25
Anmeldelse

The Knightling

Sløkkjer Zelda-tørsten

Om Breath of the Wild blir for stort og komplekst, er The Knightling svaret.

Øystein Furevik
Spillredaktør

The Knightling snur opp ned på den gamle helteformelen. I staden for å vere helten, er du ein «knightling», den vesle væpnaren til den store, maskluine og svært så populære helten. Uheldigvis for deg forsvinn riddaren din svært tidleg i denne forteljinga. Du må då klare deg på eiga hand, noko som byr på sine utfordringar. Folk har ikkje tiltru til ein stakkarsleg liten væpnar, og er ikkje umiddelbart klare for å vise deg tillit.

Det er ein artig vri i eit spel som elles osar av djup Zelda-inspirasjon, både av nyare og eldre dato. Her finn vi fargerik verd å utforske, grotter med komplekse praktiske utfordringar, og ei slåande fargerik verd så stappfull av ting å gjere på, at det er nesten som å gå på tivoli.

Vi møter ei fargerik og sjarmerande verd.
Øystein Furevik/Gamer.no

Livet er ein leik

Som mange andre spel bygd på eller inspirerte av Zelda-formelen er strukturen i The Knightling ganske enkel. Vi fartar rundt i verda, har eit mål i sikte, men kan ta på oss ei lang rekke andre oppdrag etter ynskje. Dette er ikkje eit langt spel, men det er litt opp til deg. Rundt om i står mange sære folk emd alt frå kikert til glasbolle som hovud, og fleire av dei kan ha ein jobb til deg. Å forsyne seg av desse kan definitivt hale ut tida, og mykje av dette er verkeleg verdt å få med seg.

Det er lett å oversjå The Knightling som berre enda eit spel i mengda, men om du likar gode eventyr som byr på mykje god underhaldning, men aldri endar opp i territoriet der det går inn for å teste deg, er The Knightling midt i blinken. Det er fylt med action, eventyr og store kryptar fulle av engasjerande gåter og utfordringar. Ordet eg leitar etter er eigentleg fornøyeleg. Det er eit fornøyeleg spel der ingenting er for vanskeleg, men det gir deg akkurat nok til at du må sjå deg rundt etter eit svar, og halde fram.

Krev du at spelet skal vere så vanskeleg at du sit fast lenge finnest det nok betre alternativ, men om alt du eigentleg vil er å ha det moro, er The Knightling eit nydeleg spel. Ein blir i godt humør av å spele det, og det er alltid noko å å sjekke ut.

Dette spelet har ei verd som innbyr til leik. Å ta steget ut av den første byen viser ei utsikt med landsbyar, akvedukter og ting å hoppe på. Ein skjønar innstinktivt at dette er ei verd forma rundt fokuset på ein sterk underhaldningsfaktor. Spelet gjer ein utruleg god jobb i å signalisere at noko artig kan gjerast, og av artige ting finnest det mykje.

Skjoldet kan brukst som akebrett.
Øystein Furevik/Gamer.no

Surfande på eit skjold

Av alle ting The Knightling har rappa frå Zelda er skjoldet det viktigaste. Med skjoldet sitt kan væpnaren surfe over store område, men i staden for å berre kunne surfe i nedoverbakke, har utviklarane gjort ein sport av det. Her og der finn du lilla gugge som aukar farten din, og med denne kan du surfe i oppoverbakke òg, gjerne rett på ein sopp som får deg til å sprette opp i lufta, og derifrå kan du heller gli gjennom lufta med det magiske skjoldet ditt som fallskjerm, før du landar og i staden brukar det som våpen mot seige fiendar.

Det er veldig moro, og det flyt som ein leik. Overgangen frå det eine til det andre er saumlaus. Meininga er at det skal vere moro, og det er gjeldande for kamp òg. Vi får eit ganske ordinært kampsystem, med byksing, blokkering, og diverse angrep som å kaste fiendar opp i lufta. Det er ikkje komplisert, men det får jobben gjort, og du får stadig påfyll med nye eigenskapar som kan kjøpast hos trenarar.

Skjoldet kan òg oppgraderast for å bli sterkare, men òg by på nye funksjonar, som å til dømes bli enda raskare når ein spring eller surfar på skjoldet. Du kan då fleire slag i angrepsrekka, eller moglegheita for å slå fiendar opp i lufta, noko som blir særs viktig i møte med fiendar med rustning.

Kampane finn ikkje opp krutet på ny, men får jobben gjort. Det er derimot litt tregt, og å møte kjappe fiendar som dansar unna dine ordinære angrep er berre plagsamt.

Soppar er gode hjelpemiddel for å få deg opp og fram.
Øystein Furevik/Gamer.no

Så mange eventyr

Noko eg set veldig pris på i The Knightling er korleis spelet ikkje kastar bort tida ti på å halde deg ein stad alt for lenge. Du får ferdast fritt i ei verd som framstår mykje større enn den eigentleg er. Den er veldig komprimert, med mykje på liten plass, og dette fører til at du kjapt kjem deg frå ein stad til ein annan, frå eit oppdrag til eit nytt, og du brukar aldri tid på å berre springe rundt på jakt etter neste mål.

Det absolutte høgdepunktet i spelet er kanskje fokuset på kryptar og andre skjulte stadar der ein kan finne skattar eller løysinga på eit oppdrag.

Vi får utforske tidvis ganske store grotter der dører skal opnast, brytarar slåast på, plattformer vaigerast og aktiverast, og jamt over gode utfordringar som byr på litt mat for hovudet. Det er akkurat passe utfordrande, og igjen vil eg bruke ordet fornøyeleg. Spelet er smart nok til å gje spelaren kjensla av å vere smart, sjølv om han kanskje ikkje er det.

Heilt problemfritt er det likevel ikkje. Eg har møtt på nokre litt snodige feil her og der, og spesielt frustrerande var eit oppdrag som brått ikkje kunne fullførast fordi eg bomma på eit hopp. Seansen eg hadde vore gjennom for å opne vegen eg skulle hoppe kunne berre aktiverast ein gong, og no var eg brått låst ute frå å fullføre. Dette er det verste eg var ute for, men det finnest litt småfeil her og der, sjølv om ein for aller det meste lev eit problemfritt liv.

Kampane byr på kjende element som blokkering og byksing, utan at det blir for vanskeleg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du treng noko lettbeint og leikent, er veldig glad i Zelda, veldig glad i muntre eventyr, og spesielt glad i spel som ikkje tek seg sjølv alt for høgtidleg, er The Knightling absolutt verdt å sjekke ut.

Dette er eit lettvindt spel som ikkje prøvar å vere stor kunst, men i staden har absorbert lærdom frå fleire tiår med spel. Utviklarane har bygd ei verd som er full av sjarm, humor og moro. Det siste ordet er nøkkelen her, The Knightling er moro.

Om du så hoppar på soppar for å nå høgre nivå, glir på vindstraumar for å plukke opp ressursen skryt, eller spring ned i ei grotte for å aktivere brytarar, opne dører, og finne skatten, er The Knightling moro.

The Knightling er ute no på Nintendo Switch, PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa) og Windows.

0
The Knightling
Herleg, leiken moro i ei fargerik verd.

Siste fra forsiden