Final Fantasy VII Rebirth er ute på PC, og det mindre enn eit år etter PS5-lanseringa. Det verkar ikkje som det har vore all verda med marknadsføring rundt dette, og så langt har mottakinga vore heller lunken.
Mange rapporterer om tekniske problem, og ein del av dei «obligatoriske» PC-funksjonane manglar.
Me har derfor brukt nokre timar til å dykke ned i dei tekniske aspekta av PC-versjonen.
Imponerer
Dette er faktisk mitt første møte med Final Fantasy, og eg må ærleg innrømme at eg hatar det.
Heldigvis skal ikkje eg vurdere anna enn teknikk.
Der blir eg raskt kraftig imponert av den visuelle kvaliteten på filmsekvensane og figurmodellane. Det er openbert kvar grafikkpengane har tatt vegen.


Teksturane til dei viktige figurane er ekstremt detaljerte, og om ein klarar å ignorere plastansikta deira, så er det mykje som får det til å rykke i skjermbildefingeren.
Kampsekvensane peprar deg med fargerike effektar, og er ein skikkeleg fest for auga.
Stussleg optimalisering
Like festleg for grafikkortet er det kanskje ikkje. Eg har køyrt gjennom nokre kapittel utstyrt med eit Nvidia RTX 4090 og ein i9-13900k-prosessor, og ytinga varierer veldig frå stad til stad.
Dessverre er bildefrekvensen låst til 120 bilde i sekundet. 4090-en hoppar stort sett mellom 80 og 120 FPS i 4K, og som Unreal-spel flest slit Final Fantasy med obligatorisk «traversal stutter».
Det vil nok bli endå meir merkbart med ein svakare prosessor. Likevel er det største problemet hakking når spelet lastar inn nye «shaders», trass i at det gjer dette første gongen du opnar spelet.
Eg sat inn eit RTX 4060 for å køyre nokre testar, og det er påfallande kor mykje betre spelet køyrer i den andre joggerunden min gjennom byen Kalm samanlikna med den første.

Kvar gong spelet skal laste inn nye område, figurar, angrep eller effektar, går bildetida som ein jojo.
Slik skal det ikkje vere. Dette er rett og slett slurv av utviklarane.
Eg skulle også verkeleg ønske dei hadde låst opp bildefrekvensen, for actionfylte spel som dette er så mykje betre med endå høgare bildefrekvens.
Store manglar
Innstillingsmenyen er elles heller mangelfull. Du kan ikkje navigere menyane med gamingmusa, og det er forholdsvis få grafikkinnstillingar å velje mellom.
Støtte for KI-oppskaleringsmetodane FSR og XeSS manglar, og det er heller ingen form for bildegenerering eller forseinkingsreduksjon i spelet.
Synsvinkelen kan du ikkje endre, men den er for så vidt brei i utgangspunktet. Støtte for ultrabreie skjermar er fråverande.
Eg saknar også ei førehandsvisning som viser forskjellane mellom innstillingane, som begynner å bli standard for nye PC-spel av dette kaliberet.
Betre på PC?
Etter å ha prøvd PlayStation 5 Pro-versjonen i ei stund, ser eg ikkje all verda med forskjell mellom dei to utgåvene.
Grafisk er teiknedistansen og bildekvalitet den største fordelen for PC. Det er færre ting som poppar ut av ingenting, og rasterisering/DLSS gir ein del høgare bildekvalitet enn oppskalering på PS5.

Det er heller ikkje dei heilt store forskjellane internt på PC.
Nokre testar viser at ein hybrid av «medium» og «high» er best for å balansere yting og bildekvalitet, men DLSS vil naturlegvis vere stor hjelp for dei med Nvida-skjermkort. TAAU-oppskaleringa er ikkje i nærleiken av å vere like bra.
Utan oppskalering klarar RTX 4090 i snitt 109 FPS på ein løpetur gjennom byen Kalm i 4K-oppløysing, med eit 1% minstesnitt på 74. I 1440p klatrar snittet til 119 – og spelet er altså låst til 120. Minstesnittet aukar til 79.
RTX 4060 klamrar seg fast til ein bildefrekvens på 52 i snitt i 1440p med alt på høgaste innstillingsnivå. Minstesnittet ligg då på 40 FPS.
Det er fleire innstillingar som berre har «high» og «low» som alternativ, men skrur me ned det som kan skruast til medium, aukar bildefrekvensen til 62 i snitt med minstesnitt på 50.
Med alt på lågaste innstillingsnivå blir snittet 68 / 58.
Videominne er ein viktig faktor til kor mykje spelet hakkar hos deg. Spelet kan lett dra 10 GB videominne allereie i 1440p med alt på maks, så skru ned teksturkvaliteten til medium viss du har lite videominne.
Konklusjon
Final Fantasy VII Rebirth er eit vakkert spel. Det er det ingen tvil om, men det treng litt meir tid i utviklaromnen før det er heilt klart.
Denne typen hakking er ein barnesjukdom i PC-versjonar, og burde verkeleg vore fiksa før lansering.
Med kraftig nok maskinvare merkar du ikkje all verda til det, men det skadar ikkje å vente på nokre oppdateringar til.
I skrivande stund er det 30 prosent rabatt på Steam-versjonen. Eg tipper det fell betydeleg lågare i komande tilbodsveker, så eg ville venta med eit kjøp. Ikkje berre vil det sannsynlegvis bli billigare, men det vil også vere kjekkare å spele.