25
Anmeldelse

Syberia Remastered

Eit steg fram, to tilbake

Denne klassikaren fortener veldig mykje betre enn dette.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Microids

Syberia frå 2002 har eit peik-og-klikk-eventyr som har ein heilt spesiell plass i mange ein eventyrentuists samling. I alle fall mitt, det var eit av dei første spela eg teta for Gamer.no, og det har såleis ein litt spesiell plass i mitt bibliotek.

I dette eventyret signert den no avdøde belgiske teikneserie- og eventyrspelskaparen Benoit Sokal, møter vi den amerikanske advokaten Kate Walker. Ho reiser til den franske landsbyen Valadilène for å bistå med oppkjøpet av ein leiketysfabrikk der den gamle Voralberg-familien har produsert mekaniske underverk i ei årrekke.

Ting går sjølvsagt ikkje heilt etter planen, og Kate må etter eit brått dødsfall legge ut på jakt etter det siste overlevande medlemmet i Voralberg-familien.

Valadilene viser seg frå si beste side.
Øystein Furevik/Gamer.no

Lekkert

Syberia er ei vakker, om enn kort historie som kan få ein til å tenkje litt på på dei små ting, og kva som eigentleg er viktig her i livet, og det er ei forteljing som blir fortalt over heile tre spel. Syberia-spela er òg del av eit større univers skapt av Sokal, som òg inkluderer eventyret Amerzone frå 1999. Dette spelet fekk òg ei ny utgåve, tidlegare i år.

Syberia Remastered er først og fremst ein ting, ei visuell overhaling.

Det er eit nydeleg spel. Syberia hadde alltid eit unikt ytre. Kvart område du reiste til var fullt av fantasi, alt var gjort berre litt annleis enn kva vi ventar. Om det så er arkitektur til små mekaniske under som gjorde kvardagen til folka i dette universet lettare. Det heile var steampunk før steampunk blei ei stor greie.

Mekaniske «automatons» – som dei heiter – er overalt i spelet, og dei gjer alt frå å stemple brev til trekke opp tog. Dei er til forveksling like robotar, den mest avanserte er Oskar, ein automaton som kan prate, og blir togførar på reisa til Kate.

I Syberia Remastered kjem denne fantasifulle verda til sin rett som aldri før. Detaljrikdomen er milevis forbi kva originalen kunne skilte med, og spelet tek oss med frå den eine fantastiske staden til den andre. Om det er ein ting utviklarane har gjort riktig, er det dette. Ofte er det noko som forsvinn i overgangen når ein skal pusse opp noko gammalt, men ikkje her. Syberia Remastered er ei enorm visuell forbetring som tvihelf på sjarmen som gjorde originalen så spesiell.

Syberia Remastered er eit pent spel, men det er noko døudt og livlaust over folka.
Øystein Furevik/Gamer.no

Var det alt?

Syberia Remastered er først og fremst eit billedleg vakkert spel, men resten av spelet har ikkje fått like god medfart. Syberia er og blir eit herleg eventyr med fascinerande personar og ei nesten rørande historie. Dette er ikkje borte.

Problema er likevel mange. Folka i spelet ser ut som stive dokker, og spesielt Kate ser ut som om ho når som helst skal vri på hovudet, rulle med auga, og når som helst kome med slibrige kommentarar i beste buktalarstil.

Vidare er eg ikkje alltid heilt fan av korleis område som tidlegare blei formidla gjennom fleire bakgrunnsbilete no er eitt samanhengande område. Det er sjølvsagt fint at vi kan vandre rundt i ei meir levande verd, men dette er eit peik-og-klikk-eventyr. Det blir ein del fram og tilbake om du ikkje veit kva du skal, eller gjettar riktig på første forsøk i ei av spelets mange gåter.

Det blir difor mykje vandring. Lange seansar der du berre ser på Kate som spring gjennom store område medan du ventar på å kome fram. Samstundes spelar dei same to eller tre minutta musikk – som i seg sjølv repeterer ein trall på nokre få sekund med diverse ulike instrument – utan stopp, i time etter time.

Det var ikkje slik i originalen. Det var for det meste eit stille spel med bakgrunnslydar, medan musikken dukka opp no go då for effekt. I Syberia Remastered går den konstant, utan stopp. Det spelar inga rolle kor fin musikken her, når noko som var meint for spesielle hendingar blir eit vedvarande bakteppe blir ein lei.

Det er litt snodig når ein filmsnutt frå 2002 brått dukkar opp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mange små irritasjonar

Utviklarane har jamt over gjort fleire merkelege val under utviklinga. Til dømes har dei inkludert filmsnuttane frå originalen, i staden for å lage nye som reflekterer det visuelle nivået på resten av spelet. Syberia Remastered overgår originalen reint visuelt, og å gå frå eit nydeleg spel til uskarpe filmsnuttar frå 2002 dreg deg heilt ut av den stemninga spelet skulle ha klart å bygge opp.

Det sluttar heller ikkje her. Utviklarane har til dømes fjerna inventaret, og kvar gong du skal bruke ein gjenstand må du først klikke på den tingen i verda du skal bruke noko på, og så får du opp eit inventar som viser totalt ein gjenstand. For å finne alt det andre du har i inventaret må du bla til høgre eller venstre. Igjen, det er ikkje eit stort problem. Dette er ikkje Monkey Island med hundrevis av ting i inventaret, men korleis er dette betre enn eit lett manøvrerbart inventar?

Spelet er òg fullt av skrivefeil. Nesten kvar gong eg kom over eit papir, ei bok eller liknande som skulle lesast, var det opptil fleire skrivefeil i teksten.

Det er så undøvendig. Kor mykje kostar det å få nokon til å sjå over teksten kjapt for å luke ut skrivefeil? Det er rett og slett trist at eit så fint spel skal få så slepphendt behandling.

Syberia Remastered burde ha vore eit enkelt prosjekt å gjere riktig. Vi treng berre sjå til fjorårets Broken Sword Remastered for å sjå korleis slike spel kan moderniserast.

Det blir ein del gåing, ikkje ikkje alltid med meining.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Syberia er eit av dei finaste peik-og-klikk-eventyra eg har spelt, og Syberia Remastered er trass nokre dårlege val ei god oppleving. Den kunne derimot ha vore mykje betre. Dette er eit spel som fortener veldig mykje meir enn dette. Det er ingen store, øydeleggjande feil her, men det er mykje småplukk. Mange små irritasjonar som saman gjer at ein ikkje får den fine oplevinga vi fekk for 23 år sidan.

Dei gode nyhenda er at dei aller fletse irritasjonane er små, og enkle å fikse. Om Microids tek til seg kritikken og gjer berre nokre små endringar, så kan dette spelet bli det spelet det skulle ha vore ved lansering.

Originalen fekk ni av ti hos oss då den kom, og eg sette like stor pris på historia to tiår seinare som eg gjorde då. Det som trekk ned er i stor grad småting, men det er for mange småting. Heldigvis er det småting utviklarane lett bør kunne fikse på med ei oppdatering eller to, slik at denne nyversjonen kan bli den feiringa av ein klassikar den burde ha vore.

Syberia Remastered er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/X og Windows.

0
Syberia Remastered
Ein klassikar som fortener betre.

Syberia Remastered (Xbox Series X)

Beste priser

Syberia Remastered (PlayStation 5)

Beste priser

Siste fra forsiden