Anmeldelse

Mario Kart World

Kongen er tilbake

Mario Kart er tilbake og leverer på alle frontar.

Heile elleve år etter førre konsollspel i serien er det endeleg dag for ei heilt ny runde Mario Kart.

Med Mario Kart World køyrer Nintendo stødig vidare på den vegen dei har køyrt i mange år. Det er ingen store endringar eller nyhende i vente, men i staden ein sakte evolusjon, der det meste er velkjent, men i eit litt nytt og fagrare landskap.

Mario Kart World er openbert ei visuell oppgradering over spela som har kome før, men hoppet er ikkje så stort som enkelte kanskje skulle håpe. Om vi set dette spelet opp side om side med Crash Team Racing og Team Sonic Racing, møter Mario Kart World hard konkurranse. Likevel er det eit lekkert spel. Mario Kart 8 – og Switch-versjonen Mario Kart 8 Deluxe – fann på mange måtar ein tidlaus visuell stil som framleis står seg, og med Mario Kart World er det heile meir raffinert, med større område, vidare detaljrikdom, og ikkje minst ei meir levande verd.

Spesielt merkar vi dette i animasjonen. Når du krasja før i tida snurra kjerra di rundt nokre gongar før du var tilbake, no rullar og sprett den med gode animasjonar som får den til å bli ein del av verda rundt.

Dette spelet har ein ting konkurrentane manglar, og det er Nintendo-magien. Det er så leikent, så lett, og likevel krevjande om du verkeleg skal inn i det. Alle kan spele dette spelet, det er slik det er laga, og om ein likevel slit kan ein slå på køyrehjelp for å få ein enklare kvardag.

Banene er store og varierte.
Øystein Furevik/Gamer.no

Herlege nye baner

Det aller viktigaste i eit Mario Kart-spel, og eit kvart racingspel for den saks skuld, er sjølvsagt banene, og her er det berre å ta av hatten for Nintendo. Dei demonstrerer igjen at dei er dei beste i klassen når det kjem til leiken kart-moro. Dei får det til å sjå enkelt ut. Dette er eit digert hopp over dei nye banene som kom til Mario Kart 8 Deluxe på Switch for nokre år sidan. Det følest friskt og spanande, og det er stor moro å køyre gjennom dei. Det er langt færre baner her enn i Mario Kart 8 Deluxe, men dei er mykje betre, og demonstrerer at kvalitet trumfar kvantitet når som helst.

Det er så mykje å gjere her, så mange snarvegar å finne, så mange utspekulerte måtar å sno seg framfor konkurrentane på at det er eit mekka for Mario Kart-fans.

Spesielt godt likar eg korleis den nye opa verd-strukturen viser seg når ein kastar seg ut i ein cup. Kvar cup er som før fire baner på rad, men der vi før fekk fire tilfeldig samansett baner av ulik sort, får vi no baner som heng litt saman. Ikkje så rart kanskje, sidan du kan køyre til og frå og mellom alle banene på eit stort og samanhengande kart. At du no kan køyre rett frå den eine bana til den andre byggjer det opp ein heilskap serien ikkje har hatt før.

Banene er òg større, noko som ikkje nødvendigs må verer positivt, men her er det defintivt det. Det er stor variasjon, og baner kan gå frå tronge passasjar til vide område der det er mange ulike vegar å ta. Det kan bli hissig konkurranse, spesielt grunna at vi no har 24 i staden for tolv deltakarar, og banene nyttar dette til det fulle.

Yoshi har her fått på seg biker-kostyme.
Øystein Furevik/Gamer.no

Rein galskap

Å hamne midt i ei klynge er rein galskap der ein blir pepra med skal, eldkuler, hamrar og alt som er igjen og igjen medan ein prøvar å kome seg ut og på trygg avstand.

For å handtere det som måtte kome har utviklarane skrudd litt på formelen. Du kan no køyre på veggar, og grinde på alt frå autovern til jarnbanespor. Eg kan ikkje seie det å køyre på veggar har blitt nyttig ofte, men å grinde har absolutt redda meg ut av fleire situasjonar.

Nye gjenstandar er òg på plass ved sidan av dei kjende og kjære frå tidlegare spel. Vi finn blant anna ein ny isblome som kan fryse fiendar, ein sopp som lagar eit spor av myntar, og enda ein sopp som gjer deg så stor at du kan køyre motstandarane flate. Det er ingenting her som finn opp hjulet på nytt, og eg saknar kanskje litt meir nytenking, men sluttresultatet er uansett god underhaldning.

Det blå skalet er her naturlegvis framleis. Det er like ufordrageleg irriterande som alltid, men det er vel prisen vi må betale for eit nytt Mario Kart-spel. Mario Kart-serien er òg blir ein serie der realisme blir kasta ut med badevatnet, og sjølv om førsteplassen svinn, er det ikkje umogleg å ta den tilbake.

Enkelt og smidig

Mario Kart World byr på alle modusane vi kjenner frå før. Hovudattraksjonen er sjølvsagt dei forskjellige kuppane der ein konkurrerer mot 23 andre deltakarar, enten aleine mot maskina, eller over nett mot andre spelarar. Modusar for sofaspeling med delt skjerm er naturlegvis på plass.

I Free Roam kan du køyre dit du vil.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ved sidan av dei typiske løpa, bye spelet ballongjakt der ein aleine eller på lag skal ta vare på sine ballongar medan ein skyt andre sine. Eventuelt kan du køyre rundt i ring på små baner og samle myntar medan ein tek frå motstandarane. «Knockout» er ein artig konkurranse der 24 deltakarar skal bli til ein ved at fire stykk blir kasta ut etter kvart sjekkpunkt. Det blir hard konkurranse i desse løpa, og med 24 spelarar blir det mykje moro.

Spesielt merkbart er dette når ein spelar over nett, for sjeldan har eg vore borti ei smidigare løysing. Alt du gjer er å velje fleirspelar, og så ventar du litt til nok spelarar er på plass. Deretter er du med så lenge du vil. Om nokon gir seg merkast det ikkje. Spelet går vidare, og mellom kvart løp kjem nye til.

Mario Kart Worl heiter World av ein grunn, og den grunnen er «Free Roam». Her får ein køyre fritt rundt på verdskartet, køyre oss ville om vi vil, eller berre utforske dei mange banene heilt aleine utan konkurranse. For min eigen del får eg lite ut av akkurat det, men mi seks år gamle dotter elskar det. Ho køyrer rundt og samlar myntar og nye kostyme medan ho er svært nøgd over å sleppe alle motstandarane.

Kostyme er ei stor ny greie i Mario Kart World, og er ein del av korleis Nintendo har endra korleis du vel rollefigur og køyrety. No vel du ikkje lenger bil, hjul og fallskjerm. Prosessen er i staden forenkla, og du vel berre førar og køyrety, og som alltid har storleiken og venkta på førar mykje å seie for kor rask og smidig bilen blir.

Spelet er ikkje ein grafisk revolusjon, men spranget merkast.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det er lett å legge lista høgt når ein får eit nytt Mario Kart-spel etter så mange år. Det har òg Nintendo gjort. Dei har bygd ei diger verd der den som vil kan køyre rundt berre for kosen si skuld, medan det verkelege fokuset er dei nye banene som byr på all den moro du berre kan tenke deg.

Banene er den store stjerna her, og dei byr på så mange forskjellige utfordringar i løpet av få runder at ein kan bli reint matt på første gjennomkøyring. Å velje riktig doning for å kome best ut i eit løp er ikkje alltid like lett, og det at vi no ikkje vel hjul og fallskjerm er både befriande, men kan òg gjere det litt urfordrande å finne det som passar deg best.

Mario Kart World er eit strålande tilskot til Mario Kart-familien, og byr på mykje moro. Det er eitt av få spel der heile familien kan vere med og ha det like moro, med tilrettelegging for dei svakaste spelarane, og mange krumspring for dei erfarne.

Om eg har eitt ankepunkt er det at vi per dags dato ikkje får køyre fort nok. Det tok med ikkje lang tid å få gull på alt i 150 cc, men den robuste fleirspelarmodusen over nett meir enn gjer opp for akkurat det.

9
/10
Mario Kart World
Spelet vi har venta på

Siste fra forsiden