25

Desse spela gler vi oss til i april

Retromusekrim, science fiction, koselege eventyr og ein tur til helvete står på månadens program.

Blizzard

Årets første vårmånad stod i Crimson Deserts teikn. Dette koreanske rollespelet har teke verda med storm, og har hausta ein popularitet få kan måle seg mot.

Det er lett å hamne i skuggen av slikt, men fleire har prøvd å få sine minutt i sola. Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection leverte eit nydeleg stykke japansk monsterrollespel, medan Starship Troopers: Ultimate Bug War! gav oss herleg, tøysete skytemoro.

Bungies nye storspel Marathon leverte ikkje heilt varene, men bydde likevel på solid underhaldning for skyteglade spelarar.

Mouse: P.I. For Hire-trailer.

Mouse: P.I. For Hire

Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 16. april

Det er lite som gler gamle grinebitande speljournalistar som har sett og gjort alt mange nok gongar til å ha fleire utslitne T-skjorter basert på emnet, meir enn noko skikkeleg sært og annleis. Noko vi verkeleg ikkje har sett før, og akkurat dette har vi ikkje sett før.

Sei hallo til MOUSE: P.I. For Hire. Dette er eit skytespel i førsteperson som etterapar animasjonsstilen frå 1930-talet. Tenk tidleg Disney, Mikke Mus og Steamboat Willie. Her møter vi musedetektivar med gummisko, todimensjonale fiendar, og alt i herleg, svart og kvitt. Dette blir garantert noko heilt utanom det vanlege, med mykje teikneserievald.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mouse: P.I. For Hire

Pragmata-trailer.

Pragmata

Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 17. april

Pragmata tek oss med til med til ein månebase under kontroll av ein slem kunstig intelligens. I rolla som romfararen Hugh og hans vesle androidejente Diana må vi ta opp kampen mot den kunstige intelligensen, og kome oss tilbake til jorda.

Som mange spel frå Capcom blir Pragmata eit actionfyllt eventyrspel. Det som gjer Pragmata litt spesielt er at vi styrer både Hugh og Diana samstundes. Hugh er ein vaksen mann, Diana er ein androide i forma til ein jentunge som sit på ryggen hans. Diana kan hacke fiendar for å gjere dei sårbare mot angrepa til Hugh, og slik lovar Capcom at Pragmata skal by på både taktisk og intens action. Om dette blir ein idè som blir fulltreffar i praksis får vi snart vite.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pragmata

Mummitrollet: Vinterens Varme-trailer.

Mummitrollet: Vinterens Varme

Plattform: Switch, Windows
Ute: 27. april

Mummitroll har som regel for vane å sove seg gjennom vinteren, men akkurat denne vinteren vaknar mummitrollet frå dvalen. Ikkje berre det, han er heilt aleine. Redd og usikker må ut i den kalde og snøfyllte vinteren og møter både nye og gamle vener som treng hans hjelp.

Dette er det andre spelet frå norske Hyper Games basert på Mummibøkene til Tove Jansson. Det første spelet handla om Snusmumrikken og var eit skikkeleg koseleg spel som var Mummiserien verdig. Denne gongen er det derimot Mummitrollet sjølv vi får spele som, og reise ut på ei reise fylt med praktske utfordringar og vinterbasert spenning. Som Snusmumrikken-spelet vil også Mummitrollet: Vinterens Varme vere lokalisert til norsk.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mummitrollet: Vinterens Varme

Diablo IV: Lord of Hatred trailer.

Diablo IV: Lord of hatred

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. april

Den neste, store utvidinga til Diablo IV heiter Lord of Hatred, og her får vi kjempe mot sjefshataren sjølv; Mephisto. For å klare det reiser vi til det eldgamle området Skovos der mange nye og utrivelege utfordringar ventar. Utvidinga lovar ein haug nye moglegheiter for spelarane, som blant anna eit totalrenovert sluttspel.

To nye rolleklassar er òg med på laget. Dei er paladin og warlock, og vil la deg leike med enten guddommelege krefter, eller trolldom henta rett frå ein stad sola sjeldan skin. Ikkje nok med det, Blizzard lovar at ferdigheitssystemet har blitt grundig bearbeida, og vil by på nye moglegheiter for alle kalssar. Om du ikkje fekk med deg den første utvidinga til Diablo IV, er den inkludert i Lord of Hatred, og vil la deg oppleve heile forteljinga fram mot møtet med Mephisto.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Diablo IV: Lord of Hatred

Saros-trailer.

Saros

Plattform: PlayStation 5
Ute: 30. april

Saros er det nye actionspelet frå Housemarque, utviklarane bak PlayStation 5-lanseringsspelet Returnal. Fleire av elementa frå deira førre spel følgjer med vidare i Saros. Som i Returnal er dette eit kulehelvetespel med rougelike-element. Om du ikkje veit kva det er, er oppskrifta enkel: Høgt tempo, tusenvis av flygande prosjektil som gjerne vil og kan drepe deg, og eit konstant jag etter meir makt.

Sjølv om du garantert vil døy ein del, vil du likevel bli sterkare, og kan ta med deg nye krefter og våpen inn i kampen slik at det blir lettare å kome seg vidare. Historia ser òg ut til å få eit solid fokus, der Housemarque har hyrt inn skodespelar Rahul Kohli, kjend frå seriar som iZombie og spel som Gears 5, tek på seg rolla som hovudpersonen Arjun Devraj.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Saros

Cthulhu: The Cosmic Abyss-trailer.

Noko for ein kvar smak

Påska er ei høgtid, og då passar det godt med tematisk korrekte spel. Vi kan difor ikkje la vere å nemne Jesussimulatoren I Am Jesus Christ, eit spel som skal la deg vandre i fotspora til verdas mest kjende snikkar.

Folk flest tenkjer kanskje heller på påskekrim i denne tida, og då kan kanksje den narrative førstepersontrillaren The Occultist vere noko for deg.

Meir, om enn noko annleis eventyr blir det i Don't Nods nye spel Aphelion. Her reiser vi til ein iskald planet der du i rolla som ein astronaut blant anna må redde partneren din.

Verre skal det likevel bli, for djup uhygge på det opne hav får vi i Cthulhu: The Cosmic Abyss, og om det ikkje var nok grøss og gru kan du avrunde månaden med Amnesia: Rebirth.

Eit svært spanande spel som kjem i april er Replaced, eit sideskrollande eventyr som blandar pikselgrafikk med moderne teknologi for å skape noko heilt spesielt. Fleire pikslar får vi i Vampire Crawlers, det neste spelet frå folka bak Vampire Survivors.

Tides of Tomorrow lovar på si side å vere grensesprengande, sjølv om det er laga for ein spelar, vil vala dine kune forme opplevinga for andre spelarar.

For dei som likar å bygge kan april bli ein interessant månad. For det første dukkar Bandit Trap opp, og dette er eit spel som ser ut til å ville ta opp kampen mot til dømes Among Us. Her skal ein huseigar setje opp feller og forsvare huset sitt mot fire tjuvar.

Meir lovlege rammer blir det i Soulmask, eit overlevings- og byggespel som tek oss med tilbake til gamle Egypt, og no er ferdig med sin Early Access-periode

Masters of Albion-trailer.

Eit spel som går andre vegen og lanserast i Early Access er Masters of Albion. Dette er det nye spelet til gudespelgrunder Peter Molynuex, og denne gong har han samla eit lag med veteranar som har jobba saman sidan Bullfrog-dagane. Masters of Albion skal bli eit spel som kombinerer element frå kjende titlar som Dungeon Keeper, Black & White og Fable.

Om du vil ha rollespelleik utan distraksjonar kan den turbaserte musikalen (!) People of Note vere verdt å sjekke ut.

Særare skal det bli, for Double Fine er tilbake. Denne gong med Kiln, eit spel der du skal lage keramikk før du går til kamp mot anna keramikk (!!).

Hakket meir tradisjonell blir lanseringa av Pokémon Champions, eit slåstespel med Pokémon. Enklare kan det vel ikkje bli?

Outbound er noko så sjeldant som eit stort og ope spel sett til ei utopisk verd der du skal gjere ein campingbil om til ein draumeheim. Om dette høyrest fint ut, men du vil ha enda meir kos kan Inkonbini. One Store. Many Stories vere verdt å sjekke ut. Her skal du drifte ein japansk landhandel på tidleg 90-tal.

Meir moro får vi i det sideskrollande plattformeventyret Darwin's Paradox der nokre av ingrediensane er blekksprut, robot, og fiskemat.

He-Man and the Masters of the Universe: Dragon Pearl of Destruction er nøyaktig det det høyrest ut som, eit sideskrollande, retropiksellert actionspel med He-Man i hovudrolla.

Til slutt tek vi som vanleg med nokre spel som kjem til nye plattformer.

Goat Simulator 3 tek turen til Switch 2, Starfield kjem til PlayStation 5, medan Hades II omsider kjem til PlayStation 5 og Xbox Series S/X.

God påske!

MOUSE: P.I. For Hire (Nintendo Switch 2)

Beste priser

MOUSE: P.I. For Hire (Xbox Series X)

Beste priser

MOUSE: P.I. For Hire (PlayStation 5)

Beste priser

Siste fra forsiden