Eg vil tru det er ein enkel grunn til at folk spelar Jurassic World Evolution framfor til dømes Planet Coaster, eller andre parkbyggarar; dinosaurar. Det er dinosaurane vi er her for å sjå, og det er dei som er det store trekkplasteret.
Det er gledeleg å sjå kor mykje flinkare utviklarane hos Frontier har blitt til å lage dinosaurar opp gjennom åra. Det er færre dinosaurar her enn det per dags dato er i Jurassic World Evolution 2, men det er eit godt utval dinosaurar som representerer variasjonen blant desse forhistoriske dyra godt.
Her finn vi alt frå kjende travarar som Triceratops og Tyrannosaurus, til mindre kjende dinosaurar som Ornithomimus, Chungkingosaurus og Lokiceratops. Det som gledar meg mest er at utviklarane no heilt openbert har fått friare rammer å jobba innanfor. Alt må ikkje bankast inn i den no utdaterte Jurassic Park-stilen, men det er rom for å lage langt meir autentiske dinosaurar basert på nyare paleontologiske oppdagingar.
Resultatet er nydeleg, og får meg til å gremmast over at filmane er så trege med å fornye dinosaurdesignet. Ornithomimus er til dømes ein spektakulær dinosaur heiltdekt i fargerike fjøyr, ein dramatisk kontrast til den nakne Jurassic Park-veteranen Gallimimus som er i same familie, og nyttar same grunnmodell. Lokiceratops er på si side i familie med Triceratops, men har korrekte tær, i staden for elefantfoten vi har sett på slike dinosaurar i filmane.
Jamt over har dinosaurane fått eit velfortent løft. Både i små modellendringar, men òg i fine fargeval, og ikkje minst i kva lydar dei lagar. Eg var kritisk til dinosaurlydane i Jurassic World Evolution 2 som fekk dei fleste dyra til å høyrest ut som brølande monster, men her er det eit mylder av ulike, fascinerande lydar som vekker desse skapningane til live som dei eksotiske skapningane dei var.
Eit ankepunkt er derimot at ingen av dinosaurane frå årets kassasuksess Jurassic World Rebirth er med. Her er ingen Titanosaurus, ingen ny Tyrannosaurs eller ny Spinosaurus, ei heller hybridar. Det er veldig skuffande, og burde ha vore på plass ved lansering.
Svangerskapsdepresjon
Dette spelets store nyvinning er dinosaurbabyar og kjønnsdimorfi, altså fysiske forskjellar på hann- og hodyr. Dette er vel og bra, men nesten meiningslaust. Dinosaurane lagar ikkje reir sjølv, dei går ikkje gjennom noko sosialt band for å stifte familie, og dei bryr seg ikkje stort om sine små. Knapt nok går dei i flokk der ein ofte finn dei mutters aleine medan resten av flokken står predd utover større område.
For at dinosaurane skal legge egg må du først bygge reir for dei, deretter vil nokon ta reiret som sitt, og etter ei stund finn du egg der. Etter ei tid klekkar egga, og ut kjem dinosaurar mange gongar større enn egga dei kom frå. Deretter skjer nesten ingenting. Det er litt kontakt mellom vakse og små, men for det meste spring ungane og rundt for seg sjølv, inntil dei blir vaksne og held fram med å gå rundt for seg sjølve.
Det er ingen tydelege band mellom foreldre og ungar, du har no berre ein til dels gratis måte å formeire mengda di med dinosaurar på.
Forskjellane på hann- og hodyr er også minimale. Hos nokre få artar får vi sjå endringar i modellane. Eit hanndyr hos Triceratops har til dømes større krage og horn enn hodyret, men hos Tryannosaurus som i filmane har tydelege forskjellar, er det berre fargane som skiljer.
Det er skuffande, spesielt sidan det er desse familielementa Frontier har promotert hardast i opptakta til lansering. Det hadde vore betre å velje eii av desse nyvinningane og gjere den skikkeleg, enn å servere oss to halvgjorte element.
Ein betre parkbyggar
Eit udiskutabelt forbetringsområde er sjølve parken din. No har du enormt mykje meir fridom til å bygge som du vil. Du kan forme terrenget i så mykje, eller så lite detalj som du ynskjer, og det er knapt grenser for kva du kan skape. Plasserer du vatn i forskjellige nivå inntil kvarandre vil det bli danna elver eller fossefall avhengig av høgdeforskjellen, og du kan plassere ut steinar og detaljar for å forme landskapet som du vil.
I staden for å lage dinosaurområde berre med straumførdande gjerde, kan du no bruke terrenget. Du kan lage dalar, klipper, eller groper, og bruke gjerda for å tette hol der du ynskjer, eller for å legge inn ein port slik at viltvaktarane kan kome seg inn.
Det er eit uhyre fleksibelt system med uendeleg mange moglegheiter. Du kan måle inn alt frå sumpvatn til tjukke skogar, og om du vil gå enda meir inn i detalj kan du bruke spelets verkty for å bygge alt frå steinformasjonar med klatrande planter for seinare bruk, eller heilt eigne bygningar. Om du vil kan du ta ein kikk på kva andre har laga, og det er vanvittig imponerande å sjå kva andre har skapt.
Det einaste eg saknar er meir farge. Det er eit merkeleg grått spel dette her, sjølv med alle tre og buskvekster det byr på
Korleis du bygger innhegningane får mykje å seie for komforten til dinosaurane. Dei har alle sine krav. Nokon vil ha vatn, andre vil ha sumplandskap, medan andre igjen vil ha tørre sletter eller store tre. Du kan ikkje blidgjere alle, og skal du tilrettelegge for ein art, øydelegg du fort for ein annan. Det er ei tidvis frustrerande utfordring der du må detaljstyre nøyaktig kor store delar av eit område som er via ulike typar flora.
Kan vi berre vere vener?
Det er jamt over mykje lettare å ta seg av dinosaurane no. I Jurassic World Evolution 2 var dinosaurane primadonnaer som enten ikkje likte andre artar, byrja å slåsst seg i mellom slik at dei blei skade og måtte ha tilsyn, eller dei pådrog seg ein eller annan sjukdom som igjen krevde tilsyn. Det var eit mas, som no heldigvis er så godt som eliminert.
Du kan no plassere ei rekke sendarar i parken din. Både viltvaktarar, vetrinærar og vaktmeistrar kan koplast opp mot slike sendarar for å ha kontinuerleg tilsyn med alt som skjer i parken. Blir ein dinosaur skada eller sjuk blir den tatt hand om, og om ein bygning skulle trenge reparasjonar treng du ikkje ofre det ein tanke.
Dette aleine snur opp ned på heile opplevinga, og gjer dette til eit heilt anna spel enn sin forgjengar. Du kan sjølvsagt detaljstyre alt om du så vil, men om du heller vil bruke tida di på andre ting, er du no fri til å gjere det.
Det meste fungerer elles som før. For å lage dinosaurar må du ut på eit verdskart for å leite etter fossil, og i laben kan du hente ut DNA. Forskarane frå Jurassic World Evolution 2 er tilbake, men dei er hakket lettare å ha med å gjere, og blir heilt nødvendige for å forske fram både nye dinosaurar, teknologi og attraksjonar.
Spelet byr òg på både ein eilt grei kampanjemodus der Frontier prøvar å forsvare kvifor Ian Malcolm er med på reisa, diverse utfordringar som testar parkferigheitene dine, samt ei sandkasse der du kan lage eigne parkar med heilt frie tøyler. I sandkass kan du slå av og på så mange eller få kriterium som du vil. Bygge park med dyr som aldri blir sure på kvarandre i ei verd der alt er gratis? Versågod.
Konklusjon
Det tok mange timar før eg kosa meg med Jurassic World Evolution 3. Mykje av grunnen til det er at eg vil skape, med ein gong. Eg vil ikkje vente. Eg vil ikkje lage ei bitte lita grind for dinosaurar, slik at kampanjen kan tusle og gå. Nei, eg vil lage noko stort, med dalar, med vatn, med skog, og om du spør kor mange dinosaurar eg vil ha der, er svaret: Ja!
Ein kjem ikkje dit med ein gong, men etter kvart som du enten låser opp meir, eller berre hoppar til sandkassemodusen, får du verkeleg leike deg. Det er mykje moro å finne, og spesielt i å lage landskap perfekte for dinosaurliv.
Om det du først og fremst er på jakt etter er eit skikkeleg godt «management»-spel med uhorvelege mengder detaljstyring er ikkje dette for deg. Økonomi og slike viktige ting er så godt som ein ettertanke, og du skal ikkje ha mange dinosaurar i parken din før du går millionar i pluss.
Er det dinosaurar du er på jakt etter, og du er ein fan av Jurassic Park, er det derimot vanskeleg å finne grunnar til å styre unna.
Jurassic World Evolution 3 er ute no på PlayStation 5, Xbox Series S/X og Windows.