå det held eg likevel ein knapp på at den tidlegare regelboka såg betre ut. Den var nydeleg designa og illustrert og fortalde deg med eit blikk at her var det nifs moro i vente. Dei nye omslagsillustrasjonane gjev meg litt meir ei kjensle av kinoplakaten til ein B-film.

Smak og behag der altså, men totalt sett ei forbetring.

Konklusjon

Den nye layouten (over) er kanskje ikkje like stemningsfull som den gamle (under), men den er lettlest og oversiktleg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alien Evolved Edition er som mange andre rollespel frå Free League eit skikkeleg gjennomført produkt. Den nye startpakka byr på alt ein treng for å kome i gong, med lettfattelege reglar og eit kort og spanande eventyr som kan rundast på ein kveld om ein er litt effektiv.

Den nye regelboka er meir oversiktileg, lettlesen, og byr på nokre forbetra reglar der spesielt stressmekanismane har blitt meir nyansert.

I tillegg til dette får vi prøve oss på eit nytt, lengre eventyr, der ein òg kan kjøpe tilhøyrande miniatyrar. Jamt over er det heile ei markant oppgradering for eit skikkeleg spanande rollespel.

Om du likar Alien-filmane og gjerne vil ha meir, er Alien-startpakka heilt essensiell. Dei forenkla reglane den byr på er gjennomlest på ein time, og det korte eventyret er akkurat passe langt nok til at ein får spelt og forstått spelet, men at det ikkje er uoverkomeleg mykje for ferske spelleiarar.

Kombinerer du dette med eit lyspor krydra med musikk frå filmane, bør alt vere klart for ei skikkeleg stemningsfull oppleving. Kanskje klarar du å få spelarane dine til å hoppe litt i stolen òg.

Alien: The Roleplaying Game – Evolved Edition er tilgjengeleg no.

0
Alien: The Roleplaying Game – Evolved Edition
Eit engasjerande og spanande rollespel

Alien: The Roleplaying Game – Evolved Edition

Siste fra forsiden