Anmeldelse

Team Sonic Racing

Sjarmlaus kartracing

Dette både kunne og burde ha vore eit langt betre spel.

Team Sonic Racing

Når teamet som gav oss Sonic & All-Stars Racing Transformed er i rute med ein ny kart-racer, er det all grunn til å følgje med. Dette er ein gjeng som har laga racing som er nesten på nivå med verdsmeistrane hos Nintendo. Mario Kart er naturlegvis kongen på haugen, og gullet alle strekk seg etter og difor er det ikkje så dumt om konkurrentane prøvar å tenkje litt nytt.

Det har Sumo Digital tatt konsekvensen av ved å stadig finne på nye gimickar til spela sine. I Sonic & All-Stars Racing Transformed var det transformerande og dynamiske baner som kunne endre seg stort frå runde til runde der køyretya òg endra seg som var greia, i Team Sonic Racing er det som namnet hintar om eit solid fokus på lagspel.

Det er ein god tanke. Vi er vande med å spele mot kvarandre når vi køyrer digitale bilar, men sjeldan har vi fått samarbeide, sjølv om dei fleste av oss kan nyte litt godt samarbeid ein gong i blant. I Team Sonic Racing tek du din plass i eit lag på tre førarar, saman skal de prøve å kome øvst på pallen. Det er altså ikkje nok å berre kome først i mål, laget ditt skal helst kome først samla.

Fint og fargerikt er det.
Øystein Furevik/Gamer.no

I hovudsak er det to ting du kan gjere for å hjelpe laget ditt. Ligg du fremst i rekka kan lagkameratane køyre i ditt gule, opplyste spor for å få eit dytt i ryggen og kaste seg framover. Eventuelt kan du sende dei gjenstandar du ikkje har bruk for. Samarbeider de godt låser de opp den ultimate team teknikken som sender heile laget framover som eit olja lyn utan sårbare punkt.

Så langt så greitt,men ganske raskt innser ein at dette eigentleg er alt. Det er greitt å få hjelp frå den beste spelaren, men det er ikkje mykje du eigentleg kan gjere som den beste spelaren. Du kan prøve å køyre i ei mest mogleg rett linje slik at det blir lett for laget ditt å køyre i sporet ditt, og du kan sende dei det du får av gjenstander og våpen. Utover det er det fint lite du kan gjere, og det får heile mekanikken til å framstå som ein noko grunn sølepytt i eit spel som treng ein innsjø.

Sjarmlaus gjeng

Når konkurransen heiter Mario Kart 8 Deluxe har du mykje å leve opp til. Mario Kart er gullstandarden, og det er mange grunnar til dette. Den suverene presentasjonen der alt er tydeleg kommunisert og forklart kjem i første rekke, deretter ei praktfull samling baner som byr på enorme mengder moro igjen og igjen, i tillegg har vi ein gjeng med populære Nintendo-figurar som trekkplaster for dei som kanskje berre diggar Mario, Donkey Kong, eller Zelda, og ikkje har noko nært forhold til racing.

Team Sonic Racing går på ein smell her. I staden for å opne opp heile Sega-universet slik dei gjorde i Transformed, har dei planta heile spelet i Sonic si verd. Vi får eit sterkt redusert utval av figurar å spele som, og når sant skal seiast er det ikkje særleg spanande. Spesielt uinteressant er den heilt unødige historia som ligg klistra oppå, og som du heldigvis kan hoppe fullstendig over. Ved sidan av Sonic og Dr. Robotnik må det vere love å seie at dei fleste andre figurane i denne verda mest av alt ser ut som bleike kopiar og avartar av Sonic.

Slike ting er ikkje så viktige om ein har herleg køyrekjensle og artige våpen å leike seg med, men her òg kjem Team Sonic Racing til kort. Dei forskjellige våpna har ikon som er vanskelege å tyde, og ein må gjerne inn i hjelpemenyen for å bli klok på det. Våpna i seg sjølv kunne godt hatt meir futt i seg, og det kunne køyrekjensla òg. Team Sonic Racing kjennest skuffande stivt i henda, og det er sjelan drifting har vore like meiningslaust som det er i dette spelet.

Den verkelege stjerna

Det er ikkje vanskeleg å kome først i mål.
Øystein Furevik/Gamer.no

Team Sonic Racing er ikkje eit dårleg spel, langt derifrå. Men det er ikkje spesielt bra heller. Det er berre heilt greitt. Det fungerer, og det er kanskje det mest irriterande med heile spelet.

Det er mykje bra her, vi finn til dømes ei rekke forrykande baner som kan få det til å gå rundt for ein kvar. Dei fleste banene har nokre kule snarvegar og saftige svingar ein kan sladde gjennom for å få godkjensla i kroppen, og på sitt beste rivaliserer banene Mario Kart. På sitt verste er det ikkje berre heilt greit, men kaotisk og uoversiktleg. I ei handfull baner finn vi kanskje eit par som er skikkeleg bra, medan resten går frå OK til verre.

Eit større problem er vanskegrada. Ei godt balansert utfordring er alfa omega for slike spel. Blir det for lett forsvinn utfordringa, og det blir keisamt. Blir det for vanskeleg, blir det frustrerande, og ikkje morosamt då heller.

Team Sonic Racing er begge deler. Du har berre tilgang på to vanskegrader frå start. Ingen av dei er gode. Normal er pinleg lett og eg har enno til gode å kome i mål på noko anna enn ein suveren førsteplass. Hard er den rake motsetning og er så brutalt vanskeleg at ein kan lure på om nokon har plotta inn feil tal i maskineriet. Det burde ha vore eit mellomsteg her, noko som gav oss ei solid, men gjennomførbar utfordring. Igjen, sjå på Mario Kart 8 og kva Nintendo gjorde der. Mykje å velje i, noko for alle. Her får vi det verste. Dølt og keisamt, eller for vanskeleg.

Ein anna irritasjon er nokre fullstendig uinteressante utfordringar som dukkar opp gjennom historiemodusen. Her blir heile samarbeidsmekanikken sendt på dør, og du køyrer aleine for å klare å sladde forbi markørar, eller skyte ned fiendar. Desse utfordringane er greie ein eller to gongar, men for å klare utfordringa må du prestere på eit nivå som ikkje liknar grisen og du må prøve om igjen og om igjen. Slikt hoppar eg heller over

Drifting grensar til meiningslaust i Team Sonic Racing.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit sosialt spel

Team Sonic Racing bør spelast saman med andre for å få full utteljing. Då skin spelet og gjennom andre spelarar oppnår du den farten og den utfordringa spelet ikkje heilt klarar å tilby på eigahand. Det kan bli fantastisk moro når du finn rikeleg med folk å spele med, og lagmekanikken kjem til sitt aller beste når det er tenkjande folk som utnyttar den.

Det blir eit herleg kaos der laget ditt køyrer saman for å dytte vekk motstandarane og kome seg i teten. Skulle ein på laget bli slått ut, er det berre å hive seg inn i sporet til den på laget som ligg fremst, og skyte framover. Det gjev eit samhald og ein veg tilbake til til ein god posisjon som gjerne manglar i andre kartspel. Kven har vel ikkje vore langt framme berre for å bli slått tilbake igjen, hardt og brutalt. Team Sonic Racing gjev deg verktya for å kome deg like raskt fram den andre vegen.

Diverre har det vore frykteleg vanskeleg for meg å finne folk å spele med. Mange gongar har eg og ein anna spelar enda opp med å vere heilt aleine, og det er berre eit par gongar eg har fått spele med ein full lobby. Det er veldig dumt, for Team Sonic Racing er berre ein skugge av seg sjølv når du spelar aleine.

Konklusjon

Når det går fort, går det herleg fort.
Øystein Furevik/Gamer.no

Team Sonic Racing er eit solid kartspel, men det framstår som litt identitetslaust. Det har mykje positivt å by på, blant anna ei rekke artige banar, og ein ny lagmekanikk eg har lett for å sjå andre vil la seg inspirere av.

Men spelet manglar det store utropsteiknet som fortel omverda kvifor akkurat dette spelet skal spelast. Det har ei ganske traust og fantasilaus samling med figurar å spele som, og det har ein grell og meiningslaus historiemodus attåt. Verst er likevel den skuffande utfordringa. Enten er det for lett, eller så er det for vanskeleg. Det finnest ingen mellomveg her med mindre du finn mange å spele med på nett, noko som i alle fall for meg har vist seg å vere vanskeleg.

Team Sonic Racing finn seg sjølv med det i ein litt vanskeleg situasjon. Det har mykje bra å by på, men klarar sjeldan å levere fult ut. Det er god underhaldning ei stund, men når den sterkaste kjensla eg får av å spele det er at eg har lyst til å spele Mario Kart 8 Deluxe, er ikkje alt på stell.

6
/10
Team Sonic Racing
Team Sonic Racing er eit solid kartspel, men det framstår som litt identitetslaust.

Siste fra forsiden