25
Anmeldelse

Kioku: Last Summer

Søtt, koseleg, men einsformig

Har du lengta tilbake til den bekymringslause barndomen nokon gong?

Øystein Furevik
Spillredaktør
Lugn Games

Det er alltid ekstra moro når eit nytt spel kjem frå norske utviklarar, og det er kanskje ikkje umiddelbart tydeleg at Kioku: Last Summer er frå våre trakter.

Med eit namn som sender tankane til Japan, og ein estetikk som sender tankane til alt frå Studio Ghibli til Pokémon og vidare til norsk sommaridyll, kan ein lett la seg lure til å tru dette spelet kom frå andre trakter, men det funkar.

Den visuelle stilen norske Lugn Games har valt seg er ei enkel, men slåande blanding av mange ting som har gjort meg glad for lenge sidan, om det så er The Legend of Zelda: The Wind Waker, Kiki's Delivery Service, eller steikande sol og lukta av sjø.

Spelet har norsk tekst, og passar bra for dei små.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hugsar du sommarferien?

Kioku: Last Summer gjer ein ting eg likar veldig godt, og det er å gi oss eit spel som er så og seie blotta for dramatikk. Dette er eit kosespel som handlar om dei koselege og minneverdige tinga ein gjorde som barn.

Spelet startar med at den unge jenta Asti og faren hennar reiser til øya Kiouku, der dei no skal bu. Herifrå må ho rett til skulen, der ho raskt får møte det som skal bli hennar nye vener.

Deretter går det kast i kast. Vi blir introduserte for Marubi, klinkekulespelet som alle her spelar. Vi får gå på epleslang, prøve å finne ut kven som dumpa fiskelo på Luis, og løyse rima til ein gammal mann, for å nemne noko.

Kioku: Lasst Summer gjer i alle fall ein ting riktig. Det skapar sommarglede. Med fin, om enn repetitiv musikk, blir vi frakta til ei sjarmerande sommarøy, som verkeleg har truffe eit fint mellompunkt mellom det norske og det japanske. Kjensla er av eit spel som har henta mykje inspirasjon frå Japan, men det er også veldig tydeleg norsk.

Å springe eller sykle rundt på Kioku, er som å leike seg i norsk sommar, med små klynger av hus, brygger, skogar og krabbefiske.

Kvifor gå, nyr du kan sykle?
Øystein Furevik/Gamer.no

Sommaridyll

Sommardagar går fort. Du fartar frå eit område av øya til eit anna, snakkar med alle dei trivelege folka som bur der, og reiser ut på små eventyr som gradvis skapar ei større forteljing der du blir betre kjend med dei nye venene dine. Etter kvart var det dette eg likte best. Å følgje dei små, litt barnslege historiene om ungar som gjer barneting, hissar seg opp over barneting, og skværar opp som dei ungane dei er.

Det er noko nostalgisk og fint ved forteljinga som sender tankane tilbake til min eigen naive barndom.

Kioku: Last Summer byr òg på nokre eigne minispel. Det største og viktigaste er Marubi, eit klinkekulespel blanda med Pòkemon. Her skal du samle små monster i klinkekuleform, og bruke dei i kamp på eit brett der ein brukar tre kuler om gongen, og skal knuse motstandaren.

Det er kanskje litt for lettvindt. Eg har ikkje makta å tape ein einaste kamp, og det følest litt spinkelt. Som det manglar eit ekstra nivå med mekanismar for å ta det over terskelen. Det held med eit par gongar, etter det kjennest det mest som arbeid.

Fiskespelet er mykje det same. Du kan fiske etter krabber kvar stad det boblar i vatnet, sjølv ei elv av ferskvatn. Her fiskar du krabber, og slepp dei ut att. I det minste får du dei nedskrivne i dagboka di, men noko anna nytte får du ikkje av fiskinga, og det framstår litt tomt, i mangel på substans.

På jakt etter noko å gjere.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kva skal ein bruke tida på?

Eg har lyst til å kose meg meir med Kioku: Last Summer enn eg faktisk gjer. Det er eit sjamerande spel, og det byr på ein sommaridyll ein lang, regntung vår har fått meg til å lengte mot.

Det er likevel eit stykke til den verkelege idyllen kan setje inn her, for det er fleire, mindre problem som set skår i gleda.

Det første er at det rett og slett blir litt keisamt. Det blir veldig mykje fram og tilbake, og lite variasjon i oppgåvene dine. Dette blir forverra av at ein sjeldan får vite kvar ein skal. Ting blir av og til sagt i ein dialog, men om du ikkje fekk det med deg, må du ut og leite. Du endar opp med å springe på kryss og tvers over denne vesle øya svært mange gongar på kort tid, berre på jakt etter ein person eller stad med glitter som fortel at her får du servert neste ledd i historia.

Øya er lita, så det tek ikkje lang tid, men det blir gammalt veldig fort. Du får eit kart i ryggsekken din, men det viser ikkje kvar folk eller oppdrag er. Du får ei dagbok, og den fortel deg i det minste noko, men spelet er så fullt av små feil at dagboka på fleire tidspunkt har slutta å fungere skikkeleg, slik at eg ikkje fekk bladd i oppdraga.

Småfeil finn ein elles og. Ein del grafiske element har gjort rare ting. Element har kome inn, forsvunne, eller kanskje brått endra storleik. Det er ikkje veldig graverande feil, men det er nok til at ein kjapt merkar at dette spelet kunne ha kokt litt lengre i omnen.

Marubi er eit minispel som godt kunne hatt fleire funksjonar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Kioku: Last Summer er eit søtt, koseleg og sjarmerande spel. Akkurat dei tre tinga har spelet oppfylt. Utover det byr det diverre ikkje på så alt for mykje. Det heile framstår litt retningslaust. Det kan vere kos å berre utforske ei sommarøy, men når ein får kjensla av at ein må saumfare denne øya kvar einaste gong ein er på jakt etter nytt oppdrag, er det lett at keisamheita set inn.

Gi meg gjerne litt fleire hint om kvar eg skal gå. Gi meg enten eit meir informativt og interaktivt kart, eller ei betre dagbok som ikkje buggar ut og sluttar å fortelje meg ting.

Trass dette treff Kioku: Last Summer ei lita nerve. Ideen er veldig fin, det estetiske er fint, om enn litt enkelt, og det er lett å få ei kraftig PlayStation 2-kjensla av korleis det heile fungerer, men det har sin sjarm.

Med litt meir arbeid, litt meir idèmyldring, og tydelegare informasjonsflyt trur eg Kioku: Last Summer kan løftast eit hakk eller to. Eg er spent på å sjå kva Lugn Games får til neste gong.

Kioku: Last Summer er ute no på Steam.

0
Kioku: Last Summer
Eit sommaridyllisk spel som kunne ha vore mykje meir

Siste fra forsiden